Viser innlegg med etiketten Familieliv. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Familieliv. Vis alle innlegg
fredag 15. mai 2009
Eg har blitt tante att!.....
Til ei nydeleg, kjempesøt jente, som snytt ut av nasen på tante Marianne ; )Alt vel med mor, far, storesøster og den vesle. Eg må erkjenna at eg kjenner litt ekstra etter ved slike høve..., om det rykkjer litt i eggstokkane. Og sant å seia så er eg ikkje sikker. Slett ikkje sikker på om eg er ferdig med dette "skapande livets under". Den biologiske klokka er noko "drit", ja, for den tikkar som besett, visstnok, og kanskje det er den som ringjer ekstra hardt når det skjer slike gledelege eventar i så nær familie? For denne klokka er det ikkje hjelp i å trekkja opp att når ho stoggar, nei, såpass er sikkert! Men, no har eg og mannen to flotte, flinke og greie jenter, og bør nok vera godt nøgde med det - og det er me! Men, likevel: er eg heilt ferdig med "produksjonen"? Tja, no er det slik at ein må vera to om noko slikt, og eg har eit sterkt inntrykk av at mannen i familien er "fint ferdig" med småbarnsperioden, og då regulerer dette seg sikkert sjølv. Eg er og ganske viss på at dette kanskje vekkjer nokon(!) av lesarane, som meiner eg bør ta saka om å auka innbyggjartalet på sørsida "i eigne hender", til å leggja inn ein ekstra innsats i å påverka meg, etter å ha lese dette......Men, då kan eg beroliga dykk: dette er upåverkeleg for "ytre krefter". Dette må eg finna ut av sjølv - og i samråd med ein frå det andre kjønn - slik er det berre ; ).
tirsdag 21. april 2009
Me "putlar no på"....
Ein dag i mitt kvardagsliv (for den som måtte ha interesse av å lesa om det, forrutan meg sjølv..). Måndag morgon (for å ta kvardagen med stor K, den som kjem rett etter helga), klokka ringjer 06:30, eg står opp, går ned smører matpakke, gnir jon-blundar og gamal maskara (om eg ikkje var vaken nok til å ta den kvelden før) rundt om i ansiktet med vatn, dekkjer frukostbord, dobbeltsjekkar vekeplanar for skule og barnehage (så me ikkje går glipp av ein badebag, eller kantinepengar.. - og går opp på loftet for å vekkja dei håpefulle som enda søv søtt under dynene. Ber yngstejenta ned på badet, der ho legg seg på golvteppet med morgonkåpa over seg i nokre minuttar (me har alle vårt morgonrituale..). Ropar ned eldstejenta. Begge kler seg, mannen syner seg i baderomsdøra og helsar god morgon. Alle et frukost. 07:30 er heile horven kome inn i bilen og klar til avgang. Ferja over til barnehage og skule, og etter avlevering der går turen til Lustrahovudstaden og arbeidsdag for meg og mannen. På kontoret står ein altfor sjeldan vaska kopp klar til dagens første, og viktigaste kaffiinntak. Klar-ferdig-jobb! Gjødselplanar, BU-søknadar, Inn på Tunet saker, jordlov saker og bygdeutviklingssaker. Det siste er hjartesaka (som sikkert nokre har hatt mistanke om ; ). Arbeidsagen går mot hell, og nokre av postane på "post-it" hugse-å-gjere-i-dag sakene er utstreka med markør, men det står ALLTID nokre att.... Det er mykje ein vil, og litt ein får til... av og til meir, heldigvis. Avgarde til barnehagen for å henta yngsta (eldstejenta er heimfaren tidlegare, og godt ivareteke hjå mormor og bestn). Handlar dei naudsynte tinga som er nedskrive på handleliste + 20 ting til (dersom eg handlar..., dersom sambuaren handlar vert det ofte med dei naudsynte..). Heim med ferja, middagslaging og eting. Leik, rydding (som sjeldan syner att til neste dag...), lekser og så: ungane legg seg, og eg og mannen glåmar på Tv-boksen, eller har "djupe", eller fjasete samtalar om livet, utfordringar, og div. Leggetid. Godnatt! Vel det var ein vanleg kvardag, og dei er det som kjent flest av! Innimellom vert dei krydra med store og små, planlagte eller uplanlagte hendingar, og dette er livet. "Alle dei dagane som kom og gikk. Ikkje visste eg at dei var sjølve LIVET". Men, me veit det...eigentleg, må berre sei det til meg sjølv av og til!
