søndag 12. desember 2010

Det ekte!

Det ekte, det ein kjenner djupt inn i sjela og hjarterøtene - "the real thing" - kva er no det? Jau, det min ven, det er det som verkeleg betyr noko her i livet! I desse juletider kan det vera ei utfordring å gjenkjenna det ekte innimellom alle juleførebuingane. Innimellom all julehandelen og vaskinga (alt for lite plaga med det, forresten, her-i-garden...). Kva er det som betyr noko? Eg har dei siste åra vorte "plaga" med motstridande kjensler i jula. Kva skal til for å få opp forventningane, gleda over å gleda seg, spenninga, gleda ved å gi, o.s.b. hjå dagens oppveksande generasjon. Dei har både nok og meir enn nok av leiker og utstyr. Dei får ting til dei fleste av årets tider, bursdag, jul, måndag, onsdag... Me har ei stor opgåve med å vidareformidla "det ekte" til våre born i desse tider, føler eg på av og til. Kanskje tek eg feil! Kanskje det rett og slett er tidene som forandrar seg, og me som forandrar oss med, og at minna frå farne tider ikkje nødvendigvis syner at "alt var så mykje betre før"? Noko var vel betre og noko verre, men, akkurat dette med verdsetjing av det ekte, dei ekte kjenslene, det som betyr noko, det er det eg stussar på. Det som betyr noko varierer frå person til person - klar over det. Men, eg hugsar så godt den skrikedokka eg ønskte meg som lita, og som eg venta i månadsvis på og ønska så veldig at nokon skulle gi meg i julegåve - forventningane... Og, eg hugsar gleda ved å gi. No for tida tek eg meg i å tenkja: kva i alle dagar skal eg gi til han og ho - kva kan gleda dei spesielt-fins det noko dei ikkje har frå før - det eg fekk frå dei i fjor kosta så og så mykje....då kan ikkje eg vera verre.... Dette er ikkje bra, og no innser eg at (gud hjelpe meg) kanskje det er EG som har eit problem, og ikkje resten av verda! Det kan ikkje vera slik det skal vera! Nei! I kveld kom me heim frå eit triveleg kaffibesøk inni fjorden, og då me steig ut av bilen ropa ei lita tantejente: kom opp, det er fest i hagen! Opp for me, og der var det tent bål, pølser låg klare til grilling, potetstappe og godt kledde ungar og vaksne. Pølsefest og sprakande bål - ein søndagskveld i desember. Så enkelt - og så bra. Det var rett og slett EKTE! God jul!

fredag 12. november 2010

Politikk, eller ikkje politikk..

No er eg absolutt i tenkeboksen, tenketanken eller kva ein skal kalla det. Skal eg/vil eg, eller skal/vil eg ikkje stå høgt oppe på kommunelista til partiet mitt. Argumenta for og mot er fleire: engasjementet er der, nokon bør tala ytterste utkantane i utkanten si sak, det bør vera ein balanse mellom talerøyra til dei sentrale og dei periferere delane av kommunen (jf. "ein veit best kor skoen trykkjer som har den på..". På den andre sida: Mykje tid går med til dette, som heller kunne brukast på vener, familie, hobbyar, eg har vore med som vara i nokre kommunestyre - og veit ærleg talt ikkje om eg taklar å skulle delta i kvart møte (må i så fall setja meg grundigare inn i ein del "spelereglar"). Greier eg å ta ordet, og få orda ut like fornuftig som dei høyres ut inne i hovudet mitt..). Det er mange for og imot, men dette med å sjå kommunen som heilskap og ei eining, å støtta kvarandre og ha empati og forståing for ulike delar av kommunen sine utfordringar er avgjerande viktig. Og, sant og sei så føler eg meg usikker på om heile kommunen med alle sine avkrokar og sentrum vert godt ivareteke dersom ein ikkje har ein balansert del representantar frå alle delar av kommunen. Me er berre menneskje, og same kor kjekke, snille og velmeinande me er, det er vanskeleg å få ei god og rett oversikt over kva som er viktig for dei ulike delane av kommunen om ikkje det er nokon som kan fortelja det, der avgjerdene vert tekne... Ja, ja får tenka litt meir, tenkjer eg.

fredag 8. oktober 2010

Long time no see!

