fredag 20. februar 2009

EMPATI

Spaltist Andrine i Fylkesmagasinet hadde eit "alvorleg" godt innlegg her om dagen (kjenner eg må forklara "alvorleg"-omgrepet, som eg nyttar litt i hytt og pine: var på eit seminar for ei tid tilbake, og då var det ei trønderinne (ho-trønder..), som brukte dette ordet framføre det ho ville understreka ekstra, og det funka på meg. Så, då kopierer eg det ei stund, og ser om det har same verknaden for ei sognejinta sine yttringar). I alle fall: EMPATI, dette vetle ordet med så utruleg stor tyding for samhandling og samver mellom menneske, var tema i Andrine sine refleksjonar denne gongen. Dersom innhaldet i dette ordet var noko ein kunne tileigna seg på linje med matematikk og norsk, t.d., burde det snarast råd føretakast ei ny "reform" i skuleverket, der faget empati fekk topp prioritet.

Empati er evna til å setja seg inn i andre menneske sine tankar og kjensler. Å sjå saka frå deira perspektiv, og dermed forstå kvifor dei handlar som dei gjer. Å kjenna på kroppen korleis det må kjennast for dei. Mangel på empati er grunnlag for mykje ilt. Andrine gjev oss fleire døme på dette. Mange krigar botnar i mangel på denne grunnleggande eigenskapen; å sjå saka i eit anna perspektiv enn sitt eige! Kulturforskjelar er eit godt utgangspunkt for å trena opp empati-evna vår. Nye landsmenn som kjem til Noreg med sin bakgrunn og si forståing av verkelegheita. Ein høyrer ofte om konfliktar som botnar i "kulturforskjelar", og her er empati ein nøkkel til konfliktløysing. Ein anna situasjon med grunnlag i mangel på empati er mobbing. Hadde "mobbaren" hatt evna til å setja seg inn i mobbeofferet sin situasjon, hadde det nok vore mindre mobbing. Og for å snu på det: kanskje mobbaren, som framstår som tøff og uredd der og då, eigentleg er usikker på seg sjølv, redd for å missa vener, ha dårlege familieforhold, etc. Dette kan, om ikkje rettferdiggjera - i det heile tatt!, så iallefall forklara kvifor vedkomande oppfører seg som ei klyse! Lat oss slå eit slag for EMPATIEN, den kan vera nøkkelen til eit betre samfunn!

torsdag 19. februar 2009

I god (?) Hamsun ånd

Hamsun-året er igang, og dette vart markert i Tigerstaden i dag med m.a. gateteater og barnebarn som høgtideleg opna feiringa, og håpa at folk kan skilja mellom politikaren og forfattaren Hamsun (noko eg har vore innom før, og ikkje går inn att på no..). I god "Hamsun ånd" tek eg med nokre ord eg kom over her om dagen: "Lukkelege er tidene når fornufta og kjenslene går same vegen, dårlegare er dei når desse skil lag, og går kvar sin veg. Kva veg skal ein då ta?" Tja, det er nok viktig å følgja hjartet, og det var kveldens "visdomsord".

onsdag 18. februar 2009

Eg vil eg vil, men får me det til?

Eg vil så gjerne at folk skal vera vener, tolerera og respektera kvarandre, skryta av kvarandre sine bragder, støtta kvarandre gjennom skuggedalar, oppmuntra og gleda kvarandre. Eg vil at me skal bli fleire sjeler i bygda, at borna mine finn leikekameratar innan max. 5-10 min. gange. At eg har naboar å drikka kaffi hjå, og som drikk kaffi hjå meg. Eg vil at me skal gleda oss MED og ikkje AV. Eg vil nytta og nyta livet, og alt det har å by på. Eg vil ha GODE vener, også nær meg, som kan høyra på meg; om både vér og personlege ting, og som eg høyrer på. Eg vil, eg vil - og håpar me får det til!! Litt etter kvart.....

søndag 15. februar 2009

Fjordis og bålkos!


Har hatt ein flott dag på fjord-isen i dag. Fjorden kan ein tydelegvis kosa seg med både sommar og vinter. Skøyter, bålkos, kaffi, vener og familie og litt fisking. Om skøyteferdigheitene ikkje var på topp, så var humøret farleg nær, og dette er noko me definitivt skal gjera oftare (berre isen held...)!


tirsdag 10. februar 2009

Å vera glad for det ein har..

