mandag 31. desember 2012

Late romjulsdagar

No er det allereie blitt nyttårsafta! Utruleg kor dagane spring avgarde sjølv om ein ikkje nødvendigvis gjer så mykje... Influensa vil ikkje heilt sleppa taket på oss, og både far i huset og storesøster er prega enda. Det går litt i bølgjedalar - bra ein dag, dårleg neste. Me får tru det gir slepp snart! Romjulsdagane har som sagt vore rolege, utan dei store sprella. Har ikkje den heilt store energien til selskaplegheiter ho mor i huset heller for tida - stor og tung som ho er ; ). Så dagane har gått med til å reisa litt rundt til søstre og foreldre på div. måltid, samt strikking, lesing, stulling og stelling. Me får heller satsa på meir oppdisking her i huset når junior har meldt sin ankomst, tenkjer eg. Ikkje mange dagane att til det no, satsar me på. Julesnøen kom i år, skikkeleg òg. Men, uti romjula vart det mildare vêr, og no smeltar den sakte men sikkert vekk. I kveld er det altså nyttårsafta, og den skal markerast med stjerneskot og rakettar, og godt å eta og drikka! Ønskjer alle der ute eitt godt nytt 2013!

torsdag 27. desember 2012

Stemningsrapport frå julafta

På julafta var me hjå søster Grete og familien, og der kosa me oss med god mat og pakkeopning!

På bordet var noko for ein kvar smak: julepølser, ribbe og pinnekjøt, med godt tilbehøyr!
 
Så var det klart for pakkeopning.
Fornøgd jente, med mykje fint på gåve"bordet"
Babydokke Gabriella fekk sognebunad (!) hjå mormor
......og same Gabriella fekk seg visst òg ein sparegris...- noko for alle, denne kvelden altså!

Samling under trappa!





 

mandag 24. desember 2012

JULEKVELDEN!

No er dagen og kvelden komen, som små og store har venta på! Men, først må eg skryta litt av meg sjølv; på sjølvaste vetlejulafta kom eg nemleg på at eg skulle prøva meg på surdeigs-brød (!) att, etter "gamalt". Har fått ein liten klomp surdeig av ei kjekke jente, så eg måtte testa den ut, sjølvsagt. Og det gikk så bra! Med tida til hjelp heva dei seg flott, og i omnen esa dei opp ytterlegare - og smaka også bra! Heilt utan gjær! Er litt kry no, for dette har eg ikkje fått til skikkeleg før, nei. Så no steller  og stullar ("forar") eg den resterande surdeigsklumpen med mjøl og vatn innimellom for å halda den i live ei stund! Ja, ja, artig for "onga'n".

I dag vakna jentene til julestrømper med julegodter og løyve til å opna ei gåve før kvelden. Nissen har ein stri tørn etterkvart, med å halda seg oppe/vaken til jentene har kome seg i seng, for å kunne fylla strømper ; ) Men,det gikk fint i år og, gitt! Såg eit bra "gullkorn" i eit julebrev her om dagen, apropos:

"Snille julenisse. Eg tykkjer du kan senda meg ein alv eller to for å hjelpa meg med julevasken i år. Dette må vera det minste å be om, ettersom eg har hjelpt deg med utallige kalendarar, gåver og brev opp gjennom åra" - hilsen sliten husmor

No har jentene og mannen i huset tatt turen over fjorden for å besøka bestemor, som ikkje er i form i helga, og derfor ville halda seg i ro. Dei skal òg innom kyrkjegarden og tenna faklar.. Så ventar julemiddag og gåve sermoni nede hjå søster og familien! Ønskjer alle ei GOD AFTA!


Go'jentene mine!


fredag 21. desember 2012

Danseforestilling, julefest og juleferie!

No er det blitt fredagkveld og mørket senkar seg ute etter nok ei innhaldsrik veke. Det byrja med danseforestilling  på Hafslo måndagskvelden. Veldig ivrige, spente dansejenter som var superflinke! All honnør til danseinstruktørane (10 klassingar!) som har trena med dei heile hausten. Fullt hus var det òg på samfunnshuset denne kvelden, med danseelevar og publikum frå heile den vide komunen vår. I går var det julefest på Solvorn skule. Flinke elevar song julesongar til oss før det var servering og gang rundt juletreet. Og, jammen kom det ein gjeng med smånissar og : ). Eigentleg stod Hakkebakkeskogen på programmet òg, men pga stort sjukdomsforfall siste vekene, måtte dei utsetja dette til  ein eigen "Egner-kveld" utpå nyåret. Og, nesten det beste av alt denne kvelden: då me kom heim i 9-tida, hadde eldste jenta, som var heime p.g.a. at ho ikkje var i form, rydda, tatt fram julepynt og pynta, fått juletreet inn ogpå fot (!!!) og pynta det. Så me kom heim til nesten juleklart hus, og vart så kjempeglad! Gode, snille jenta vår!

Torsdag var òg min siste dag på arbeid. Veldig godt med juleferie no, kjenner eg, men òg litt rart at det er eitt knapt år til neste arbeidsdag på landbrukskontoret.... Vert nok nokre besøksturar innom for å sjå til at alt går bra i tida framover òg ; ). Elles er det sjukdom her i heimen òg. No er far sjølv blitt sylta forkjøla, og minstejenta var òg heime frå skulen på siste skuledagen før jul.. Får tru me er på føtene att i løpet av KORT tid (LES: til julafta). Eg har (bank i bordet) halde meg bra enn så lenge!



søndag 16. desember 2012

Juleverkstad og peparkakehus!

