lørdag 12. januar 2013
Innlosjert
Så var eg innlosjert i Førde, i "påvente" av fødsel. Betryggande med tanke på at det forrige gang gikk ganske fort, og at det er januar og vintervegar og langt frå Ornes til Førde, ja. Men, der var ikkje spesielt kjekt å vinka hade til sambuar og minstejenta som køyrde meg opp i dag... Hormonane gallopperte ei stund då ja, etter at eg var kome på rommet mitt. Me får tru den vetle i magen vil koma ut til oss fort!! Så me får koma heim til resten av gjengen. Enn så lenge vert det bøker , strikketøy, blad, masse telefonar og meldingar, og kanskje litt besøk? So long!
tirsdag 8. januar 2013
Ventetid
I går var me på sjekk i Førde, etter at jordmor mistenkte tverrleie på mini magen på fredag. Men, i går såg det ut til at han/ho låg rett veg, så det var bra! Skal ein tur att fredag og. Greit med litt ekstra oppfølging så ein slepp å bekymra seg unødig. Betryggande å få vita at alt er i orden, når det er ganske lang veg til sjukehuset, og spesielt på vintervegar.... Så då går me her og vaggar og ventar i spenning. Vaskar litt klede, ser litt i aviser, lagar litt mat og slappar av.
søndag 6. januar 2013
Nyttårsfeiring,... og tilbake til kvardagen!
Nyttårskvelden var me hjå søster Randi og familien på nydeleg kalkunmiddag. Litt stjerneskot måtte me ut å tenna med visse mellomrom for å halda oss vakne. Ei snølykt vart det òg! Alle mann heldt seg vakne til "the big bang" kl. 00., og veret letta såpass at me såg godt over til Solvorn, Hafslo og Mollandsmarki sine rakettar òg!
Så var det "pakkeleiken" ein ettermiddag. Truleg ein dansk tradisjon, sidan det er Marta som innførte den her for nokre år sidan ; ) Det er nesten som julafta om att i miniatyr: alle som er med tek med eit avtalt antal innpakka gåver (ikkje store og dyre!). Så triller alle rundt bordet ein terning, og dersom du får 6-ar får du velja ein pakke. Når alle pakkane er tatt, går trillinga av terningen på tid. I løpet av 10 min. kan du rappa pakkar frå andre dersom du får 6-ar når det er din tur. Det enda heldigvis med ein ganske bra fordeling på ant. pakkar pr.pers. Litt for ein kvar smak var det òg: frå opptrekkbar marihøne til godteri BH!!
Så vart det kvardag att, og skulestart. Eg tok ein tur og fekk svineinfluensavaksine hin dagen, sidan det er tilrådd folk i "min tilstand" desse dagar, når så mange er influensasjuke. No er det atter helg, og i dag, laurdag, har me rydda vekk jula. No er me klar for eit nytt år! Måndag vert det tur til Førde og kontroll av mini i magen. Det nærmar seg med stormskritt, og me er spente og gledar oss til å helsa på veslesøster/-bror! (Fekk ikkje leggja inn bilete i dag - teknisk problem - men skal prøva att!)
|
|
| Nyttårssveisen! |

