søndag 6. desember 2009

Julemiddag, barneprogram, nisse, juletregang, dans og fest

Ja, alt dette kunne ein få med seg på Sørheim hin kvelden. Og, når eg tenkjer på det, må dette vera ganske spesielt å få med seg på ein plass og på ein kveld! Folk i alle aldrar, frå 3 til 90 deltok på festen, og her var som nemnt noko for ein kvar. At generasjonar er i lag på dette viset er unikt, trur eg. At denne salige blandinga av mat, program, nissar og fest for ALLE vert tilskipa. Hurra for det! Vanleg hadde vel vore å skilja dei ulike "postane" i ein kveld for dei yngste, ein for dei eldre og ein for dei festglade. Men, dette må vera ei oppskrift for etterfølgjing, meinar eg, og det meinte musikantane som stod for musikk til maten, til juletregongen og til dansen utpå kvelden òg. Ein kjekk kveld, sjølv om underskrivne tok heimover med born og mann før festen tok skikkeleg laus, denne gongen!

fredag 13. november 2009

Eit slag for "bygdetullingane"

Merkjeleg overskrift, som ikkje må feiltolkast, og då er det vel på sin plass med ei oppklaring! Alle bygder har vel ein "bygdetulling" i nabolaget, ein person litt utanom normalen - ein som med eller utan ei medisinsk diagnose oppfører seg litt snålt. Dette innlegget er ein hyllest til dei av oss som berikar livet til dei rundt oss ved å vera sitt særeigne sjølv. Som syner oss at det går an å leva utanom dei råmene som er laga til kring oss av konge og regjering, normer for oppførsel, skule (ups!), foreldre, tradisjonar, m.m. Tenk berre kor kjedeleg bygdesamfunnet (som eg kjenner best) ville vore utan bygdesnålingane, dei gode historiane om "forfedre-bygdesnålingane", som truleg (eller forhåpentleg!) vil leva til evig tid! Eg tykkjer det er prisverdig om me greier å ta vare på bygdetullingane våre, og ikkje pressa dei inn i dei oppleste og vedtekne normer og reglar, for då misser me noko viktig i samfunnet vårt: mulegheita og respekten for det utanom-det-vanlege! Så: LENGE LEVE BYGDETULLINGEN!

fredag 23. oktober 2009

Dyr me slaktar og dyr me kosar med, og ein lett blanding av dette..

Som periodevis ansvarleg for koppalam frå hist og her, hønsehaldar (stolt eigar av 7 høner og ein hane!), kanin- og marsvinpassar, og involvert i ein hjortefarm må eg koma med nokre tankar kring dette med husdyrhald, kjøtproduksjon og kos. I år heitte koppalamma våre Emma Thallula og Karl Joakim, og det er ein ganske fjern tanke å ha Emma Thallula som søndagsmiddag i kålen - må berre seiast. Oppvaksen på gard som eg er veit eg godt at fårekjøtet ikkje er "født" i frysedisken på Meny, men at det kjem frå sauen som beitar - beita på bøen.. Men, og det er eit men for meg her, som kanskje tyder på at eg har fjerna meg litt frå bondestanden? Når desse smakfulle dyra får namn, og vert flaska opp i bakgården - ja då freistar dei ikkje meg som middag. Hjorten er det anleis med, av ein eller anna grunn. Det er fleire av dei, og dei fleste er "namnlause" - bortsett frå grombukkane Nils og Hercules, då, som nok hadde vore meir "tungtfordøyelege". Dei har eg på sett og vis vorte ganske godt kjent med.. Ja, ja det er mykje løge ein skal fundera på, men Emma Thallula hamnar iallefall ikkje på min tallerk (så vidt eg veit), og dei fjærlause hønene mine skal og få ein verdig død under torva (sjølv om dei er uappetittelege av heilt andre årsakar enn at me "kjenner dei"....) Vel, slik var det!

onsdag 7. oktober 2009

Refleksjonar på ein sein haustkveld..

LYKKE! Ja, ser behovet for å løfta blikket litt etter siste innlegg.... Kva er lykke? Dersom eg kjenner godt etter trur eg det i enklaste (og kanskje viktigaste?!) form er å føla seg vel i og med tilveret. Me styrer og strevar med mangt og mykje dei fleste av oss: arbeid for å tena pengar, spela roller (som eg òg har vore inne på før) for å gjera tilveret "smidigare", me handlar ting (?!) og klede for å kjenna oss vel (og ikkje frysa), me pussar opp og ned for å letta tilveret for oss sjølve og andre - og ha det triveleg rundt oss, kanskje. Me higar ofte etter noko me ikkje allereie har, men som me trur og meiner vil gjera oss lykkelegare! Men, denne lykka er merksnodig. Ho kjem når ein minst trur og forventar at ho kjem, og den uteblir når me absolutt meiner me har gjort oss fortent til ho! Kanskje me rett og slett berre må ta den lykka som kjem "rekande forbi" når ho kjem, og godta at slik er det berre?

fredag 18. september 2009

Motivasjon.....

Kvar finn ein motivasjon? Når det trengs ein ekstra puff for å koma vidare. Kvar fin ein "puffen"? Dette er viktige saker, men i skrivande stund er det høgst usikkert om det vil koma nokon konklusjon ut at dette innlegget. Då får de berre ta det for det det er: eit innlegg utan nokon klår konklusjon! Eg er klar over at dette kan omfatta mange ting: å føla seg verdsett og elska, å kjempa for grunnleggjande ting, som helse, born sin tryggleik, vår eigen tryggleik, å oppretthalda livet og aktiviteten på staden der ein bur, utdanning for å få ein jobb, og så vidare og så vidare.. Viktige ting som held likesæla vekke. Av og til kjem den snikande, likesæla (trur det er likegyldigheit på nynorsk?...). Og det er ei ekkel kjensle. Ting skjer rundt deg, du er med, men det engasjerer ikkje. Det er det punktet då du lurer på om det er verdt det? Har det noko for seg at du står på, oppnår ein noko, gir det noko tilbake? Dersom konklusjonen er nei, har ein problem med å halda motivasjonen oppe, og i det heile: EIT STORT PROBLEM!. Eg må innrømma at eg er der av og til, og det er ei ekkel og ubehageleg kjensle. Skulle ønskja at det var ei krukke med motivasjon der ute, som ein kunne fylla på med når ein trong ein ekstra puff for å stå på. Men, den dukkar nok opp att, motivasjonen altså! Om det er i kjærleiken til borna eller andre, gleda over å vera den ein er, og ha det ein har, å kunna det ein kan, å oppnå framgang i det ein held på med, å ELSKA, eller andre ting som kan trykkja på motivasjonsknappen!

mandag 7. september 2009

Badeland vs ferjesamband! No er det alvor!