I dag har det vore juleførebuingar frå ende til an. Det starta med montering av peparkakehuset, som var sjølvkonstruert av husets tre damer! Delane var steikt og pynta av heile familien i går. At me ikkje kan kalla oss bygningsingeniørar vart tydeleg då mor og far skulle lima herlegheita saman... Det er ikkje noko "enkelt" hus med fire veggar og tak - må vita - neidå, her er opp til fleire (2) piper, ark og ja fire veggar og tak... Eldste jenta var litt oppgitt undervegs og uttala: "eg trur me dekkjer heile driten med bommull eg..", men med litt list og lempe og, ja bommull, vart det jammen ikkje så verst lell - om eg skal seia det sjølv!

Etter dette var jentene på juleverkstad i Kroken på Fjordatunet, medan far fekk opp fuglebandet på stabbursveggen. Det kom masse folk etterkvart, både små og store. Mykje flott julepynt og julegåver vart laga, og i bakeavdelinga vart det trilla og steikt bollar - som alle fekk smaka etterpå! Store hjelpte små, så alle fekk til det dei ville etter kvart. No er det kveld, og Farmen finale! Tre adventslys brenn på stovebordet, og i morgon startar ei ny førjulsveke, med danseavslutning, julefest og julehandel-innspurt! Siste veka mi på arbeid er det òg, før permisjonen startar. Det skal i grunn bli godt no, kjenner eg. Å ta det litt meir med ro dei siste vekene før det brakar laus ; ) God søndag!

fredag 14. desember 2012

14.desember og sola skin!

I dag er det fredag, og fridag! Heilt greit i grunn, etter ei travel førjulsveke. Tysdag var eg og yngstejenta på julehandel, og onsdag var det bakedag etter jobb, med 7 andre jenter inne på Fjordatunet. Triveleg, og effektivt: kom heim med passelege mengder av 8 sortar julekaker! Det vart både serinakaker, sandkaker, risbollar, sjokolade-cockies, krabbelure, brune pinnar, bestefars rugjulekaker og berlinerkransar! Og alle smaka godt, det måtte me sikra oss medan me var der inne, sjølvsagt...

Torsdag var det danseøving på begge jentene. På måndag er det danseforestilling, så no er det siste finpussen på "dansetrinna" dei får på plass. Og, i dag altså: FREDAG, sol ute og helg. Eg kosar meg med kaffikopp og innpakking av gåver. Utafor glaset er det massevis av småfuglar som leitar etter mat, så automatane må fyllast jamnt og trutt. God førjulshelg!


Bakstedamer i Kroken
Det er kaldt ute for tida og ull-labbane får "køyrt seg".
Då er det ingen veg utanom stoppenåla og tråden!











søndag 9. desember 2012

Andre søndag i advent...

Ja, no skal eg sei dagane har fått føter å gå på! Vips var det andre søndag i advent, og jammen kom snøen og i natt! Eit kvitt fint teppe hadde lagt seg utpå tunet, og gjorde stemninga heilt perfekt i høve tida me er inne i no! I går kveld var det  julemiddag på Sørheim. Heile fammen stasa seg opp (nokre meir enn andre, les: dei yngste meir enn dei eldste...- sjølv om eldstejenta gjorde eit iherdig forsøk på å stæsja opp mor si, med frisering og motetips ; ) Det var stapp fullt hus, og nydeleg mat! Har vore inne på det tidlegare her, men kan godt seia det igjen: det er veldig kjekt, men dessverre ikkje lenger så vanleg som tidlegare, med desse tilstellningane som femnar om alle i alle aldrar! Frå baby til oldefar! Og, som inneheld noko for ein kvar smak: julemiddag, juletregange, underhaldning, nisse og dans til levande musikk utpå kvelden. Lenge leve generasjonsjulefesten! Først på dagen i går fekk me forresten laga litt bringebærsjokolade og adventskaffibollar òg. Årets første snev av julebakst, hurra! Under eit bevis på at ting er på gang ein gang utpå nyåret! God kveld!

onsdag 5. desember 2012

Brrrrr...

Kaldt ja! 10 stive minus ute siste dagane gjer at veden har fått føter å gå på! Godt og heitt inne, med stearinlys på bordet og adventsbelysning her og der - så kan det i grunn berre vera litt kaldt der ute. Fekk triveleg kveldsbesøk her i stad, god unnskyldning til å ta fram restane etter laurdagsgodtet til kaffien ; ) Lyt lada opp til juleavslutningar og danseforestillingar og julemiddagar og juleverkstadar,  og andre ting som skal skje i dagane fram mot jul! Det er kjekt alt ihop, men litt hektisk sidan alt skal skje i løpet av ei kort førjulstid. Jau, jau, det er no slik det skal vera, og nedteljinga til laaaaang "ferie" er no igang. Nærmar seg med stormskritt den òg ; )

søndag 2. desember 2012

Så tenner vi eitt lys i kveld, vi tenner det for glede....

Det står og skinner for seg selv, og oss som er til stede. Så tenner vi eitt lys i kveld, vi tenner det for glede.

Første søndag i advent vart ein nydeleg dag, med blå himmel og sol, og dermed kaldt ute! I går kveld hadde me høgtideleg tenning av eit flygande juletre uti tunet. Høgt hang det, og flott var det! Kva me gjer neste flaggdag, får me ta når den tid kjem..., men det er ein plan på det òg ; ) I går feira me pappa/best'n sin bursdag med ein god ribbemiddag, og i dag vart me invitert på middag der - heilt topp opplegg! Og det beste av alt: i dag hadde ho mor laga tilslørte bondepiker til dessert, betre blir det ikkje! Mot kveldinga i kveld vert det julegrantenning i Solvorn på nokre av oss, med nissar og diverse "tilbehør"!

I går kveld vart Dorthe gensaren ferdig òg. Storejenta var heldigvis godt nøgd med den. Under ser de to juleverkstadjenter i aksjon, og det flygande juletreet!