søndag 17. november 2013

Tida går, og Thea Marie står!

Rima og det gitt ;-) Rett nok med støtte, ho reiser seg opp etter alt muleg og umuleg, og har oppdaga eit heilt nytt "univers" tilgjengeleg for seg... No er borda avduka og det me er mest redd for flytta oppover i høgda :-) Elles krabbar ho rundt overalt, dørstokkar inga hindring lenger. Mamma og minsta held seg stort sett i og kring heimen om dagen, om me ikkje fartar på handel eller på besøk rundt om. Har det ganske greit med det tilveret no :-). Me testar av og til ut nye kokeoppskrifter (som vaniljepudding - som eg aldri før har prøvd meg på, men som vart god og såg bra ut på andre forsøk! - Første drukna i vannbadet...ikkje spør!) Carlos og kompisen sine julekuler er i produksjon her om kveldane, og me førebur så smått 14-års feiring og jul (!). Ja, det må vera lov å gleda seg litt no, ikkje så lenge att før adventstida. I dag er dei to største jentene og venninner med far sin på danseforestilling i Sogndal, så eldste og yngste jente er heime og fyrer i omnen og lagar julegåvelister og kva-skal-me-baka-til-jul-ønskeliste, og oppdaterer blogg. Elles sysslar me litt på si med eit Lustramat prosjekt, og litt bygdeutvikling.... Litt må me finna på utanom bleieskift og "husmorting". Eg har forresten nett sett på kallendaren og funne ut at eg er ferdig med den løna permisjonen min (er no inne i ferievekene), og frå midten av des. er far i huset heime i sin del av permisjonen, medan eg vert i området med permisjon utan løn... Då blir det sikkert knekkebrød og vatn, gitt ;-) Nei, trur det skal gå fint. Har ikkje lyst at Thea Marie skal inn i barnehagen før ho er eitt år (og kanskje ikkje kan gå..), så det vert til hausten att, er planen. No har den blå-grå regjeringa foreslått å auka kontantstøtta med 1000,- i mnd. og! Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko seier no eg. Kom brått på at me visstnok har konfirmant til våren og! Om ca. 1/2 år! Hu-hei kor det går, men det går nok fint. Ordnar seg alltid for kjekke jenter, seiest det ;-) Ha ei fin-fin veke der ute!
Vesle solstrålen vår!

God "Ryddehjelp" på kjøkkenet, i kildesorteringsavd.

Me var på bokbåtkafe på Fjordatunet, etter at Bokbåten hadde besøkt Kroken

På shopping i Sogndal fann TM seg eit godt utsiktspunkt frå ein kafe me var på

Søskenbarn Torje feira 3 årsdag med pølser, pizzasnurrar kakeselskap!

Besten fekk låna kruna til Torje, og ein ballong