I tilrådinga frå rådmannen til badelandsaka (Luster bad) - som han jamvel er positiv til, badeland altså - foreslår rådmannen ein del innsparingspostar for å hanka inn att dei 5 mill. som er pårekna å koma i tillegg pr. år dei næraste åra. Dette er godt "valgflesk", må seiast - kjem jo i ei strålande tid i høve valget! Men, til saka: mellom innsparingspostane les eg då at ferjesambandet Ornes-Solvorn er ein aktuell innsparingspost!!! Om eg har vore skeptisk til det økonomiske biletet kring badelandet før, så er det ikkje lenger nokon tvil. For no er eg, som innbyggjar på Ornes - og avhengig av nemnde ferjesamband til skule og jobb, faen meg så drit lei av å måtta kjempa for den ferja kvar gong det er val, budsjettdiskusjonar, innsparingar, m.m.m. Heilt sia eg var lita jente har eg høyrt om denne kampen, som med jamne mellomrom har kome fram, og til no, kvar gong vorte kjempa gjennom i meir eller mindre favør oss som er avhengig av ferja. Men, eg er så lei! Så mykje frustrasjonar, energi, spenningar. Det burde vera unødvendig! Eit badeland til knappe 100 mill. mot eit heilt bygdesamfunn som prøver å mobilisera til ei framtid her. For det er realiteten. Utan ferja reiser eg - og, for dei av dykk som ikkje ser det som noko "trussel" vil eg påstå at bygdeutviklingsarbeidet og tilflyttinga ikkje vil verka positivt på så mange andre som kan tenkja seg hit heller, utan denne viktige samferdsla over fjorden. Innsparing på kanskje 2 mill., er det verdt det - greier politikarane å sjå samanhengane her?? Det håpar eg verkeleg! For no er eg LEI!

mandag 24. august 2009

Nye vinklingar....

Først til kommentaren til innlegget mitt "same old song", berre så det er sagt: eg er i utgangspunktet i all hovudsak like glad i både austlendingar og vestlendingar eg :-), og eg tykkjer folk skal få reisa på ferie dit dei vil, og det var i grunn det eg ville seia om dei sakene. Eit par ting til vil eg få kommentera til kommentaren:

"Men hva skal de leve av? Fortell for en gangs skyld hvilke jobber er ledig her, som folk kan søke og få? Hvilken jord skal de dyrke?" For å ta det siste først: Det er inga jord tilgjengeleg for dei som vil kjøpa, for den tilhøyrer folk som bur langt vekk (gjerne Bergen...), og vert leigd vekk til dei bøndene som er att på staden. Når det gjeld kva jobbar folk kan få, vil eg koma med nokre forslag: Dersom du med "her" meiner på Ornes i Kroken eller på Sørheim er mulegheitene kanskje noko snevre, men me har då eit Båtbyggeri her (som treng arbeidskraft!), me har eit næringsbygg med mulegheiter for folk som ser mulegheitene til å utvikla eigne produksjonar, ev. ha "heimekontor" i eit fellesskap. Det dukkar vidare opp jobbar med visse mellomrom i både Sogndal, Gaupne på Hafslo og på Skjolden. Alle desse stadane er etter mi vurdering aktuelle arbeidsstadar for folk på sørsida, i større eller mindre %, alt etter kva andre ressursar/mulegheiter ein ser på staden ein bur, og kva krav til levestandard ein har. For folk på Ornes og i Kroken er kanskje Hafslo, Sogndal, Gaupne og Skjolden like aktu som dagpendlarstadar, medan folk på Sørheim kanskje vurderer Gaupne og Skjolden som mest aktuelle i høve avstandar.

I bynære område er det ikkje uvanleg å pendla 30min-1t til jobb, og her er det snakk om avstandar innafor dette tidsrommet....

For nokre veg det tyngre å bu slik (landleg)- og ein er villeg til å kutta ned på levestandarden for andre verdiar, medan for andre kan det vera andre verdiar som veg tyngst. Prioriteringar!

Til slutt ein ny vinkling som har vorte omtala i avisa NATIONEN den siste tida: (henta frå Nationen, 10.08.09):
"Mosentralisering
Hytteeierne i Sjusjøen er en del av en motsentraliseringsprosess, mener seniorforsker Winfried Ellingsen ved Agderforskning. Prosessen har foregått i 20-25 år, men den har aldri vært så intens som nå.
– Ved siden av sentraliseringen foregår det i dag en moturbanisering, sier han. Ifølge Kjell Overvåg ved Østlandsforskning er halvparten av Norges befolkning tilgang til en fritidsbolig. Og jo høyere standard hytta har, jo hyppigere bruker vi den.

– Jeg mener at det blir for ensidig kun å se på den faste bosettingen når en skal se på befolkningsutvikling i distriktet, mener han.

Har betydning
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) mener at trenden har betydning for bosetningsmønsteret.
– Etter hvert kan det bli aktuelt å se nærmere på forhold som berører hyttefolk, som lokal stemmerett, deling av skatteinntekter og økonomien til hyttekommunen. Men jeg mener at vi ikke er der ennå, fortsetter hun."

For å presisera enda ein ting før eg kjem med ein liten provokasjon: Eg ser på "hyttefolk"/ferierande i området som ein stor ressurs - utan tvil! Men så er eg no freista til å koma med ei samanlikning når det gjeld moturbaniserings-debatten i Nationen: Det er nesten som med fattigdomsgrensa; når fattigdomen aukar, senkar ein grensa for fattigdom (så ser det heller ikkje så gale ut på statistikkane...), når sentraliseringa går for raskt - nyanserer ein synet på kven som "er innbyggjarar" i ei lita grend og vips ser det ikkje så gale ut der heller!

Svar/kommentar til "same old song"

(Mannemi beklagar at eg ikkje har dette ut tidlegare....forsvant ei stund i "ferieposten"....)

Jeg beklager, men din hjemmeside er utilgjengelig for meg. Først la jeg inn et innlegg som google-bruker. Da forsvant det. Så skrev jeg et nytt, og prøvde med open ID. Det forsvant. Nå sender jeg et tredje, og jeg håper at du legger det ut på bloggen din som svar på gammal sang.

Mannemia mi, jeg synes at du er urettferdig mellom øst og vest. Etter å ha gått samme turen, veit jeg at trampolinene fordeler seg likt på Oslo og Bergen. Hvorfor er du så ergerlig på østlendinger og Oslofolk? Hva med dem som reiste til Bergen eller andre steder på Vestlandet, hadde de bedre grunner til å reise hjemmefra? Og større grunn til å komme hjem på ferie?
De som kommer på ferie her, er etterkommere og slektninger av dem som bor her nå. Grunnen til at de dro, var at gårdene ikke kunne brødfø alle. Noen reiste kanskje fordi de hadde lyst til å bo et annet sted, for eksempel i en by? Det er bare fint at folk kommer "hjem" på ferie. Det betyr at de holder husa i orden og treffer søsken og venner. De kunne ha valgt å reise til Torremolinos. Folk er fri til å reise hvor de vil på ferie.
Det bor flere nordmenn i USA enn i Norge. Ingen blir sure når de kommer hit, selv om de reiste av samme grunn; fattigdom og mangel på muligheter til å livnære seg. Vi sier ikke at de skal komme tilbake og bo i huset og finne seg jobber her.
Svigerfamilien min flytta til Årdal og aluminiumsverket på 1950-tallet. Flere ganger har Reidar fått brev fra Årdal kommune med spørsmål om han kunne komme tilbake. De spurte aldri etter meg, så det ble aldri vurdert.
Alle vil selvsagt at det skal bo folk i alle hus og unger skal løpe ut og inn. Og hoppe på trampoline. Vi ønsker oss et land i full drift.
Men hva skal de leve av? Fortell for en gangs skyld hvilke jobber er ledig her, som folk kan søke og få? Hvilken jord skal de dyrke?
Du er så konstruktiv i alle ting, Marianne. På dette området har du snart gått i stå. Og det er ikke konstruktivt.
Hilsen Grete

torsdag 13. august 2009

Sommar på hell....