mandag 31. desember 2012
Late romjulsdagar
No er det allereie blitt nyttårsafta! Utruleg kor dagane spring avgarde sjølv om ein ikkje nødvendigvis gjer så mykje... Influensa vil ikkje heilt sleppa taket på oss, og både far i huset og storesøster er prega enda. Det går litt i bølgjedalar - bra ein dag, dårleg neste. Me får tru det gir slepp snart! Romjulsdagane har som sagt vore rolege, utan dei store sprella. Har ikkje den heilt store energien til selskaplegheiter ho mor i huset heller for tida - stor og tung som ho er ; ). Så dagane har gått med til å reisa litt rundt til søstre og foreldre på div. måltid, samt strikking, lesing, stulling og stelling. Me får heller satsa på meir oppdisking her i huset når junior har meldt sin ankomst, tenkjer eg. Ikkje mange dagane att til det no, satsar me på. Julesnøen kom i år, skikkeleg òg. Men, uti romjula vart det mildare vêr, og no smeltar den sakte men sikkert vekk. I kveld er det altså nyttårsafta, og den skal markerast med stjerneskot og rakettar, og godt å eta og drikka! Ønskjer alle der ute eitt godt nytt 2013!
torsdag 27. desember 2012
Stemningsrapport frå julafta
| På julafta var me hjå søster Grete og familien, og der kosa me oss med god mat og pakkeopning! |
| På bordet var noko for ein kvar smak: julepølser, ribbe og pinnekjøt, med godt tilbehøyr! |
| Så var det klart for pakkeopning. |
| Fornøgd jente, med mykje fint på gåve"bordet" |
| Babydokke Gabriella fekk sognebunad (!) hjå mormor |
| ......og same Gabriella fekk seg visst òg ein sparegris...- noko for alle, denne kvelden altså! |
| Samling under trappa! |
mandag 24. desember 2012
JULEKVELDEN!
No er dagen og kvelden komen, som små og store har venta på! Men, først må eg skryta litt av meg sjølv; på sjølvaste vetlejulafta kom eg nemleg på at eg skulle prøva meg på surdeigs-brød (!) att, etter "gamalt". Har fått ein liten klomp surdeig av ei kjekke jente, så eg måtte testa den ut, sjølvsagt. Og det gikk så bra! Med tida til hjelp heva dei seg flott, og i omnen esa dei opp ytterlegare - og smaka også bra! Heilt utan gjær! Er litt kry no, for dette har eg ikkje fått til skikkeleg før, nei. Så no steller og stullar ("forar") eg den resterande surdeigsklumpen med mjøl og vatn innimellom for å halda den i live ei stund! Ja, ja, artig for "onga'n".
I dag vakna jentene til julestrømper med julegodter og løyve til å opna ei gåve før kvelden. Nissen har ein stri tørn etterkvart, med å halda seg oppe/vaken til jentene har kome seg i seng, for å kunne fylla strømper ; ) Men,det gikk fint i år og, gitt! Såg eit bra "gullkorn" i eit julebrev her om dagen, apropos:
"Snille julenisse. Eg tykkjer du kan senda meg ein alv eller to for å hjelpa meg med julevasken i år. Dette må vera det minste å be om, ettersom eg har hjelpt deg med utallige kalendarar, gåver og brev opp gjennom åra" - hilsen sliten husmor
No har jentene og mannen i huset tatt turen over fjorden for å besøka bestemor, som ikkje er i form i helga, og derfor ville halda seg i ro. Dei skal òg innom kyrkjegarden og tenna faklar.. Så ventar julemiddag og gåve sermoni nede hjå søster og familien! Ønskjer alle ei GOD AFTA!

| Go'jentene mine! |
fredag 21. desember 2012
Danseforestilling, julefest og juleferie!
No er det blitt fredagkveld og mørket senkar seg ute etter nok ei innhaldsrik veke. Det byrja med danseforestilling på Hafslo måndagskvelden. Veldig ivrige, spente dansejenter som var superflinke! All honnør til danseinstruktørane (10 klassingar!) som har trena med dei heile hausten. Fullt hus var det òg på samfunnshuset denne kvelden, med danseelevar og publikum frå heile den vide komunen vår. I går var det julefest på Solvorn skule. Flinke elevar song julesongar til oss før det var servering og gang rundt juletreet. Og, jammen kom det ein gjeng med smånissar og : ). Eigentleg stod Hakkebakkeskogen på programmet òg, men pga stort sjukdomsforfall siste vekene, måtte dei utsetja dette til ein eigen "Egner-kveld" utpå nyåret. Og, nesten det beste av alt denne kvelden: då me kom heim i 9-tida, hadde eldste jenta, som var heime p.g.a. at ho ikkje var i form, rydda, tatt fram julepynt og pynta, fått juletreet inn ogpå fot (!!!) og pynta det. Så me kom heim til nesten juleklart hus, og vart så kjempeglad! Gode, snille jenta vår!
Torsdag var òg min siste dag på arbeid. Veldig godt med juleferie no, kjenner eg, men òg litt rart at det er eitt knapt år til neste arbeidsdag på landbrukskontoret.... Vert nok nokre besøksturar innom for å sjå til at alt går bra i tida framover òg ; ). Elles er det sjukdom her i heimen òg. No er far sjølv blitt sylta forkjøla, og minstejenta var òg heime frå skulen på siste skuledagen før jul.. Får tru me er på føtene att i løpet av KORT tid (LES: til julafta). Eg har (bank i bordet) halde meg bra enn så lenge!

Abonner på:
Innlegg (Atom)