Her om dagen kom det meg for øyra at ein ulikskap mellom Noreg og nordmenn og folkeslaget i eit anna land i Europa m.a. er at me her i Noreg ikkje er glad for det me har. Me klagar og syt og er ikkje nøgde med liva våre. Dette er nok sett på spissen og generalisert, men det utløyste tankeverksemd for min del. For, me har det generelt sett "alvorleg godt" her i landet, men me er nok ikkje flinke nok til å sjå det. Klisjear som "mykje vil ha meir" og "graset er grønare på andre sida av gjerdet" støar opp om dette. Trur ikkje graset er så mykje grønare i Kongo, eller på Gaza t.d..... Kanskje dette er noko me kan kursa oss i? Å læra oss å sjå kva me har, og setja pris på det? Det vera seg vener, familie, hus og heim, arbeid, o.s.b. Ein e-post eg fekk inneheldt noko av dette, fritt etter hugset: "Eg er glad for straumrekninga, for då veit eg at eg har varme og lys i heimen min, eg set pris på den store kleshaugen i vaskekjellaren, for då veit eg me har nok av klede å ha på oss, eg likar rot i leiker og kaniner under sofaen, for då veit eg eg er omgitt av menneske eg er glad i, eg likar telefonrekningar som syner at eg har vener og kjende eg kan ringja", o.s.b. Ei slik positiv vending av noko som i utgangspunktet vert oppfatta som negativt kan gjera noko med mentaliteten, trur eg. Vel, det var no nokre tankar eg har gjort meg i kveldinga.

fredag 6. februar 2009

Harens år

På grunn av div. sjukehusopphald, venteliste på biblioteket, tilgjengelegheit m.m. har eg no lese "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson (istadenfor "Kollektivt sjølvmord av Arto P. som eg annonserte som neste bok ut her tidlegare). Dette var ei forundarleg bok, som eg sant å seia sleit litt med å finna målet og meninga med...Det høyrdes ikkje bra ut, men slik vart det no for min del. Kom gjerne med mot"argument". Eg er no igang med "Harens år" av Arto Paasilinna, og eg er framleis "djupt begeistra" for Arto'en. Han skildrar inngåande desse A3-personane (motsatt av A4), med sine utanomvanlege liv.

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko ; )

Dersom de har sett innom denne sida før, har de kanskje fått med dykk at underskrivne har uttrykt frustrasjon over å vera delvis avskore frå resten av verda (les: ikkje hatt tilgang til e-post og div. mapper heimefrå). No har denne frustrasjonen, urovekkjande kanskje?!, gått over til noko anna. For frå å vera delvis avskore frå "e-post verda", har eg siste veka vore HEILT skjerma frå å kunne senda eller motta mailar frå både her og der (kontoret). Frustrasjonen over dette har gått over til å bli, tja, ei lette (nynorsk for lettelse?)?! No har eg ei utruleg (!?) god unnskylding for ikkje å ha fulgt heilt med i verda (eller jobben..). Når folk spør meg om eg har sett den og den førespurnaden sendt på e-posten, så svarar eg, "nei, for eg har ikkje tilgang til e-posten min!". Og då er det sjølvsagt ei god nok forklaring på saken. Høyrde på "Grosvold" tidlegare i kveld at Lars Lillo Stenberg (De Lillos) ville innføra eit nytt verb til ordboka: å hugsegløyma. Eg trekk litt parallellar til den snikande avslappande kjensla til å ikkje kunne motta og senda e-post til forklaringa bak det "nye ordet", nemleg at i dag er det så mykje informasjon som skal mottas, tenkast på, planleggast, svarast og handlast på at ein nesten er nøydd å hugsa å "gløyma" noko av det, dersom ein skal kunne ha det greit med seg sjølv og andre. Hjerna vår må få ut noko informasjon og aktivitet for å få inn ny! Kapasiteten kan sikkert variera frå individ til individ, men. Ja, ja, medan eg ryddar i kapasiteten min (ved å innta avgrensa -ingen-informasjon frå e-posten), arbeider dei på spreng for å løysa "e-post mysteriet", så måndag bør nok hjerna vera rydda og klar til innsats. Då ligg det nok nokre e-postar og ventar på hjernekapasiteten igjen. (Når eg no les gjennom dette innlegget, kan eg sjå at det verkar som eg ikkje er heilt avslappa til faktumet: ingen e-post-tilgang, i og med at eg mel oppatt og oppatt om dette, men: EG ER NO FARETRUANDE AVSLAPPA TIL HEILE GREIA; BERRE SÅ DET ER SAGT EIN GONG TIL!!