Det er visst snart haust! Dei første orange blada gløttar fram og natta er svartare enn ho har vore på ei stund. No må me gøyma dei lyse sommarnettene i minnet, og ta dei fram att når det vert som svartast. Ferien er over og kvardagen er på plass att, og litt godt er det faktisk, litt. Eg skal ikkje bruka tid på å skriva om at sommaren har gått som ein vind, faktisk tilsynelatande enda fortare enn tidlegare år (ja, no brukar eg visst noko tid på det loll..), for dette trur eg rett og slett er eit faktum: tida går ikkje like fort for born og vaksne. Etter sommaren har og brått borna vorte eitt år eldre. Eldstejenta skal i storskulen og den yngste i første klasse. Det vil seia INGEN FLEIRE BARNEHAGE FORELDREMØTE! I alle dagar, kor gamal er eg eigentleg, og når vart eg det? Ja, ja, eg prøver hardt å sjå føre meg mange fine haustkveldar og dagar saman med vener og familie, hobbykveldar kring stearinpynta bord, med regnet og hauststormane piskande utanfor, strikking av enda fleire pulsvarmarar (som er noko av det einaste eg verkeleg tykkjer eg får til når det gjeld strikking..), raudvin og ei god bok i godstolen og etterkvart snøen.. Men, ein ting av gongen: først skal hausten nytast!

søndag 19. juli 2009

Same old song.....

Eg vandra meg ein runde i mi barndoms bygd (klisje) her um dagen, og det eg såg gleda meg storvegs. Den første garden (småbruket) eg kom til hadde ei trampoline nett utom døra, den andre garden (småbruket) hadde ei enda større trampoline utom nåva. Vaksne og born hoppa og helsa (som regel i omvendt rekkjefølgje..) på meg der eg gjekk forbi dei. Sola skein (sjølvsagt!). Eg gikk vidare og traff fleire kjende og kjære eg slo av kortare og lengre samtalar med - og vel heime sto utedøra på vid gap, og seks ungar gikk inn og ut, skratta og lo, vart svoltne og fekk mat - og soli skein..... Trampolinene vert nok tatt ned att om ei veke eller to, og brakt tilbake til heimstaden Oslo, eller i allefall austover ein stad - sjølvsagt. Så lever me på minna og håpet om at trampolinene får stå der permanent ein gong i nær framtid, når dei finn ut at her vil me bu meir enn berre i feriane. Her i denne flotte bygda, med dei kjekke naboane ; )

fredag 10. juli 2009

Livet er ingen kladd...

Har fundert litt over dette livet vårt, i lys av boka eg held på med: "livets uutholdelige letthet" av Milan Kundera. I motsetnad til eit måleri, t.d., finst det ikkje noko mulegheiter for å laga eit førsteutkast av livet - for deretter å justera ting undervegs som ein ønskjer anleis. Eit viskelær, som viskar ut det ein ikkje likar - det ein finn ut ikkje er bra - og som samstundes set oss tilbake i tid. Me kan ikkje "kladda" livet vårt før "the real thing"! Livet er her og no! OK, me kan endra kursen undervegs - men me ber med oss "bagasjen", alt det me har erfart tidlegare på godt og vondt. Når me står overfor val, som t.d. kva yrke me vil læra oss, eller kva livspartnar me skal satsa på, ja, då vel me ut ifrå den følinga me har der og då for kva dette valet vil innebera for oss framover. Me kan ikkje prøva det eine, for så å finna ut at kanskje det var det andre som var det beste - og gjera dette om. Nei, me er og verkar HER og NO! Dette er, om ein problematiserer (noko eg til tider likar å gjera..) litt frustrerande å tenka på - men, dette er LIVET!

torsdag 2. juli 2009

To fine dikt.....

(Fritt omsett til nynorsk...)
Ein gong iblant
Ein gong i blant skulle ein ta seg tid til å gjera nær sagt ingenting.
La timane rusla litt sakte forbi og la tankane fly litt i ring.
Ein gong i blant skulle ein stoppa opp- utan føremål og utan grunn,
berre sitjae i fred med sin kaffekopp og berre "vera" ei lita stund.
Ein gong i blant skulle ein roa seg ned og sjå alt i litt større perspektiv -gi tankane tid til å dvela litt ved kva ein eigentleg vil med sitt liv.

Randi S. Nielsen

Ord over grind
Du går fram til mi inste grind, og eg går òg fram til di.
Innanfor den er kvar av oss einsam, og det skal vi alltid bli.
Aldri trenge seg lenger fram var lova som galdt oss to.
Anten vi møttest tidt eller sjeldan var møtet tillit og ro.
Står du der ikkje ein dag eg kjem fell det meg lett å snu
når eg har stått litt og sett mot huset og tenkt på at der bur du.
Så lenge eg veit du vil koma i blant, som no over knastrande grus
og smile glad når du ser meg stå her, skal eg ha ein heim i mitt hus.

Halldis Moren Vesaas

søndag 28. juni 2009

"Tilværelsens uutholdelige letthet"

Eg er i gang med Milan Kundera si bok med ovanfornemnde tittel - og so far (s.103), so good. Undrar om det er fleire der ute som har lese denne boka, og vil dela sine "erfaringar" med den? Så skal eg koma attende med mine, litt lenger ut i løypa!

tirsdag 16. juni 2009

Fasader

What to think, what to say... Ikkje allverdens av meiningar om mangt og mykje å spora her for tida! Eg er på veg inn i feriemodus, og gledar meg over nedteljing av arbeidsdagar til Danmarksturen! Årets familieferietur! Eg har, når eg tenkjer meg litt om, tenkt litt på noko eg las på ein anna blogg her om dagen: "omdømebygging"-dette med kor viktig, og "i vinden" det er å framstilla t.d. ein kommune eller ei bygd på ein god måte. Å ha eller skaffa seg eit godt omdøme, som middel for å oppnå at folk oppfattar staden som flott, fasinerande, triveleg, trygg, o.s.b. for å kanskje hala hit nokre sjeler. Omdøme - då tenkjer eg, av ein eller annan grunn, litt sånn "kva naboen meiner/tykkjer om meg". Me må halda fasaden, slik at me vert oppfatta slik me ønskjer å bli oppfatta! Men, det ligg nesten i "sakens natur" at då er det eit og anna ein må gå på akkord med. For å få fram det verkelege, djupe, ekte i ei bygd eller ein kommune må ein ta med seg, og ta utgangspunkt i "rått og råte" - og starta der. Det er ikkje berre å klistra opp eit "glansbilete" og seia at: slik er det her, dette er bygda vår - for så å prøva å leva opp til det. Ja,ja, ein kan vel kanskje gjera det slik - men ein slik fasade er sårbar for dei indre kreftene. Erkjenning av og kunnskap om korleis eit samfunn er og fungerer er viktig for utviklinga av det. Dette er utgangspunktet! Så, for å "landa litt" att, og kanskje få fram poenget mitt: Alle konsulentar kringom som skor seg på å byggja omdøme må kanskje grava litt djupare i dalane og langs fjordane (og kvar dei elles måtte få oppdrag), for å unngå at det vert fasadebygging - for å få grunnlaget for utvikling på stødig grunn - og for å gjera seg fortent til dei SKY-høge timeprisane sine.....

fredag 15. mai 2009

Eg har blitt tante att!.....