søndag 12. april 2009
Påska
Påskeferien i år har omfatta mykje og mangt, og samstundes vore avslappande nok, og det er der kunsten ligg! Me har halde oss i heimen i påska. Å reisa på ferie var ikkje så aktuelt i alle høve, for alle kjem jo på ferie hit! Familie og vener flokkar seg og då er det jo like godt å halda stand der me er. Veret har ikkje vore av det beste denne påska, kan me vel hevda, men ein tur i slalombakken har det no vorte, og grilling i stranda! For meg er det nesten like mykje påske å trekkja mot fjorden som mot fjellet, nesten.. Barndomspåska var einstydande med fjellet, og Turtagrø. Trur nesten det er første påska eg ikkje har vore der på så lenge eg kan hugsa...Men, kjekt har me no hatt det. Begge tanteungane har vore på besøk i området, og tante "heilt-borte" presterte å ta med den eine (som har pollenallergi) i høyet, og den andre (med nøtteallergi) fekk to store skiver med nugatti her ein morgon. Det gjekk godt med dei begge, det skal seiast, men eg bør kanskje prøva å skjerpa meg litt der.. Siste dagen i påska har alle påskeferierande reist til seg og sitt, bygda er igjen roleg - for roleg - men snart er sommaren her! Då strøymer nok folket på igjen til hus og hytter i grenda og livar opp! Me bur jo på ein så strålande fin stad...berre synd dei ikkje vil bli her og nyta dette landlivet på heilårsbasis! Men, me arbeider litt i skjul, og påverkar der me kan. "By-borna" tek me med rundt om i fjøs og hus, og lærer dei å setja pris på tilveret her! Med mange nok, og gode nok minne, så kanskje dei kjem att til oss! Det hadde vore fint det.....
tirsdag 3. mars 2009
Jenter og små kvinner
Kor går skiljet i dag? Frå å vera lita jente til å bli lita kvinne. "Mamma, kan eg låna maskaraen og den farga lipglossen din når eg skal på elevkveld i morgon?" Det er eldstejenta som spør, og eg tenkjer febrilsk attende til farne år: når byrja eg å sminka meg som ei lita dame. Eldste jenta går i fjerde klasse, og "alle dei andre" får sjølvsagt gå med sminke. Eg var då eldre enn det!? Ungdomsskulen, trur eg, var eit skilje for min del. Då slutta gutane å ha gute-lus, og vart meir interessante å pynta seg for. Eg ser på ettermiddags-programma på TV'en: Hanna Montana, reklame for High school musical, Bratz the movie. Stappfullt av jenter/små kvinner med "make-up", korte skjørt, motar og fashion. Ikkje så rart kanskje at overgangen mellom å vera barn og lita kvinne vert pressa fram i stadig yngre alder. Men om dei visste det me vaksne veit om kor "sutaslaus" barndomen er i høve det vaksne livet, så hadde det kanskje ikkje hasta så veldig å bli så store så fort?! Jau, jau ein lyt vel berre følgja straumen og handla inn maskaraen like godt først som sist. Håpar berre ho kryp opp i fanget mitt for ei kosestund ein gong i blandt i mange, mange år framover enda!
søndag 15. februar 2009
Fjordis og bålkos!