Hau, hau, nokre dagar sidan sist, ja! I dag vil eg koma med nokre visdomsord som har tydd litt for meg, tja, i det daglege kan eg seia. Lat deg ikkje ergra (iallefall ikkje over lengre tid) over nokon sine handlingar eller ord. Det høyres enkelt og merkeleg ut, kanskje!? Men, for å forklara litt meir: Om du vert provosert, lei deg eller sint over nokon sitt utspel, så tenk at: vedkomande er kanskje ikkje det minste råka av dette. Han/ho brukar ikkje meir energi enn kanskje dei orda eller handlingane der og då, medan du ergrar deg i timar og dagar over dette.. Det er sløsing med energi, som heller kunne blitt brukt til andre og hyggelegare ting! Det tek av tida di, på negativ måte! Og, dersom ein tenkjer seg om, er det temmeleg forargeleg om du skal bruka tid og krefter på å ergra deg over noko som vedkommande ikkje skjenker så mykje som eitt minutt meir å tenkja på! Kanskje han/ho til og med likar tanken på å ha provosert deg... Nei, dette går ikkje. Ta det opp direkte med vedkommande, eller om det er umuleg: Drit i det! Kom deg vidare, og dersom dette vanskeleggjer vegen vidare, så ta ein omveg. Bruk ikkje tid og krefter på slikt og slike som forsurar tilveret. Gå vidare, med rak rygg - og kanskje på litt meir svingete vegar, så kjem du til målet lell! Vel, om dette ga noko meining (og det håpar eg det gjorde); tenk på det neste gong du møter ein grinebitar, vriompeis, negativitus. Hell og lukke!!

søndag 27. juni 2010

The main track

Dei siste dagane, eller vekene, har vore underfundige, merkjelege, surrealistiske. Fleire årsakar til det, men eg har levd litt utanfor meg sjølv nokre dagar. Av og til vert det slik. Livet går sin gang, med daglege gjeremål, og så dukkar det opp ting som ikkje går inn i "skjemaet", som må fordøyast litt ekstra, innimellom det andre. Då vert det ei slik merkjeleg verd, der det daglege går, som nesten på autopilot, medan det andre kvernar i tankane. Ting er i ferd med å falla på plass no, men det har fått meg til å tenkja litt på kor livet går inn i "spor", tråkka av ein sjølv eller andre. Og, korleis tilveret vert når det kjem hendingar inn frå sidelinja som skal taklast. Vert sett ut av slikt, men det gjer kanskje godt - summa summarum?!

tirsdag 11. mai 2010

"For livets glade jenter"....osb.

Jepp, eg har bestemt meg for å vera positiv - å sjå lyst på livet, og dei situasjonar som måtte dukka opp, og kanskje verka problematiske ved første augekast... Pice of cake! Så enkelt er det vel ikkje, eigentleg, men likevel - kanskje! For, som eg lærte her om dagen på eit usedvanleg godt kurs eg deltok på: ein har ALLTID eit val! I ein kvar situasjon ein befinn seg i, meir eller mindre sjølvvalt, så har ein eit val korleis ein taklar/tek /handterar det inntruffne (neppe nynorskord dette, nei...). Så enkelt - og så utfordrande! Lat meg ta eit døme: Det kjem uventa (berre annonsert nokre timar før..)besøk ein måndag ettermiddag....positivt: skippertaksrydding, og huset ser leveleg og bebueleg ut, og ein får drikka kaffi og slarva med besøket. Nytt døme: Ein får negativ merksemd for ting ein har gjort/ikkje gjort, som mange les/får høyra - ein kan anten verta sur og oppgitt og (unnskuld språket) gi f..... og lata andre gjera jobben framover (og sjå om det går noko betre...) - eller ein kan skjerpa hovudet, og seia som så at: dette skal motbevisast! Ja, ein har alltid eitt val, og det er det greitt å vera seg bevisst ein gong i blant, trur eg : )

