mandag 1. februar 2010

Ein uheldig praksis....

I forvaltningsstyret i Sogndal kommune hadde dei i møte den 28.01 oppe ein søknad om konsesjon på ein landbrukseigedom i kommunen. I vuderinga som låg til grunn for vedtaket, står det å lesa:


"Vurdering:
Når definisjonen ovanfor vert lagt til grunn er det fulldyka og overflatedyrka arealet meir enn 25 da og eigedommen er såleis bu-pliktig.
Sogndal kommune har hatt ein restriktiv praksis i handsaming av søknader om varig fritak for buplikt. Det er i hovudsak eigedommar med svært vanskeleg kommunikasjonstilhøve som har fått slikt fritak for buplikt.
Det er her snakk om ein relativt liten eigedom, øvst i dalen med brukbare kommunikasjonar, men med svært avgrensa ressursgrunnlag. I dette høve vil konsekvensen av ikkje å gje konsesjon vera at søkjar får valget
mellom å flytte til eigedommen eller å selgje den til nokon som vil busetje seg på eigedommen. I begge høve må det byggjast eit nytt bustadhus. Ein problemstilling vil vera om det er forsvarleg med to bustadhus på ein
eigedom av denne storleik og ressursgrunnlag. Spørsmålet er då om buplikta i einskilde høve kan sjåast på som oppfylt når andre enn søkjar bur på eigedommen, eller bør søkjar få mellombels fritak så lengje andre
bur i huset på eigedommen. Då foreldra til søkjar har burett vil eigedommen halda fram med å vera busett. Samstundes styrkjer ein eit anna bruk i området ved at det vert inngått ein langsiktig leigeavtale på dyrka jorda. Avstanden mellom leigetakar sin eigedom og dette bruket er om lag 1 km, og vert vurdert til å vera ei driftsmessig god løysing. Vidare vert omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet
ivareteke. Rådmannen meiner at busetnad på bruket er hovudmålet, i dette høvet kan vilkåret oppfyllast av ander enn søkjar. Det tyder at søkjar bør få konsesjon på overtaking av eigedommen. Eit vilkår for konsesjon er då at eigedommen er busett dei neste 5 åra. Dersom dette vilkåret ikkje vert oppfylt kan konsesjon trekkast tilbake, jf. § 16 i Konsesjonslova."



Og eg som hadde forhåpningar til at ein med det nye regelverket som trådte i kraft frå juli i fjor hadde eit betre verkty i høve å sikra busetjing og sleppa til bulyst på landbrukseigedomar!(http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Regelverk/Rundskriv_M_2_2009_Konsesjon_boplikt.pdf - sjå under pkt. 8.2.4.)


Det er framleis mange vurderingar det er opp til den einskilde kommune å gjera i høve busetjingsomsynet. Eg veit berre det at eg seinast sist veke hadde tlf. frå eit ungt par som ønskte å busetja seg i området, og lurte på mulegheitene for å kjøpa/leiga seg eit småbruk. Dessverre, er ikkje det (men, me treng desperat folk, og har eit to-sifra ant. småbruk som står tomme her......). Kan koma på eit par saker der den ovanfornemnde praksisen kan slå uheldig ut. Det gjeld då berre å overdra eigedomen i god tid før dei som sel av naturlege, eller andre årsakar ikkje bur der lenger (5 år før..). Då sørgjer dei for oppretthalding av busetjingsomsynet, og ny eigar står fritt til å nytta eigedomen til fast bustad eller fritidseigedom.


Her må kommunane vakna! Om ein meiner noko med å få folk hit, så må noko gjerast med reglar og praksis på dette området. Eg veit det kan verka sytete, men det er ikkje berre meint som syt. Vona er at dette vert tatt på alvor, og kan skapa litt debatt i politiske kretsar!