mandag 30. mars 2009

Håp i hengande snøre?!

Landbrukseigedomar: Tydelegare og enklare landbrukslover! Dette er målsetnaden bak lovendringsforslaget, som no har gått gjennom høyringsrundane, og er klar til vedtak! Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk gir ei oppsummering av dei viktigaste endringane knytt til eigedomslovene i landbruk, og som omfattar endringar i odels-, konsesjons- og jordlov m.fl. Lovendringane skal gi "større forutsigbarheit og raskare avgjerder. Målet er å leggja til rette for utvikling og framtid i bygde-Norge". Dette meiner eg er "låvande saker". Det er ei kjennsgjerning at lovverket har representert uklårheit og uforutsigbarheit, og ikkje minst FRUSTRASJON i høve å forvalta dette i tråd med målsetnader for landbruk og busetjing i bygdene våre. Lovendringane medfører, så langt eg kan sjå, tydelegare reglar utan ein masse skjønn og vurderingsmulegheiter. Arealgrensa for kva som er ein landbrukseigedom går opp med 5 daa (til 25daa dyrka jord), javel, men dermed er og mulegheita for å søka utsetjing eller fritak for bu- og driveplikt tatt vekk for eigedomar over denne storleiken. Dersom ein ikkje ønskjer/vil busetja seg og driva landbrukseigedomen, må ein søkja konsesjon, og desse omsyna skal vurderast etter konsesjonslova. I tillegg er det ein anna regel som eg trur kan verta svært viktig i "kampen mot tomme hus/småbruk" rundt om på bygdene: Slektningar som overtek eigedomar må, på lik linje med andre som overtek, søkja konsesjon, og handsamast etter dette lovverket. Såleis kan kommunen, om dei ser mulegheitene med det...!, t.d. setja nullkonsesjons- grense for eigedomar, d.v.s. at alle eigedomsoverdragingar, uansett storleik, er underlagt konsesjon, og ein kan krevja buplikt, t.d. Dette er gjort i fleire kommunar allereie (60-70), men det nye er altså at også slektningar ved overdraging må søkja konsesjon.

Eg trur lovendringane vil gjera det raskare å handsama desse sakene (unngår, som dagens situasjon, langdrygne saker over fleire år med utsetjingssøknader, avslag, klagehandsaming, o.s.b., o.s.b.), ein får betre verkty for å ta tak i situasjonen med alle dei tomme småbruka/husa rundt om - DERSOM kommunen ønskjer å gjera noko med dette! Så vil tida syna om dette slår til! Eg kryssa iallefall tær og fingrar! Her kan de lesa meir om lovendringsforslaget: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/mars-09/landbrukseiendommer-tydeligere-og-enkler.html?id=551633

mandag 23. mars 2009

Å gi litt meir fae..

Ikkje noko fin overskrift, men den uttrykkjer no eingong det eg vil få fram i kveld: me må (generelt sett) læra oss å gi litt meir..... ja, eg veit ikkje kva anna ord eg skal setja inn her istadenfor: faen. Slutta å vera så opptekne av kva folk tykkjer og meiner om oss om me gjer slik eller slik. Det er no vel revnande det same, så lenge me har det godt med oss sjølve og dei me er glad i, og det ikkje er noko som går ut over andre på negativt vis? Me må tora å sleppa oss litt laus, ha det moro, kosa oss, gjera noko med draumane våre, tora å sleppa fram ukjente og uvandte idear og tankar, som kan føra til utvikling og glede, eller nederlag og flauser - men, då har me i allefall prøvd, og bør respekterast for det! Er det så farleg, spør eg meg sjølv. Er det så farleg om naboen snakkar om meg og påfunna mine som noko som "ikkje er vanleg å gjera her", eller som noko som "er galskap, og ikkje kjem til å gå bra..". Drit og, betre det enn at eg ikkje gjer det, av frykt for kva naboen vil seia/meina, og går og lurer på om det kanskje hadde gått bra, ja kanskje til og med rett bra - lell....... Me må læra oss, på ein positiv måte, å GI LITT MEIR FAE.... (fær meg ikkje til å skriva siste bokstaven her, av frykt for kva naboen vil seia....)

tirsdag 17. mars 2009

Masker, roller, rollespel og maskeradeball!

