Sidan eg vart heime med to sjuke jenter i dag hadde me tid til å laga ein litt "skikkeleg" middag. Det var lapskaus att frå gårsdagen, så kosten var sikra for dei tre andre eg bur med, men eg hadde sååå lyst på lutafisk, så då vart det det! Eg inviterte heller ned nokre naboar som eg veit er like glad i lutafisken som meg, så me fekk unna fisken òg. For lutafisk har eg lika godt sidan eg var lita jente og spurte far min om det var lutafisk eg hadde på kroken ein søndag me var på fisketur på fjorden. Elles har eg nytta dagen litt til å få stulla og stelt litt meir til bursdagsfesten til ten-åringen fredag! Det vert overnattingsfest i stabburet, som tidlegare var utleigehytte! Får satsa på at forma deira er stigande og bra til då! Betring i sikte no i kveld, iallefall, bank i bordet! 
tirsdag 20. november 2012
lørdag 17. november 2012
Ein laurdag i november
| Dorthe Skappelgenser i emning! |
onsdag 14. november 2012
...og ny dag!
| Serious...! |
tirsdag 13. november 2012
Nye tider!
Vel eitt år sidan sist!! Ja, tida flyg, det skal vera sikkert. Tok ei stund å koma seg etter det kommunevalet...., neidå det er forlengst historie. No er det nye tider, og ny verdsborgar på veg! Dei to, etterkvart så store jentene våre skal få ein lillebror eller lillesøster på nyåret! Vogn og stellekommode er på plass att (takk vera Finn, vår gode ven ; ) For, det aller meste var gitt bort eller kassert då me i grunnen trudde me var ferdige med produksjonen. Men, neida! Me er i gang igjen, og alle hjarter gledar seg! Kan henda bloggen, om dette ikkje berre er eit "blaff", vert litt meir prega av heimlege, nære sysler framover?! Det vil visa seg. På gjensyn vener!
fredag 16. september 2011
Refleksjonar etter kommunevalet i Luster
Då var valet over, og resultatet klart. Ny ordførar vert Ivar Kvalen frå SP og Hafslo. Med fare for å verka snurt over å ikkje ha kome i kommunestyret, til tross for eit utg.pkt. som nr. 6 på lista til Ap, prøver eg meg likevel på ei oppsummering av valet. Eg er skuffa, og kva de enn må tru, ikkje over å ikkje koma med i "det gode selskapet". Eg er skuffa over at valet vart ein kamp mellom Gaupne og Hafslo, til tross for at ein kanskje kunne forventa det - historia tatt i augesyn. Listene ga oss inntrykk av ei relativt fin fordeling mellom kjønn og bustadadresse - by og land, kvinne og mann hand i hand. Men, dette synte seg å vera eit spel for galleriet, eller veljarane. For, etter at røystene var opptalde syner det seg at "utkantsrepresentantane" (ja då, eg òg) vart skvisa ut og sentrumsrepresentantane "skvisa" inn. Hafslo samla seg kring Ivar og Sp, og Frp, for å stå sterkt mot "Gåpningane" som samla seg kring Ap og H. Bygdebyane Hafslo og Gaupne vel inn "sine eigne", og utkantane vert gløymde i kampen. Det er dette ein kallar demokrati, talet på røyster er det einaste som tel. Ikkje for det, det kan godt vera dyktige "sentrumspolitikarar", men eg meiner det er sunt med ei blanding - rett og slett (og som eg har vore inne på før) ein veit best kor skoen trykkjer som har den på. Eg veit ikkje til fulle kva det vil seia å vera innbyggjar i Gaupne eller på Hafslo, kva som er viktigast for innbyggjarane der - og dermed dreg eg konklusjonen: dei som bur i Gaupne veit ikkje kva det vil seia av utfordringar å bu på Veitastrond. Noko kan ein tenkja seg til, men det beste er om nokon som verkeleg veit kan ytra dette der beslutningane vert tatt! Eg er skuffa fordi eg verkeleg hadde inntrykk av at Luster (og Ap som eg stod på lista for) verkeleg ville gå inn for å vera eit samlande parti no -at det var andre takter og tider i Luster. Rausheit, samhald, heilskap o.s.b. Drit og dra. Men, det er ikkje Torunn og partiet sin feil, det er Lustringane. Det er synd at bustadadressa skal vera så avgjerande for om ein får vera med å leika eller ikkje. Vel, vel slik vart det no ein gong denne gong. Ved å fjerna strykinga på listene kom det seg litt, men så lenge det er muleg å kryssa og "slengja" veit ein i realiteten ikkje heilt kva ein stemmer på. Men, det heiter visst demokrati....Det vil sikkert ta nokre tiår før Luster kan framstå som ein heilskapleg kommune med godt samhald, brei representasjon og rausheit. At alle kan bli inkludert, og alle delar av denne vidstrakte kommunen verdsett for sine kvalitetar og representantar. Inntil vidare får me kanskje berre innfinna oss med at dette er eit stykkje fram, og at me må finna andre vegar for å få til det me vil - og det gjer me nok! Makta ligg ikkje eine og aleine hjå "dei folkevalde" politikarane- heldigvis! Ha ei strålande helg!