Til ei nydeleg, kjempesøt jente, som snytt ut av nasen på tante Marianne ; )Alt vel med mor, far, storesøster og den vesle. Eg må erkjenna at eg kjenner litt ekstra etter ved slike høve..., om det rykkjer litt i eggstokkane. Og sant å seia så er eg ikkje sikker. Slett ikkje sikker på om eg er ferdig med dette "skapande livets under". Den biologiske klokka er noko "drit", ja, for den tikkar som besett, visstnok, og kanskje det er den som ringjer ekstra hardt når det skjer slike gledelege eventar i så nær familie? For denne klokka er det ikkje hjelp i å trekkja opp att når ho stoggar, nei, såpass er sikkert! Men, no har eg og mannen to flotte, flinke og greie jenter, og bør nok vera godt nøgde med det - og det er me! Men, likevel: er eg heilt ferdig med "produksjonen"? Tja, no er det slik at ein må vera to om noko slikt, og eg har eit sterkt inntrykk av at mannen i familien er "fint ferdig" med småbarnsperioden, og då regulerer dette seg sikkert sjølv. Eg er og ganske viss på at dette kanskje vekkjer nokon(!) av lesarane, som meiner eg bør ta saka om å auka innbyggjartalet på sørsida "i eigne hender", til å leggja inn ein ekstra innsats i å påverka meg, etter å ha lese dette......Men, då kan eg beroliga dykk: dette er upåverkeleg for "ytre krefter". Dette må eg finna ut av sjølv - og i samråd med ein frå det andre kjønn - slik er det berre ; ).

torsdag 7. mai 2009

Bygging i strandsona...

På NRK Sogn og Fjordane si nettside står i dag å lesa om fylkesmiljøvernsjef Yndesdal sine ytringar kring bygging i strandsona. På onsdag hadde nemnde mann òg eit lesarinnlegg om temaet i Sogn Avis. Frå 1.juli vert reglane om forbod mot bygging i 100-m sona innskjerpa, og det skal verta vanskelegare for kommunane å dispensera frå forbodet.

Bygging i 100-m beltet har vore, og er eit omdiskutert tema. Ikkje minst i høve store demografiske skilnader i landet vårt og behovet for eit slikt vern av strandsona. Eg bur i Luster Sogn og Fjordane, som Yndesdal, og når eg ser kring meg er det mykje fjord og strandsone, men som Yndesdal og er inne på: ikkje allverden mykje av denne sona er tilgjengeleg, eller tilrettelagt tilgjengeleg for folk flest. Eg har feriert i Solund nokre somrar, og etter hugset var det ein heil del strandlinje der òg....På mange av øyene der ute er det vel knappast plass til eit hus på midten, dersom ein skal måla seg 100 m inn frå strandkanten (om ein kan trekkja dette litt langt) - og det vert det vel ikkje noko bygdesamfunn att av!

Yndesdal er "bekymra" for at regelverket vert praktisert svært ulikt i landet vårt. "Det er store variasjonar i tolkinga av regelverket i kommunane", seier han. Men eg må seia at dei store variasjonane i geografiske og demografiske føresetnader for husbyggjing tilseier ei viss grad av fleksibilitet dersom lovverket skal fungera.

I utkantane der kanskje hovudutfordringa er å få folk til å koma å busetja seg er det eit dårleg alternativ å "jaga dei inn i skogen, eller opp i fjellskrentane" for å koma klar av regelverket - her må vera rom for tolkingar! Men, med tolkingar meiner eg ikkje dispensasjonar - kanskje kommunane i langt større grad må tenkja meir langsiktig og strategisk i planarbeidet, enn i dag?

Det som iallefall er sikkert, og som eg meiner det er viktig å ha med seg, er som ein av "debattantane" på NRK S og Fj. si nettside påpeika :"Det er folket på kysten (og langs fjordane, red.adm ; ) til enhver tid som har skapt idyllane og livet der, slik vil det også være i fremtiden om ikke byråkratiet v/ rikspolitikerne, no set en stopper for det ved sine feilslåtte vedtak."

tirsdag 21. april 2009

Me "putlar no på"....

Ein dag i mitt kvardagsliv (for den som måtte ha interesse av å lesa om det, forrutan meg sjølv..). Måndag morgon (for å ta kvardagen med stor K, den som kjem rett etter helga), klokka ringjer 06:30, eg står opp, går ned smører matpakke, gnir jon-blundar og gamal maskara (om eg ikkje var vaken nok til å ta den kvelden før) rundt om i ansiktet med vatn, dekkjer frukostbord, dobbeltsjekkar vekeplanar for skule og barnehage (så me ikkje går glipp av ein badebag, eller kantinepengar.. - og går opp på loftet for å vekkja dei håpefulle som enda søv søtt under dynene. Ber yngstejenta ned på badet, der ho legg seg på golvteppet med morgonkåpa over seg i nokre minuttar (me har alle vårt morgonrituale..). Ropar ned eldstejenta. Begge kler seg, mannen syner seg i baderomsdøra og helsar god morgon. Alle et frukost. 07:30 er heile horven kome inn i bilen og klar til avgang. Ferja over til barnehage og skule, og etter avlevering der går turen til Lustrahovudstaden og arbeidsdag for meg og mannen. På kontoret står ein altfor sjeldan vaska kopp klar til dagens første, og viktigaste kaffiinntak. Klar-ferdig-jobb! Gjødselplanar, BU-søknadar, Inn på Tunet saker, jordlov saker og bygdeutviklingssaker. Det siste er hjartesaka (som sikkert nokre har hatt mistanke om ; ). Arbeidsagen går mot hell, og nokre av postane på "post-it" hugse-å-gjere-i-dag sakene er utstreka med markør, men det står ALLTID nokre att.... Det er mykje ein vil, og litt ein får til... av og til meir, heldigvis. Avgarde til barnehagen for å henta yngsta (eldstejenta er heimfaren tidlegare, og godt ivareteke hjå mormor og bestn). Handlar dei naudsynte tinga som er nedskrive på handleliste + 20 ting til (dersom eg handlar..., dersom sambuaren handlar vert det ofte med dei naudsynte..). Heim med ferja, middagslaging og eting. Leik, rydding (som sjeldan syner att til neste dag...), lekser og så: ungane legg seg, og eg og mannen glåmar på Tv-boksen, eller har "djupe", eller fjasete samtalar om livet, utfordringar, og div. Leggetid. Godnatt! Vel det var ein vanleg kvardag, og dei er det som kjent flest av! Innimellom vert dei krydra med store og små, planlagte eller uplanlagte hendingar, og dette er livet. "Alle dei dagane som kom og gikk. Ikkje visste eg at dei var sjølve LIVET". Men, me veit det...eigentleg, må berre sei det til meg sjølv av og til!

søndag 12. april 2009

Påska

Påskeferien i år har omfatta mykje og mangt, og samstundes vore avslappande nok, og det er der kunsten ligg! Me har halde oss i heimen i påska. Å reisa på ferie var ikkje så aktuelt i alle høve, for alle kjem jo på ferie hit! Familie og vener flokkar seg og då er det jo like godt å halda stand der me er. Veret har ikkje vore av det beste denne påska, kan me vel hevda, men ein tur i slalombakken har det no vorte, og grilling i stranda! For meg er det nesten like mykje påske å trekkja mot fjorden som mot fjellet, nesten.. Barndomspåska var einstydande med fjellet, og Turtagrø. Trur nesten det er første påska eg ikkje har vore der på så lenge eg kan hugsa...Men, kjekt har me no hatt det. Begge tanteungane har vore på besøk i området, og tante "heilt-borte" presterte å ta med den eine (som har pollenallergi) i høyet, og den andre (med nøtteallergi) fekk to store skiver med nugatti her ein morgon. Det gjekk godt med dei begge, det skal seiast, men eg bør kanskje prøva å skjerpa meg litt der.. Siste dagen i påska har alle påskeferierande reist til seg og sitt, bygda er igjen roleg - for roleg - men snart er sommaren her! Då strøymer nok folket på igjen til hus og hytter i grenda og livar opp! Me bur jo på ein så strålande fin stad...berre synd dei ikkje vil bli her og nyta dette landlivet på heilårsbasis! Men, me arbeider litt i skjul, og påverkar der me kan. "By-borna" tek me med rundt om i fjøs og hus, og lærer dei å setja pris på tilveret her! Med mange nok, og gode nok minne, så kanskje dei kjem att til oss! Det hadde vore fint det.....

mandag 30. mars 2009

Håp i hengande snøre?!