Har hatt ein flott dag på fjord-isen i dag. Fjorden kan ein tydelegvis kosa seg med både sommar og vinter. Skøyter, bålkos, kaffi, vener og familie og litt fisking. Om skøyteferdigheitene ikkje var på topp, så var humøret farleg nær, og dette er noko me definitivt skal gjera oftare (berre isen held...)!
fredag 30. januar 2009
"Sippeguri"
Eg er ei "sippeguri", heilt klart og utan tvil. Dersom du slår dette opp i ordboka tvilar eg på at du finn noko god forklaring på ordet, men det skal du få hjå meg. Eg sippar og vert blaut i augo for det mest utenkelege og utrulege du kan tenkja deg. Ta t.d. "Jul i Svingen", eit uskuldig barnetv-program, som gikk kvar dag før jul her for eit par år sida. Sluttmelodien i den serien var nok til å "slå meg ut", tårene rann og eg prøvde beskjemma og i sjul for borna å snufsa frå meg utan for mykje lyd og saltvatn... Det var berre slik ein rørande melodi! No sist: "Mamma mia" med alle desse sentimentale ABBA låtane. Der kom det ein song som omhandla dette med borna som vert alt for fort vaksne, kvar vart tida av..., det var så mykje me skulle gjera saman..., o.s.b. - sipping og tårer i strie straumar. "Kva grin du for no då mamma?" Nei, jau... det er så rørande tekst. "Kva betyr rørande, mamma?" Nei, jau... det er litt trist, liksom. "Å, ja, du grin no for alt muleg rart du, mamma!" Og det gjer eg verkeleg. Ei kanskje nærliggjande forklaring på auka hormoninnhald i kroppen er jo: graviditet, men det er det altså ikkje i mitt tilfelle. Den einaste forklaringa i den retningen må vera at det "heng att" eit hormon eller to frå forrige svangerskap, som skapar seg galne i delvis upassande situasjonar. Det er vel forsåvidt verre ting å henga seg opp i her i verda, som matkrise, finanskrise og influensa..?, men, det var no berre det eg ville seia; at er det nokon som førler seg litt i mangel på hormon, litt kjenslekalde og elles utafor, så har eg hormoner til sals her!
tirsdag 6. januar 2009
Feriedagen
Kvelden før siste feriedagen, og planen er klar: Sova lenge (iallefall til 09:00!), jentene står opp sjølve - har overnattingsbesøk- og vil leika i fred og fordragelegheit store delar av morgondagen. Eg står opp - utkvilt, lagar frukost til oss, og har deretter ingen, INGEN planar, ingen "forpliktingar", ingen som forventar noko spesielt av meg, ingenting..Huset ser noko bomba ut, men det skal eg greia å oversjå. Mannen skal på utearbeid, og er allereie på veg ut døra når eg kjem ned. Total sjølvdyrking er det einaste eg har tenkt å føreta meg.
Morgonen etter; eg står opp, klokka er litt over ! 09:00, jentene har sett barneTV og leikar fullstendig utan intriger på badet. Mannen har allereie ete frukost, og er på veg ut. Frukosten er servert, og alt går etter planen. Men faen: det er tomt for brød! Ok, først ta ut av oppvaskmaskina-og setja inn att i, for å få plass til å laga deigen, lagar deigen og set den til heving.
No set eg meg i sofaen, tek opp boka mi og les eitt par-tre sider, så kjem SOLA! Ut på tur for å sanka c-vitamin. Jentene vil òg ut - finn luer tre vottar, etterkvart fire vottar, sko til alle, og iveg! Mine planar er å gå ein veg, medan dei skal få kosa seg i akebakken, men: dei vil gå "min" veg. Me akar saman nedover så lagt bakken går, men etter nedoverbakke kjem ofte oppoverbakke, eller i beste fall flat mark, og det tykkjer ikkje alle er like greitt. Minstejenta må overtalast, og delvis halast tilbake til heimen, og me returnerer trøytte, ein smule sure, men med forhåpentlegvis nokre fleire C-vitaminer innafor alle kleda.