tirsdag 12. juli 2011
Dikt til de levende
Dette diktet vart lest opp ved minnestunda i ei gravferd til ein spesiell mann i dag - og det er nydeleg:
av Teodore Kroeber
Når jeg er borte, gråt litt over meg.
Tenk på meg av og til, - men ikke for ofte.
Det er ikke godt for deg og dine nærmeste
å la tankene dvele for lenge ved døden.
Tenk på meg slik jeg var i noen
lykkelige stunder i livet.
Fremkall minnene - men ikke for lenge.
La meg være i fred slik jeg skal la deg være i fred.
Når du lever skal dine tanker være i livet.
av Teodore Kroeber
Når jeg er borte, gråt litt over meg.
Tenk på meg av og til, - men ikke for ofte.
Det er ikke godt for deg og dine nærmeste
å la tankene dvele for lenge ved døden.
Tenk på meg slik jeg var i noen
lykkelige stunder i livet.
Fremkall minnene - men ikke for lenge.
La meg være i fred slik jeg skal la deg være i fred.
Når du lever skal dine tanker være i livet.
søndag 10. juli 2011
Bloggeren Mannemi... ?
Nei, det kan eg vel knappast kalla meg, så sporadisk som eg legg inn noko på computaren. Eg vil, eg vil men får det ikkje heilt til! Skulle kanskje valt meg eit tema å fabulera kring? - som sminketips, interiør, hobby, hagearbeid eller noko i den dur? Njai, trur ikkje det heller. Sanninga er vel at eg er under middels engasjert for tida, i ting eg vanlegvis engasjerer meg i, p.g.a. hektiske dagar på kontoret-jobb, turistverksemd-jobb og småbarnsmamma-med dårleg samvet-jobb. Ikkje for å syta; eg har det som plommen i egget - i grunnen. Har alt eg treng, og vel så det. Og engasjement er vel slikt som kjem og går av og til. Håpar det kjem snart att, for eg saknar det...
No gledar me oss til ferie her i huset - å koma seg avgarde til ukjente "farvatn", og oppleva nye ting! Det vert nok bra! Avbrekk i kvardagen er godt for sinn og kropp - og ein set pris på å koma att til det ein har, og lever midt oppi! Jepp, det vert supert, det trur eg nok. Og til hausten, ja då vil eg på weekend-tur med ei god venninne - til enda eit ukjent "farvatn". Kan det vera eg er kome i overgangsalderen? At eg må på leit etter meg sjølv, eller noko anna der ute? Ei eller anna form for panikk??? Nei, føler meg aldeles roleg, her eg sit. Men, drøyma kan ein - utan å vera panisk : ) Heldigvis.
P.S. Om nokon fann noko av dette logisk, meiningsfyllt eller på anna måte verdt å kommentera - gi meg återmelding om det : ) Ha ein aldeles strålande sommar, så hørs me åt ved neste korsveg, når eg har beretningar frå det store utland eller det vesle innland å koma med!
No gledar me oss til ferie her i huset - å koma seg avgarde til ukjente "farvatn", og oppleva nye ting! Det vert nok bra! Avbrekk i kvardagen er godt for sinn og kropp - og ein set pris på å koma att til det ein har, og lever midt oppi! Jepp, det vert supert, det trur eg nok. Og til hausten, ja då vil eg på weekend-tur med ei god venninne - til enda eit ukjent "farvatn". Kan det vera eg er kome i overgangsalderen? At eg må på leit etter meg sjølv, eller noko anna der ute? Ei eller anna form for panikk??? Nei, føler meg aldeles roleg, her eg sit. Men, drøyma kan ein - utan å vera panisk : ) Heldigvis.
P.S. Om nokon fann noko av dette logisk, meiningsfyllt eller på anna måte verdt å kommentera - gi meg återmelding om det : ) Ha ein aldeles strålande sommar, så hørs me åt ved neste korsveg, når eg har beretningar frå det store utland eller det vesle innland å koma med!
Abonner på:
Innlegg (Atom)