Landbrukseigedomar: Tydelegare og enklare landbrukslover! Dette er målsetnaden bak lovendringsforslaget, som no har gått gjennom høyringsrundane, og er klar til vedtak! Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk gir ei oppsummering av dei viktigaste endringane knytt til eigedomslovene i landbruk, og som omfattar endringar i odels-, konsesjons- og jordlov m.fl. Lovendringane skal gi "større forutsigbarheit og raskare avgjerder. Målet er å leggja til rette for utvikling og framtid i bygde-Norge". Dette meiner eg er "låvande saker". Det er ei kjennsgjerning at lovverket har representert uklårheit og uforutsigbarheit, og ikkje minst FRUSTRASJON i høve å forvalta dette i tråd med målsetnader for landbruk og busetjing i bygdene våre. Lovendringane medfører, så langt eg kan sjå, tydelegare reglar utan ein masse skjønn og vurderingsmulegheiter. Arealgrensa for kva som er ein landbrukseigedom går opp med 5 daa (til 25daa dyrka jord), javel, men dermed er og mulegheita for å søka utsetjing eller fritak for bu- og driveplikt tatt vekk for eigedomar over denne storleiken. Dersom ein ikkje ønskjer/vil busetja seg og driva landbrukseigedomen, må ein søkja konsesjon, og desse omsyna skal vurderast etter konsesjonslova. I tillegg er det ein anna regel som eg trur kan verta svært viktig i "kampen mot tomme hus/småbruk" rundt om på bygdene: Slektningar som overtek eigedomar må, på lik linje med andre som overtek, søkja konsesjon, og handsamast etter dette lovverket. Såleis kan kommunen, om dei ser mulegheitene med det...!, t.d. setja nullkonsesjons- grense for eigedomar, d.v.s. at alle eigedomsoverdragingar, uansett storleik, er underlagt konsesjon, og ein kan krevja buplikt, t.d. Dette er gjort i fleire kommunar allereie (60-70), men det nye er altså at også slektningar ved overdraging må søkja konsesjon.

Eg trur lovendringane vil gjera det raskare å handsama desse sakene (unngår, som dagens situasjon, langdrygne saker over fleire år med utsetjingssøknader, avslag, klagehandsaming, o.s.b., o.s.b.), ein får betre verkty for å ta tak i situasjonen med alle dei tomme småbruka/husa rundt om - DERSOM kommunen ønskjer å gjera noko med dette! Så vil tida syna om dette slår til! Eg kryssa iallefall tær og fingrar! Her kan de lesa meir om lovendringsforslaget: http://www.regjeringen.no/nb/dep/lmd/aktuelt/nyheter/2009/mars-09/landbrukseiendommer-tydeligere-og-enkler.html?id=551633

mandag 23. mars 2009

Å gi litt meir fae..

Ikkje noko fin overskrift, men den uttrykkjer no eingong det eg vil få fram i kveld: me må (generelt sett) læra oss å gi litt meir..... ja, eg veit ikkje kva anna ord eg skal setja inn her istadenfor: faen. Slutta å vera så opptekne av kva folk tykkjer og meiner om oss om me gjer slik eller slik. Det er no vel revnande det same, så lenge me har det godt med oss sjølve og dei me er glad i, og det ikkje er noko som går ut over andre på negativt vis? Me må tora å sleppa oss litt laus, ha det moro, kosa oss, gjera noko med draumane våre, tora å sleppa fram ukjente og uvandte idear og tankar, som kan føra til utvikling og glede, eller nederlag og flauser - men, då har me i allefall prøvd, og bør respekterast for det! Er det så farleg, spør eg meg sjølv. Er det så farleg om naboen snakkar om meg og påfunna mine som noko som "ikkje er vanleg å gjera her", eller som noko som "er galskap, og ikkje kjem til å gå bra..". Drit og, betre det enn at eg ikkje gjer det, av frykt for kva naboen vil seia/meina, og går og lurer på om det kanskje hadde gått bra, ja kanskje til og med rett bra - lell....... Me må læra oss, på ein positiv måte, å GI LITT MEIR FAE.... (fær meg ikkje til å skriva siste bokstaven her, av frykt for kva naboen vil seia....)

tirsdag 17. mars 2009

Masker, roller, rollespel og maskeradeball!

Det fins mange gode skodespelarar i Noregs land, og eg er ei av dei. Gjennom dagen og livet er det fleire roller som skal fyllast, rollespel som utspelar seg og masker som beskyttar. Med fare for å bruka høgtsvevande flokslar meiner eg me kan seia at livet består av mange scenar og rollespel, og at ektheita og det "å vera seg sjølv" møter utfordringar på fleire område. Av og til er det rett og slett for drøyt, og absolutt ikkje føremålsteneleg å ta heil ut "seg sjølvet" i ulike samanhengar..Ta jobben t.d.. Som sakeleg (!?) sakshandsamar skal ein handsama innkomande saker i høve lover og reglar og "normal" praksis på det aktuelle feltet. Så veit ein at vedkomande sak ein skal handsama er basert på lureri, og "testing av kor langt ein kan trekkja systemet", og det ein mest har lyst å skriva i vurderinga er: Vedkomande er ein jævla tosk som snor seg unna, og godtar seg då han veit han mest truleg og greier det.. Saka er for dum til at eg gidd bruka tid på å sakleg gi ei vurdering av den. Dette er meg sjølv, men dette er sjølvsagt ikkje føremålsteneleg å skriva i svarbrevet, så rolla som "god sakshandsamar" overtek plassen (på godt og gale). Følelsane våre er og av og til av ein slik art at det kan vera greit å kamuflera dei bak masker, for å beskytta både oss sjølve og omverda frå dei. Kor vidt ein tener på dette i det lange løp kan nok diskuterast, men det gjer ting enklare der og då. Masker, roller og rollespel er noko dei fleste av oss håndterer i større eller mindre grad, men verdien av å vera seg sjølv fullt ut bør etterstrebast, med ev. enkelte tilpassingar. For det er noko som seier at "målet heilagar middelet". Å le av ein dårleg vits, når det er sjefen som fortel den, og lønsforhandlingane er like rundt hjørnet...Dersom ein er trygg på seg sjølv, og kven ein er skal dette gå bra. Det vert verre dersom rollespela og maskene tek overhand i kvardagen, og ein misser grepet på kven ein eigentleg er og står for. Å ha "pusterom" der maskene kan leggjast vekk og der rollespela er underordna er viktig for "seg-sjølvet". Ta vare på dei!

