søndag 16. februar 2014

Ein vårleg vinter

Det er absolutt ikkje mykje som minnar om at me har hatt januar og er i midten av februar denne vinteren. I romjula, då me gjekk tur rundt neset var det knoppar på bringebærbuskene og gåsungar på selja..... Får tru det går bra med det meste som skal "livna i lundar" når det vert vår på skikkeleg! Her i gården har me feira eitt åring, pussa opp gang og kosa oss utan for heftig program. Glad for det halve ekstra året eg har bevilga meg heime, før det brakar laus att med den verkelege kvardagen ;-) Svein har hatt sine permisjonsveker og er delvis klar for den "gamle" arbeidssjefen att, trur eg. Ikkje sikker på kven av formennene som er strengast, den heime eller den på jobben. Me har no fått ruska litt opp i heimen og samstundes vore saman med veslemor, så det har vore godt det! No får me greia oss aleine att om dagane eg og Thea Marie.
Prinsesse Thea Marie 1 år!!

Dette vart feira i to omgangar, ein før og ein etter at omgangssjuka meldte sin ankomst....


Kjekt med søskenbarn som er med å feirar stor dag.

Og storesøster som hadde venninnebesøk :-)

Eg og Thea dokumenterer av og til spaserturane våre. Her på veg rundt Ornes, Solvorn i bakgrunnen.

Stor, lita fin og blid jente! Ikkje heilt stø på to enda, men desto kjappare på alle fire! 

Ei helg var me to dagar på rad i trekket. Veldig behageleg å vera pakka inn i skinn og bli dradd rundt på Heggmyrane - sov godt begge dagane i akebrettet

Medan storesøster susa nedover med venninner!

Ein dag var og søskenbarna i trekket. Piknik er halve moroa ;-)

Posten les me ute i sola, når det er muleg !

I tunet dukkar det somme stunder opp både aper og tigrar :-O

Her ser ein litt av mangfaldet av fargar som var i gangen vår før me måla: rosa, to grønfargar og raud. På biletet er fyllingsdørane måla i fargen dei no skal ha : ein slags beige, med blå-grøne råmer.



Eta vil eg helst gjera sjølv no, ja! Stooorjenta!



Rundtom kyrkja har det vore og er hektisk graveaktivitet i vinter. Det er sprinkelanlegg som skal på plass, og nye røyrsystem, og eg veit ikkje kva.

Me har fått ein ny verdsborgar på Ornes, som me var og besøkte hin dagen. Veldig kjekt med vesle Johanna, som berre er eitt år yngre enn Thea Marie. 

Fargeangfald i gongen igjen....

Ha ein fortsatt fin vinter (vår?!)!