Vel inne har sola gått ned, jentene er svoltne, og deigen ferdig heva. Lagar lønsj, knar og formar 5 langbrød og får dei i omnen. Så, tilbake til planen og sofaen! 10 min. seinare kjem mannen att frå utearbeid, og det er dags for å laga middag. Middagen vert laga og oppeten, og klokka rundar barneTV-tid. No får eg lese nærare 20 sider i boka mi, konverserer med mannen om dagens hendingar, steller og legg borna, og får 10-20 sider til i boka mi før augeloka gir signal om at dei vil til sengs.
I ettertid spør eg meg sjølv om kva som gikk gale. Kor vart det av feridagen med total sjølvdyrking og avslapping?? Ja, ja, det kjem vel fleire feriedagar med nye planar og mulegheiter!
mandag 5. januar 2009

Godt nytt år godtfolk! Me har såvidt entra 2009, med alle dei mulegheiter, hendingar, sorger og gleder dette året vil bringa. Det er tid for å leggja gamle uvanar bak seg og erstatta dei med nye ; ). Eg feira nyttårsafta på stølen Hovden (litt under 800moh), saman med sambu og minstejenta, og etter kvart utpå kvelden svoger Dag. Triveleg kveld i primitive, men du så flotte omgjevnader. Stjerneklårt, gnitrande snø og nokre grader minus. Fyr i omnen, UNO, rakettar og god mat. Då kan ein òg sjå vekk frå til tider "litt missnøye" frå den minste av oss, over trasking i litt vel høg snø.... Eldste jenta feira nyttår med besteforeldre, tante og onklar heime på Ornes, og hadde tilsynelatande hatt det fortreffeleg der, og sakna mor si altfor lite....
Iallefall, klar til nye utfordringar og spennande dagar i det nye året!
Iallefall, klar til nye utfordringar og spennande dagar i det nye året!
Den blå tidsklemma
Me var på veg ut døra, eg og mine to søte små på 9 og 5, for å rekkja jobb, skule og barnehage, då tidsklemma, som til no har vore eit mykje omtala begrep i ulike mediar vart til ein konkret liten ting. Mor og barn hadde komme seg opp frå senga, kledd seg, ete frukost og var no kome til gongen og i gang med ytterkleda. Me var ”i rute”, og skulle no berre ut døra ”fortast muleg” (som forresten og har fått ny meining etter at småtrolla kom…..). Sara, kvar er klemma i luggen din? ”Veitsj eg”. Luggen til Sara, yngstejenta, har vore eit tema i familien ei stund no; klipp eller aling. Formaninga frå mor er: dersom du ikkje klypper luggen skal den til alle tider fjernast frå ansiktet med eksempelvis klemmer. Det er avtalen når det gjeld luggen til veslegull, som no rekk ned over augo. Skal ikkje ha noko rampejentefjes på den vesle engelen vår…. Men, altså: luggen var no på ingen måte fjerna frå fjeset, og me var i gang. No er det ofte slik med klemmer som med sokkar; ein kjøper ofte to i slengen, så forsvinn ei, så den andre, enda innkjøpstalet må ha runda hundre i løpet av dei siste par åra. Det var ikkje ei rosa klemme å oppdriva denne morgonen (for rosa er det som gjeld for Saramor, som er midt i prinsessealderen). Me leita høgt og me leita lågt, og så, etter 10 min. intens endevending av det meste, dukka det opp ei klemme oppi jakkelomma til mor (som ho hadde bore med seg på heile leiterunden..), og den var BLÅ. Det var blant julepresangane frå tante ”heilt borte”, som tydlegvis ikkje har fått med seg at verden skal vera lyseraud!!!! Nei, eg vil ikkje ha den der, den er jo BLÅ, det er ei gutteklemme! Ingen gode argument, som t.d. at gutar veldig sjeldan alar luggen og bruker klemmer nyttar no, det er det nok ikkje snakk om. Så då tek mor sin nye umistelege investering: ein rosa sprittusj, og tryllar klemma rosa! Heilt greitt!! Rampejenta får englefjes att, med luggen dradd til sides, og mor skriv på handlelappen: 100 stk. rosa klemmer (for å unngå tidsklemma igjen…).
Abonner på:
Innlegg (Atom)