fredag 12. mars 2010

"brest" i logikken

Det er mange ting ein kan undra seg over, under og på her i verda. Ein finn ei meining i eit eller anna; ei sak - som miljøvern, "klima-redding", økologisk mat, religion og så vidare. Men, så bestemmer ein seg for å følgja denne overtydinga, og t.d. handla Norsk, og gjerne økologisk, for å bidra litt til å gjera verda til ein litt betre plass for ei litt lenger tid..... og så vert altså den norske torsken sendt til Kina, der den vert pakka, og transportert attende til oss for sal???! Det er vel fly tur/retur skulle ein tru!? Der er "bresten". Og dei økologiske epla, gjerne pakka i papp og plast på butikken - og stempla med debio. Fire eple i plast og papp!! Brest igjen. Og så desse klima-kvotane som kan kjøpast og seljast som det måtte høva seg. Money rules! Dessverre er det slik at mannon avgjer kor langt ein strekkjer seg for å oppnå målet. Fisken vert pakka av rimlegare arbeidskraft i Kina, til tross for transportkostnader og ...miljøomsyn. Dei rikaste kan forureina meir enn dei fattigare, og kjøpa seg fri for skuldkjensle. Og kvifor i alle dagar må dei økologiske epla pakkast så godt inn? For å unngå forureining frå nærliggjande sprøytehandsama grønsaker og frukt? Så har du dette med miljøvennleg energi, ein vitskap det er såvidt eg torer å seia noko særleg om, då eg innser at kunnskapen min skulle og burde vore betre. Men, eg prøver meg likavel, så får de arrestera meg, heller. For biobrensel: for meg er biobrensel å nytta skog (som veks overalt etterkvart som husdyra vore forsvinn) til miljøvennleg produksjon av brensel til miljøvennlege omnar. Men, så kjem det inn ein del faktorar som kompliserer reknestykkjet: transport av skogen/krattet (transport =ureining), vidareforedling av skogen/krattet så det kan nyttast i dei miljøvennlege omnane (krev maskineri, som krev drivstoff..). Så: kor mykje meir miljøvennleg vert dette enn alternativa summa summarum? Det er sanneleg ikkje heilt enkelt å få grep om dette så me kan gjera dei rette vala mot målet, kva det enn måtte vera! Og så syner det seg altså at overgreps-skandalane rykkjer stadig nærare paven. Nei, logikken brest fleire stadar på vegen mot måla våre, og det er ei utfordring å halda fokus på målet, og korleis ein oppnår det på best muleg vis. Me får gjera vår beste, og håpa at vår tid ikkje endar i historiebøkene som "the age of stupid", noko eg høyrde "rykter" kunne skje om me ikkje skjerpa oss....

mandag 1. februar 2010

Ein uheldig praksis....

I forvaltningsstyret i Sogndal kommune hadde dei i møte den 28.01 oppe ein søknad om konsesjon på ein landbrukseigedom i kommunen. I vuderinga som låg til grunn for vedtaket, står det å lesa:


"Vurdering:
Når definisjonen ovanfor vert lagt til grunn er det fulldyka og overflatedyrka arealet meir enn 25 da og eigedommen er såleis bu-pliktig.
Sogndal kommune har hatt ein restriktiv praksis i handsaming av søknader om varig fritak for buplikt. Det er i hovudsak eigedommar med svært vanskeleg kommunikasjonstilhøve som har fått slikt fritak for buplikt.
Det er her snakk om ein relativt liten eigedom, øvst i dalen med brukbare kommunikasjonar, men med svært avgrensa ressursgrunnlag. I dette høve vil konsekvensen av ikkje å gje konsesjon vera at søkjar får valget
mellom å flytte til eigedommen eller å selgje den til nokon som vil busetje seg på eigedommen. I begge høve må det byggjast eit nytt bustadhus. Ein problemstilling vil vera om det er forsvarleg med to bustadhus på ein
eigedom av denne storleik og ressursgrunnlag. Spørsmålet er då om buplikta i einskilde høve kan sjåast på som oppfylt når andre enn søkjar bur på eigedommen, eller bør søkjar få mellombels fritak så lengje andre
bur i huset på eigedommen. Då foreldra til søkjar har burett vil eigedommen halda fram med å vera busett. Samstundes styrkjer ein eit anna bruk i området ved at det vert inngått ein langsiktig leigeavtale på dyrka jorda. Avstanden mellom leigetakar sin eigedom og dette bruket er om lag 1 km, og vert vurdert til å vera ei driftsmessig god løysing. Vidare vert omsynet til heilskapleg ressursforvaltning og kulturlandskapet
ivareteke. Rådmannen meiner at busetnad på bruket er hovudmålet, i dette høvet kan vilkåret oppfyllast av ander enn søkjar. Det tyder at søkjar bør få konsesjon på overtaking av eigedommen. Eit vilkår for konsesjon er då at eigedommen er busett dei neste 5 åra. Dersom dette vilkåret ikkje vert oppfylt kan konsesjon trekkast tilbake, jf. § 16 i Konsesjonslova."



Og eg som hadde forhåpningar til at ein med det nye regelverket som trådte i kraft frå juli i fjor hadde eit betre verkty i høve å sikra busetjing og sleppa til bulyst på landbrukseigedomar!(http://www.regjeringen.no/upload/LMD/Vedlegg/Regelverk/Rundskriv_M_2_2009_Konsesjon_boplikt.pdf - sjå under pkt. 8.2.4.)


Det er framleis mange vurderingar det er opp til den einskilde kommune å gjera i høve busetjingsomsynet. Eg veit berre det at eg seinast sist veke hadde tlf. frå eit ungt par som ønskte å busetja seg i området, og lurte på mulegheitene for å kjøpa/leiga seg eit småbruk. Dessverre, er ikkje det (men, me treng desperat folk, og har eit to-sifra ant. småbruk som står tomme her......). Kan koma på eit par saker der den ovanfornemnde praksisen kan slå uheldig ut. Det gjeld då berre å overdra eigedomen i god tid før dei som sel av naturlege, eller andre årsakar ikkje bur der lenger (5 år før..). Då sørgjer dei for oppretthalding av busetjingsomsynet, og ny eigar står fritt til å nytta eigedomen til fast bustad eller fritidseigedom.


Her må kommunane vakna! Om ein meiner noko med å få folk hit, så må noko gjerast med reglar og praksis på dette området. Eg veit det kan verka sytete, men det er ikkje berre meint som syt. Vona er at dette vert tatt på alvor, og kan skapa litt debatt i politiske kretsar!

fredag 8. januar 2010

GODT NYTTÅR!! (og her kjem mitt nyttårsforsett...)

Nyttårsforsett er eigentleg noko drit. Dersom ein skulle vera så uheldig å bryta eit nyttårsforsett er det forbaska lenge til neste nytt år, og dermed mulegheita til å starta på ny frisk! Mykje betre då med eit "måndagsforsett", som ein ev. kan starta på ny frisk med neste veke! Men, no gjer eg likevel eit forsøk. Hermed er det erklært: Eg skal freista klaga mindre og dela meir! Me har det eigentleg utruleg godt! Og, så er det slik at det er mange som har det utruleg dårleg. Ja, det er nesten slik at ein kan vera ganske sikker på at det er mange, mange der ute som har det verre enn ein sjølv - i dei aller fleste høve. SÅ var det dette med å setja pris på det ein har, og gleda seg over det - og ikkje ønskja seg (eller higa etter - som det vel står i ei heilag bok...) naboen sine ting og tang. Å vera raus og dela med andre av det ein har til overs er tingen. Og "til overs" har eg litt av - når eg tenker meg om, både av det eine og av det andre. Ja, no er det ute i det opne! Nyttårsforsettet mitt! (håpar berre ikkje sambuaren les dette, for nokon må ein jo kunne klaga litt til.........)