fredag 13. mars 2009

BOLYST og BULØST vs. BUPLIKT

Plikt vs. løst. Det er utan tvil noko meir tiltalane med ordet løst, eller lyst. Odelslova og konsesjonslova fokuserer på plikt, ein har plikt til å BU og DRIVA ein landbrukseigedom over ein viss storleik, dersom ein vil overta den. Slik er det. Lysta er nok likevel den viktigaste og mest avgjerande faktoren å stimulera, dersom ein skal oppnå målet. Kva er det som skapar lyst til å busetja seg ein stad? Ein del grunnleggjande ting ligg i botn: mulegheita til å busetja seg ein stad der ein ønskjer å bu, d.v.s eit tilgjengeleg hus, vidare må ein ha eit arbeid å gå til, ev. skule og barnehage, tilfredsstillande kommunikasjon (vegar, ferje, bil, buss..). Og det er kanskje fleire av dei grunnleggjande "tinga". Men, så er det dei "andre tilhøva" som påverkar lysta vår til å slå seg ned på ein stad. Naboforhold, det sosiale, "det som skapar dei gode kjenslene" for staden. Dette er vanskelegare å setja fingeren på, og kanskje tilretteleggja for, for det kan vera ganske individuelt. Det kan vera ro, fin natur, tilgang til fjell, fjord og natur. Kva er suksessfaktorane i dei bygdene der dei opplever tilflytting? Desse "nøklane" er hadde det vore fint å få. For, eg trur ikkje det er nok å setja seg ned å venta på ev. tilflytingsstraumar ut frå byane, p.g.a. finanskriser og klimakriser, som forhåpentleg kan medføra at folk trekk ut i periferien, der det er rimelegare hus og reinare luft. Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko, det kan jo skje med tid og stunder... Kanskje me sogar kan "stela" litt av kva som legg grunnlag for "bolysten" i byane? Litt meir toleranse, avstand når ein ønskjer det, variasjon, og respekt for variasjon og ulikskapar. Desse "nøklane" skulle me altså hatt tak i her på bygda, så me fekk litt fart på sakene. Me er etterkvart mange om beinet, d.v.s. mange fråflytningstrua utkantar som strebar etter å nå dei sjelene som kankje kan tenkja seg eit liv på landet. Då er det ikkje nok å selja fin natur, høge fjell og fred og ro. Bortsett frå kysten (som ikkje har dei høge fjella..) kan vel dei fleste skilta med desse "lokkemidla". Kanskje me må by meir på oss sjølve? Og då snakkar eg om den "menneskelege faktoren". Kanskje annonsa, i tillegg til flotte bilete av naturen, syner menneska som bur på staden? Tja ikkje veit eg, men suksessnøkkelen skal me no få tak i, og reservenøkkelen med!

tirsdag 3. mars 2009

Jenter og små kvinner

Kor går skiljet i dag? Frå å vera lita jente til å bli lita kvinne. "Mamma, kan eg låna maskaraen og den farga lipglossen din når eg skal på elevkveld i morgon?" Det er eldstejenta som spør, og eg tenkjer febrilsk attende til farne år: når byrja eg å sminka meg som ei lita dame. Eldste jenta går i fjerde klasse, og "alle dei andre" får sjølvsagt gå med sminke. Eg var då eldre enn det!? Ungdomsskulen, trur eg, var eit skilje for min del. Då slutta gutane å ha gute-lus, og vart meir interessante å pynta seg for. Eg ser på ettermiddags-programma på TV'en: Hanna Montana, reklame for High school musical, Bratz the movie. Stappfullt av jenter/små kvinner med "make-up", korte skjørt, motar og fashion. Ikkje så rart kanskje at overgangen mellom å vera barn og lita kvinne vert pressa fram i stadig yngre alder. Men om dei visste det me vaksne veit om kor "sutaslaus" barndomen er i høve det vaksne livet, så hadde det kanskje ikkje hasta så veldig å bli så store så fort?! Jau, jau ein lyt vel berre følgja straumen og handla inn maskaraen like godt først som sist. Håpar berre ho kryp opp i fanget mitt for ei kosestund ein gong i blandt i mange, mange år framover enda!

fredag 20. februar 2009

EMPATI

Spaltist Andrine i Fylkesmagasinet hadde eit "alvorleg" godt innlegg her om dagen (kjenner eg må forklara "alvorleg"-omgrepet, som eg nyttar litt i hytt og pine: var på eit seminar for ei tid tilbake, og då var det ei trønderinne (ho-trønder..), som brukte dette ordet framføre det ho ville understreka ekstra, og det funka på meg. Så, då kopierer eg det ei stund, og ser om det har same verknaden for ei sognejinta sine yttringar). I alle fall: EMPATI, dette vetle ordet med så utruleg stor tyding for samhandling og samver mellom menneske, var tema i Andrine sine refleksjonar denne gongen. Dersom innhaldet i dette ordet var noko ein kunne tileigna seg på linje med matematikk og norsk, t.d., burde det snarast råd føretakast ei ny "reform" i skuleverket, der faget empati fekk topp prioritet.

Empati er evna til å setja seg inn i andre menneske sine tankar og kjensler. Å sjå saka frå deira perspektiv, og dermed forstå kvifor dei handlar som dei gjer. Å kjenna på kroppen korleis det må kjennast for dei. Mangel på empati er grunnlag for mykje ilt. Andrine gjev oss fleire døme på dette. Mange krigar botnar i mangel på denne grunnleggande eigenskapen; å sjå saka i eit anna perspektiv enn sitt eige! Kulturforskjelar er eit godt utgangspunkt for å trena opp empati-evna vår. Nye landsmenn som kjem til Noreg med sin bakgrunn og si forståing av verkelegheita. Ein høyrer ofte om konfliktar som botnar i "kulturforskjelar", og her er empati ein nøkkel til konfliktløysing. Ein anna situasjon med grunnlag i mangel på empati er mobbing. Hadde "mobbaren" hatt evna til å setja seg inn i mobbeofferet sin situasjon, hadde det nok vore mindre mobbing. Og for å snu på det: kanskje mobbaren, som framstår som tøff og uredd der og då, eigentleg er usikker på seg sjølv, redd for å missa vener, ha dårlege familieforhold, etc. Dette kan, om ikkje rettferdiggjera - i det heile tatt!, så iallefall forklara kvifor vedkomande oppfører seg som ei klyse! Lat oss slå eit slag for EMPATIEN, den kan vera nøkkelen til eit betre samfunn!

torsdag 19. februar 2009

I god (?) Hamsun ånd

Hamsun-året er igang, og dette vart markert i Tigerstaden i dag med m.a. gateteater og barnebarn som høgtideleg opna feiringa, og håpa at folk kan skilja mellom politikaren og forfattaren Hamsun (noko eg har vore innom før, og ikkje går inn att på no..). I god "Hamsun ånd" tek eg med nokre ord eg kom over her om dagen: "Lukkelege er tidene når fornufta og kjenslene går same vegen, dårlegare er dei når desse skil lag, og går kvar sin veg. Kva veg skal ein då ta?" Tja, det er nok viktig å følgja hjartet, og det var kveldens "visdomsord".

onsdag 18. februar 2009

Eg vil eg vil, men får me det til?

