fredag 16. september 2011

Refleksjonar etter kommunevalet i Luster

Då var valet over, og resultatet klart. Ny ordførar vert Ivar Kvalen frå SP og Hafslo. Med fare for å verka snurt over å ikkje ha kome i kommunestyret, til tross for eit utg.pkt. som nr. 6 på lista til Ap, prøver eg meg likevel på ei oppsummering av valet. Eg er skuffa, og kva de enn må tru, ikkje over å ikkje koma med i "det gode selskapet". Eg er skuffa over at valet vart ein kamp mellom Gaupne og Hafslo, til tross for at ein kanskje kunne forventa det - historia tatt i augesyn. Listene ga oss inntrykk av ei relativt fin fordeling mellom kjønn og bustadadresse - by og land, kvinne og mann hand i hand. Men, dette synte seg å vera eit spel for galleriet, eller veljarane. For, etter at røystene var opptalde syner det seg at "utkantsrepresentantane" (ja då, eg òg) vart skvisa ut og sentrumsrepresentantane "skvisa" inn. Hafslo samla seg kring Ivar og Sp, og Frp, for å stå sterkt mot "Gåpningane" som samla seg kring Ap og H. Bygdebyane Hafslo og Gaupne vel inn "sine eigne", og utkantane vert gløymde i kampen. Det er dette ein kallar demokrati, talet på røyster er det einaste som tel. Ikkje for det, det kan godt vera dyktige "sentrumspolitikarar", men eg meiner det er sunt med ei blanding - rett og slett (og som eg har vore inne på før) ein veit best kor skoen trykkjer som har den på. Eg veit ikkje til fulle kva det vil seia å vera innbyggjar i Gaupne eller på Hafslo, kva som er viktigast for innbyggjarane der - og dermed dreg eg konklusjonen: dei som bur i Gaupne veit ikkje kva det vil seia av utfordringar å bu på Veitastrond. Noko kan ein tenkja seg til, men det beste er om nokon som verkeleg veit kan ytra dette der beslutningane vert tatt! Eg er skuffa fordi eg verkeleg hadde inntrykk av at Luster (og Ap som eg stod på lista for) verkeleg ville gå inn for å vera eit samlande parti no -at det var andre takter og tider i Luster. Rausheit, samhald, heilskap o.s.b. Drit og dra. Men, det er ikkje Torunn og partiet sin feil, det er Lustringane. Det er synd at bustadadressa skal vera så avgjerande for om ein får vera med å leika eller ikkje. Vel, vel slik vart det no ein gong denne gong. Ved å fjerna strykinga på listene kom det seg litt, men så lenge det er muleg å kryssa og "slengja" veit ein i realiteten ikkje heilt kva ein stemmer på. Men, det heiter visst demokrati....Det vil sikkert ta nokre tiår før Luster kan framstå som ein heilskapleg kommune med godt samhald, brei representasjon og rausheit. At alle kan bli inkludert, og alle delar av denne vidstrakte kommunen verdsett for sine kvalitetar og representantar. Inntil vidare får me kanskje berre innfinna oss med at dette er eit stykkje fram, og at me må finna andre vegar for å få til det me vil - og det gjer me nok! Makta ligg ikkje eine og aleine hjå "dei folkevalde" politikarane- heldigvis! Ha ei strålande helg!