mandag 23. september 2013

Haust og finevêr!

Iallefall i dag! Men for å oppsummera sidan sist: Søndag 8.sept. fortsette sosialiseringsprosessen ;-) med besøk på Sørheim. Kjekt med ein kaffikopp og prat på verandaen. Kristen og Thea Marie stulla på ute i finevêret, sjølv om Kristen helst hadde sett at han fekk vera med dei litt større ungane utanfor grinda, trur eg ;-)

Etterkvart kom Ingvill og Svein ned att frå ein lang og fin tur til fjells og. Til Dyrdalen var dei, og fiska hadde dei gjort òg - så det vart røykt fjellaure på skjeva til kvelds!

Sist måndag starta Ingvill på turn i Sogndal, så det blir visst det istadenfor dans dette semesteret iallefall. Spanande å prøva noko nytt! Eg jobbar vidare med kartlegginga for Lustramat innimellom amming, leik og bleieskift om dagane - og det går fint! Når mamma har gjort nok kontorjobb, seier Thea Marie ifrå om at no er det hennar tur, så den er grei!

Heidi er i gang igjen på ungdomsskulen, i 9 klasse(!), og det er stadig ting som skjer der òg. No på Fredag var dei på Nigardsbreen og gikk på bretur. 
Tre spreke klassevenninner!

Forrige helg var nesten heile familien på fjelltur til Nystølen - Thea Marie sin første! Eldste jenta var i bursdag, så ho vart "erstatta" med ei anna stor jenta som ville vera med! Bæremeis for første gong og det ga meirsmak det! Satsar på ein tur til før vinteren kjem, om veret held. 


"Best-stova" går det stadig framover med! Og no er det verkeleg flaumljos i andre sida av tunnellen :-)) Omn er komen på plass (og er fyrt i eitt par gonger alt), golvet er olja, lister og foringar er på plass - og måla/lakka. Så no er det golvlistene, elektrisk og møblar, så er me jammen i mål - HURRA! Og det blir bra, det er me alle einige om ;-)






Vesle Thea Marie gjer stadig nok nytt - og det nyaste er at ho sit sjølv, og reiser seg opp frå liggande til sittande sjølv! Er veldig stolt over bragden - det ser ein på heile ansiktet :-).

No er det måndag, eldstejenta og ei venninne er på loftet og har "avspasering" frå skulen. Thea Marie ligg og søv søtt i vogna ute (er ganske snørrete og forkjøla om dagen, men, men..) Etterpå skal me køyra mellomste jente på turn, og gjera litt erend i Sogndal bygdeby. Ha ei fin veke! (Og kryss for at sola skin som ho gjer no i mange dagar framover)! 





lørdag 7. september 2013

Haust og sosialisering igjen!

No er turistsesongen slutt for Urnes Gard sitt vedkommande i år. Det betyr at ein kan vera litt sosial att :-) Det kjennes i grunnen godt å kunne gjera ting som har lagt på vent heile sommaren, som å besøkja folk att, og ha besøk. Putla litt i huset, som slett ikkje har vore noko særleg "putla med" gjennom sommaren... I går var f.eks ein fin dag: Thea Marie var først på 7 mnd. kontroll saman med dei andre smårollingane og mammane i barselgruppa. Kjekt å møtast sånn innimellom - vert som ei lita baby-liv-boble, der det er det som er i fokus, og det er godt i ein elles hektisk kvardag:-) Dessutan greitt å høyra at kaoset kan herska hjå fleire i liknande situasjon, og at ikkje alt er berre reine skjære idyllen heile tida ;-) Etter kontroll vart det kafebesøk med Anne Helen og Alexander - veldig triveleg det òg! Og som om ikkje det var bra med sosialisering, så vart det jammen ein tur til Hildegunn på kaffi og vafler òg! Og dèt var lenge sidan det... Alt i alt ein veldig triveleg dag for meg og minsten. Denne helga er eg og den største og den minste jenta heime aleine. Naboane har reist til Bergen på den årlege "Bønder i by'n"og Svein og Ingvill har reist til fjells med Dag og Bente, og vert der til søndag! Då er planen at me heimeverande skal kosa oss godt med god mat og laurdagsTV. Fare for at TV programma er noko einsformige no i desse valkamp tider..., men då har me alltids eit par usette filmar me kan ty til! Victoria av Hamsun er på mi ønskjeliste, men det spørs om eg får gjennomslag for den av eldste frøkena... Tja, tja, de må ha ei riktig, retteleg fantastisk helg vidare folkens! Legg ved nokre bilete av eldre dato i dag for å minna meg (og dykk andre)på at dei var så søte og små ein gong dei to eldste og. Ja, søte er dei sjølvsagt enda!!! Men, litt større.

Ingvill med oldefar, som tykte ho var ei flott jenta! Han er dessverre ikkje her lenger..

To solstrålar!

Stolt storesøster

Ingvill, Heidi og Kristian (på Ingvill sin 1 års dag)