Eg vil så gjerne at folk skal vera vener, tolerera og respektera kvarandre, skryta av kvarandre sine bragder, støtta kvarandre gjennom skuggedalar, oppmuntra og gleda kvarandre. Eg vil at me skal bli fleire sjeler i bygda, at borna mine finn leikekameratar innan max. 5-10 min. gange. At eg har naboar å drikka kaffi hjå, og som drikk kaffi hjå meg. Eg vil at me skal gleda oss MED og ikkje AV. Eg vil nytta og nyta livet, og alt det har å by på. Eg vil ha GODE vener, også nær meg, som kan høyra på meg; om både vér og personlege ting, og som eg høyrer på. Eg vil, eg vil - og håpar me får det til!! Litt etter kvart.....

søndag 15. februar 2009

Fjordis og bålkos!


Har hatt ein flott dag på fjord-isen i dag. Fjorden kan ein tydelegvis kosa seg med både sommar og vinter. Skøyter, bålkos, kaffi, vener og familie og litt fisking. Om skøyteferdigheitene ikkje var på topp, så var humøret farleg nær, og dette er noko me definitivt skal gjera oftare (berre isen held...)!


tirsdag 10. februar 2009

Å vera glad for det ein har..

Her om dagen kom det meg for øyra at ein ulikskap mellom Noreg og nordmenn og folkeslaget i eit anna land i Europa m.a. er at me her i Noreg ikkje er glad for det me har. Me klagar og syt og er ikkje nøgde med liva våre. Dette er nok sett på spissen og generalisert, men det utløyste tankeverksemd for min del. For, me har det generelt sett "alvorleg godt" her i landet, men me er nok ikkje flinke nok til å sjå det. Klisjear som "mykje vil ha meir" og "graset er grønare på andre sida av gjerdet" støar opp om dette. Trur ikkje graset er så mykje grønare i Kongo, eller på Gaza t.d..... Kanskje dette er noko me kan kursa oss i? Å læra oss å sjå kva me har, og setja pris på det? Det vera seg vener, familie, hus og heim, arbeid, o.s.b. Ein e-post eg fekk inneheldt noko av dette, fritt etter hugset: "Eg er glad for straumrekninga, for då veit eg at eg har varme og lys i heimen min, eg set pris på den store kleshaugen i vaskekjellaren, for då veit eg me har nok av klede å ha på oss, eg likar rot i leiker og kaniner under sofaen, for då veit eg eg er omgitt av menneske eg er glad i, eg likar telefonrekningar som syner at eg har vener og kjende eg kan ringja", o.s.b. Ei slik positiv vending av noko som i utgangspunktet vert oppfatta som negativt kan gjera noko med mentaliteten, trur eg. Vel, det var no nokre tankar eg har gjort meg i kveldinga.

fredag 6. februar 2009

Harens år

På grunn av div. sjukehusopphald, venteliste på biblioteket, tilgjengelegheit m.m. har eg no lese "Jeg forbanner tidens elv" av Per Petterson (istadenfor "Kollektivt sjølvmord av Arto P. som eg annonserte som neste bok ut her tidlegare). Dette var ei forundarleg bok, som eg sant å seia sleit litt med å finna målet og meninga med...Det høyrdes ikkje bra ut, men slik vart det no for min del. Kom gjerne med mot"argument". Eg er no igang med "Harens år" av Arto Paasilinna, og eg er framleis "djupt begeistra" for Arto'en. Han skildrar inngåande desse A3-personane (motsatt av A4), med sine utanomvanlege liv.

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko ; )

Dersom de har sett innom denne sida før, har de kanskje fått med dykk at underskrivne har uttrykt frustrasjon over å vera delvis avskore frå resten av verda (les: ikkje hatt tilgang til e-post og div. mapper heimefrå). No har denne frustrasjonen, urovekkjande kanskje?!, gått over til noko anna. For frå å vera delvis avskore frå "e-post verda", har eg siste veka vore HEILT skjerma frå å kunne senda eller motta mailar frå både her og der (kontoret). Frustrasjonen over dette har gått over til å bli, tja, ei lette (nynorsk for lettelse?)?! No har eg ei utruleg (!?) god unnskylding for ikkje å ha fulgt heilt med i verda (eller jobben..). Når folk spør meg om eg har sett den og den førespurnaden sendt på e-posten, så svarar eg, "nei, for eg har ikkje tilgang til e-posten min!". Og då er det sjølvsagt ei god nok forklaring på saken. Høyrde på "Grosvold" tidlegare i kveld at Lars Lillo Stenberg (De Lillos) ville innføra eit nytt verb til ordboka: å hugsegløyma. Eg trekk litt parallellar til den snikande avslappande kjensla til å ikkje kunne motta og senda e-post til forklaringa bak det "nye ordet", nemleg at i dag er det så mykje informasjon som skal mottas, tenkast på, planleggast, svarast og handlast på at ein nesten er nøydd å hugsa å "gløyma" noko av det, dersom ein skal kunne ha det greit med seg sjølv og andre. Hjerna vår må få ut noko informasjon og aktivitet for å få inn ny! Kapasiteten kan sikkert variera frå individ til individ, men. Ja, ja, medan eg ryddar i kapasiteten min (ved å innta avgrensa -ingen-informasjon frå e-posten), arbeider dei på spreng for å løysa "e-post mysteriet", så måndag bør nok hjerna vera rydda og klar til innsats. Då ligg det nok nokre e-postar og ventar på hjernekapasiteten igjen. (Når eg no les gjennom dette innlegget, kan eg sjå at det verkar som eg ikkje er heilt avslappa til faktumet: ingen e-post-tilgang, i og med at eg mel oppatt og oppatt om dette, men: EG ER NO FARETRUANDE AVSLAPPA TIL HEILE GREIA; BERRE SÅ DET ER SAGT EIN GONG TIL!!

fredag 30. januar 2009

"Sippeguri"

Eg er ei "sippeguri", heilt klart og utan tvil. Dersom du slår dette opp i ordboka tvilar eg på at du finn noko god forklaring på ordet, men det skal du få hjå meg. Eg sippar og vert blaut i augo for det mest utenkelege og utrulege du kan tenkja deg. Ta t.d. "Jul i Svingen", eit uskuldig barnetv-program, som gikk kvar dag før jul her for eit par år sida. Sluttmelodien i den serien var nok til å "slå meg ut", tårene rann og eg prøvde beskjemma og i sjul for borna å snufsa frå meg utan for mykje lyd og saltvatn... Det var berre slik ein rørande melodi! No sist: "Mamma mia" med alle desse sentimentale ABBA låtane. Der kom det ein song som omhandla dette med borna som vert alt for fort vaksne, kvar vart tida av..., det var så mykje me skulle gjera saman..., o.s.b. - sipping og tårer i strie straumar. "Kva grin du for no då mamma?" Nei, jau... det er så rørande tekst. "Kva betyr rørande, mamma?" Nei, jau... det er litt trist, liksom. "Å, ja, du grin no for alt muleg rart du, mamma!" Og det gjer eg verkeleg. Ei kanskje nærliggjande forklaring på auka hormoninnhald i kroppen er jo: graviditet, men det er det altså ikkje i mitt tilfelle. Den einaste forklaringa i den retningen må vera at det "heng att" eit hormon eller to frå forrige svangerskap, som skapar seg galne i delvis upassande situasjonar. Det er vel forsåvidt verre ting å henga seg opp i her i verda, som matkrise, finanskrise og influensa..?, men, det var no berre det eg ville seia; at er det nokon som førler seg litt i mangel på hormon, litt kjenslekalde og elles utafor, så har eg hormoner til sals her!

torsdag 29. januar 2009

Over stokk og stein...