Det fins mange gode skodespelarar i Noregs land, og eg er ei av dei. Gjennom dagen og livet er det fleire roller som skal fyllast, rollespel som utspelar seg og masker som beskyttar. Med fare for å bruka høgtsvevande flokslar meiner eg me kan seia at livet består av mange scenar og rollespel, og at ektheita og det "å vera seg sjølv" møter utfordringar på fleire område. Av og til er det rett og slett for drøyt, og absolutt ikkje føremålsteneleg å ta heil ut "seg sjølvet" i ulike samanhengar..Ta jobben t.d.. Som sakeleg (!?) sakshandsamar skal ein handsama innkomande saker i høve lover og reglar og "normal" praksis på det aktuelle feltet. Så veit ein at vedkomande sak ein skal handsama er basert på lureri, og "testing av kor langt ein kan trekkja systemet", og det ein mest har lyst å skriva i vurderinga er: Vedkomande er ein jævla tosk som snor seg unna, og godtar seg då han veit han mest truleg og greier det.. Saka er for dum til at eg gidd bruka tid på å sakleg gi ei vurdering av den. Dette er meg sjølv, men dette er sjølvsagt ikkje føremålsteneleg å skriva i svarbrevet, så rolla som "god sakshandsamar" overtek plassen (på godt og gale). Følelsane våre er og av og til av ein slik art at det kan vera greit å kamuflera dei bak masker, for å beskytta både oss sjølve og omverda frå dei. Kor vidt ein tener på dette i det lange løp kan nok diskuterast, men det gjer ting enklare der og då. Masker, roller og rollespel er noko dei fleste av oss håndterer i større eller mindre grad, men verdien av å vera seg sjølv fullt ut bør etterstrebast, med ev. enkelte tilpassingar. For det er noko som seier at "målet heilagar middelet". Å le av ein dårleg vits, når det er sjefen som fortel den, og lønsforhandlingane er like rundt hjørnet...Dersom ein er trygg på seg sjølv, og kven ein er skal dette gå bra. Det vert verre dersom rollespela og maskene tek overhand i kvardagen, og ein misser grepet på kven ein eigentleg er og står for. Å ha "pusterom" der maskene kan leggjast vekk og der rollespela er underordna er viktig for "seg-sjølvet". Ta vare på dei!

fredag 13. mars 2009

BOLYST og BULØST vs. BUPLIKT

Plikt vs. løst. Det er utan tvil noko meir tiltalane med ordet løst, eller lyst. Odelslova og konsesjonslova fokuserer på plikt, ein har plikt til å BU og DRIVA ein landbrukseigedom over ein viss storleik, dersom ein vil overta den. Slik er det. Lysta er nok likevel den viktigaste og mest avgjerande faktoren å stimulera, dersom ein skal oppnå målet. Kva er det som skapar lyst til å busetja seg ein stad? Ein del grunnleggjande ting ligg i botn: mulegheita til å busetja seg ein stad der ein ønskjer å bu, d.v.s eit tilgjengeleg hus, vidare må ein ha eit arbeid å gå til, ev. skule og barnehage, tilfredsstillande kommunikasjon (vegar, ferje, bil, buss..). Og det er kanskje fleire av dei grunnleggjande "tinga". Men, så er det dei "andre tilhøva" som påverkar lysta vår til å slå seg ned på ein stad. Naboforhold, det sosiale, "det som skapar dei gode kjenslene" for staden. Dette er vanskelegare å setja fingeren på, og kanskje tilretteleggja for, for det kan vera ganske individuelt. Det kan vera ro, fin natur, tilgang til fjell, fjord og natur. Kva er suksessfaktorane i dei bygdene der dei opplever tilflytting? Desse "nøklane" er hadde det vore fint å få. For, eg trur ikkje det er nok å setja seg ned å venta på ev. tilflytingsstraumar ut frå byane, p.g.a. finanskriser og klimakriser, som forhåpentleg kan medføra at folk trekk ut i periferien, der det er rimelegare hus og reinare luft. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, det kan jo skje med tid og stunder... Kanskje me sogar kan "stela" litt av kva som legg grunnlag for "bolysten" i byane? Litt meir toleranse, avstand når ein ønskjer det, variasjon, og respekt for variasjon og ulikskapar. Desse "nøklane" skulle me altså hatt tak i her på bygda, så me fekk litt fart på sakene. Me er etterkvart mange om beinet, d.v.s. mange fråflytningstrua utkantar som strebar etter å nå dei sjelene som kankje kan tenkja seg eit liv på landet. Då er det ikkje nok å selja fin natur, høge fjell og fred og ro. Bortsett frå kysten (som ikkje har dei høge fjella..) kan vel dei fleste skilta med desse "lokkemidla". Kanskje me må by meir på oss sjølve? Og då snakkar eg om den "menneskelege faktoren". Kanskje annonsa, i tillegg til flotte bilete av naturen, syner menneska som bur på staden? Tja ikkje veit eg, men suksessnøkkelen skal me no få tak i, og reservenøkkelen med!

tirsdag 3. mars 2009

Jenter og små kvinner

Kor går skiljet i dag? Frå å vera lita jente til å bli lita kvinne. "Mamma, kan eg låna maskaraen og den farga lipglossen din når eg skal på elevkveld i morgon?" Det er eldstejenta som spør, og eg tenkjer febrilsk attende til farne år: når byrja eg å sminka meg som ei lita dame. Eldste jenta går i fjerde klasse, og "alle dei andre" får sjølvsagt gå med sminke. Eg var då eldre enn det!? Ungdomsskulen, trur eg, var eit skilje for min del. Då slutta gutane å ha gute-lus, og vart meir interessante å pynta seg for. Eg ser på ettermiddags-programma på TV'en: Hanna Montana, reklame for High school musical, Bratz the movie. Stappfullt av jenter/små kvinner med "make-up", korte skjørt, motar og fashion. Ikkje så rart kanskje at overgangen mellom å vera barn og lita kvinne vert pressa fram i stadig yngre alder. Men om dei visste det me vaksne veit om kor "sutaslaus" barndomen er i høve det vaksne livet, så hadde det kanskje ikkje hasta så veldig å bli så store så fort?! Jau, jau ein lyt vel berre følgja straumen og handla inn maskaraen like godt først som sist. Håpar berre ho kryp opp i fanget mitt for ei kosestund ein gong i blandt i mange, mange år framover enda!