søndag 12. desember 2010

Det ekte!

Det ekte, det ein kjenner djupt inn i sjela og hjarterøtene - "the real thing" - kva er no det? Jau, det min ven, det er det som verkeleg betyr noko her i livet! I desse juletider kan det vera ei utfordring å gjenkjenna det ekte innimellom alle juleførebuingane. Innimellom all julehandelen og vaskinga (alt for lite plaga med det, forresten, her-i-garden...). Kva er det som betyr noko? Eg har dei siste åra vorte "plaga" med motstridande kjensler i jula. Kva skal til for å få opp forventningane, gleda over å gleda seg, spenninga, gleda ved å gi, o.s.b. hjå dagens oppveksande generasjon. Dei har både nok og meir enn nok av leiker og utstyr. Dei får ting til dei fleste av årets tider, bursdag, jul, måndag, onsdag... Me har ei stor opgåve med å vidareformidla "det ekte" til våre born i desse tider, føler eg på av og til. Kanskje tek eg feil! Kanskje det rett og slett er tidene som forandrar seg, og me som forandrar oss med, og at minna frå farne tider ikkje nødvendigvis syner at "alt var så mykje betre før"? Noko var vel betre og noko verre, men, akkurat dette med verdsetjing av det ekte, dei ekte kjenslene, det som betyr noko, det er det eg stussar på. Det som betyr noko varierer frå person til person - klar over det. Men, eg hugsar så godt den skrikedokka eg ønskte meg som lita, og som eg venta i månadsvis på og ønska så veldig at nokon skulle gi meg i julegåve - forventningane... Og, eg hugsar gleda ved å gi. No for tida tek eg meg i å tenkja: kva i alle dagar skal eg gi til han og ho - kva kan gleda dei spesielt-fins det noko dei ikkje har frå før - det eg fekk frå dei i fjor kosta så og så mykje....då kan ikkje eg vera verre.... Dette er ikkje bra, og no innser eg at (gud hjelpe meg) kanskje det er EG som har eit problem, og ikkje resten av verda! Det kan ikkje vera slik det skal vera! Nei! I kveld kom me heim frå eit triveleg kaffibesøk inni fjorden, og då me steig ut av bilen ropa ei lita tantejente: kom opp, det er fest i hagen! Opp for me, og der var det tent bål, pølser låg klare til grilling, potetstappe og godt kledde ungar og vaksne. Pølsefest og sprakande bål - ein søndagskveld i desember. Så enkelt - og så bra. Det var rett og slett EKTE! God jul!