Nei no får det altså vera nok! P.g.a. ein eller anna data-jypling-virus-lagande-nerd har eg vore utan e-post (heime), og tilgang til mykje av det eg skulle hatt tilgang til på heime pc'en min i over ei veke. Når i tillegg influensa eller kraftig forkjøling, eller kva det no er, herjar i familien, og gjer at eg og mannen må veksla mellom å vera heime med sjuke born (og delvis oss sjølve - sjuke altså), og absolutt burde kunne hatt mulegheit til å arbeida heimefrå. Iallefall, når det m.a. er eit større seminar som skal gå av stabelen om litt over ei veke, og som det i siste time må gjerast større endringar i programmet på - noko som medfører auka telefon og e-post aktivitet til alle involverte... Ja, så er det søren meg ikkje heilt som det skal vera! Temperaturen stig, bokstaveleg og billedleg, og så - oppå all denne elenda greidde eg å GLØYMA mobilen min på arbeid i dag!!!(og me har ikkje fasttelefon...), og eg skal då etter planen ikkje på arbeid før på tysdag! Då er det eg byrjar å lura på korleis alt dette heng saman, og korleis eg eigentleg er navla, for dette er då nesten for dumt til at det skal gå an? Men, det går an, og her sit eg og bloggar ut av meg frustrasjonen, og tenkjer på at det eigentleg er "litt skummelt" kor avhengige me er blitt av denne teknologien for å fungera. Det ordnar seg nok til slutt, det gjer ofte det, og når det gjeld telefonen, så skal sambuaren på arbeid og får tak i den i morgon...

mandag 26. januar 2009

Desse mørke vintermånadane....

Januar og februar er eigentleg ikkje blant favorittmånadane mine. Mørke og kalde. Jula med alle dei sprakande lysa er pakka vekk, og det er ...mørkt. Men, det gjeld å halda motet, tolmodet og sinnet oppe. Det fins då stearinlys, og ved til å stappa i Jøtulen! Og det er lys i enden av den mørke tunellen - sola skin litt lenger for kvar dag, og det merkar ein allereie ved at det framleis er snev av lys når ein kjem at frå arbeid ein måndags ettermiddag. Jau då, me skal nok greia oss over kneika i år og!

fredag 23. januar 2009

"De hengte revenes skog"

Jepp, Arto er ein av favoritt-forfattarane mine no! Eit saftig språk, herlege, litt halvgale karakterar (iallefall ikkje A4-takk og lov!), eit merkeleg samansett scenario med desse atypiske personane som for ei tid lever saman i ei hytte i dei finske skogane. Galgenhumor og fantasi, og ei snodig blanding av skoltesamar, drukne majorar, tjuvar og mordarar, og så denne skogen då, som til slutt vert siste endestaden for ei mengd tyske turistar....! Denne boka vil eg absolutt anbefala til fleire, og eg for min del "hoppar" vidare til "Kollektivt sjølvmord" av same forfattar!

torsdag 22. januar 2009

tirsdag 20. januar 2009

Heia OBAMA !

Vil berre seia HEIA OBAMA, og måtte alle gode spådomar gå i oppfylling for det amerikanske folket og resten av verda!

Muleum - ferdig! De hengte revenes skog - påbyrja!

Muleum, som syner seg å vera "museum" på barnespråk, er ferdig lest, og her er dommen min: Ei god bok, utforma som dagboka til ei ung jente som på tragisk vis misser begge foreldra og ein bror. Språket er "fandenivolsk", vil eg seia, prega av sinnstemninga til denne jenta. Ho har mista livsgneisten, og mykje av tankane hennar svirrar kring korleis ho på best muleg vis kan fölgja familien "til himmels", altså ta sjölvmord. På denne "ferda" går ho mellom anna gjennom ein högst uplanlagt graviditet. Dette er vel eigentleg det einaste eg reagerer på som noko "litt lite realistisk" i boka. Men, det er òg ein vesentleg og viktig del av boka, då dette er med på å snu "sorga til glede" for jenta. Derfor, trur eg, eg hengde meg litt opp i akkurat dette. Eg tok meg sjölv i å skulda litt på at det jo er ein mann som har fört pennen, og at det derfor naudsynt vis må mangla litt på kunnskapane kring å vera svanger. Det eg tykte var noko merkeleg var, for å problematisera noko som kanskje ikkje burde problematiserast.., kor lite merkbart dette svangerskapet var. Ingen ömme bryst, ingen kvalme, ingen "djupare tankar" kring dette med at det var eit barn i magen til denne stakakkars jenta, inga skildring av etterkvart trongare klede - og då sett i lys av at det er ho som skriv dagboka. Brått var berre barnet der, på eit vis, og redda jenta - og boka (for min del : )! Ja, ja, noko skal ein vel henga seg opp i - og eg tenkjer at det kan jo vera dei som har så "enkle" svangerskap òg. Kva veit eg! Summa summarum: ei god, og absolutt lesverdig bok!

No er eg i gang med "De hengte revenes skog" av Arto Paasilinna. Kom gjerne med synspunkt på dei to nemnde bökene, dei som måtte ha lese dei!

fredag 16. januar 2009

Motsetnader

Eg er glad i utfordringar - eg er redd for å ikkje meistra nye situasjonar
Eg er glad i jentene mine - ingen (nesten) kan gjera meg så sint som jentene mine
Eg er glad i å reisa til nye stader - eg elskar å vera heime
Eg likar å nyta "einsemda" om kvelden etter at alle andre har lagt seg - eg er selskapssjuk
Eg tykkjer jobben min er interessant (for det meste..) - helga kan ikkje koma fort nok
Eg er nøgd med livet mitt (stort sett) - det er så mykje eg kunne tenkt meg, og lista er ikkje uttømmande....
Oppsummert; livet består av motsetnader, noko kan forklarast med humør, dagsform, situasjon, m.m. medan andre ting ikkje kan, og kanskje ikkje bør, forståast. Slik er det berre! Som oftast veit ein kvar og korleis ein vil ha det, medan vegen dit ikkje alltid er like klår....

tirsdag 13. januar 2009

Hamsun? Ja takk!

Teatersjef Otto Homlung ved Trøndelag Teater stiller seg imidlertid kritisk til feiringa av "den nazistiske forfatteren Knut Hamsun", og erklærer teateret for hamsunfri sone i jubileumsåret. Dette kunne ein lesa på adresseavisa si heimeside i går. Ein kan vel kanskje seia at premiera på filmen om motstandsmannen "Max Manus" heller ikkje var det beste "startskotet" på Hamsunåret 2009, eit noko uheldig samantreff...
Men eg er vel av den oppfatning at det må vera lov å vera sterkt motstandar av det Hamsun stod for, og samstundes vera sterkt imponert av forfattaren Hamsun, og evna han hadde til å formidla kjensler, og det indre livet i menneska. Å skilja sak og person, meiner eg! Debatten kring temaet kan elles følgjast Her!

søndag 11. januar 2009

Krisepakkar

Krisepakkar kjem i mange former no om dagen. Den økonomiske krisa har eskalert opprettinga av desse "krisepakkane", som skal demma opp, ev. utsetja, den fullkomne (uunngåelege?)KRISA. Men, korleis er dette eigentleg. Kan me veksa og veksa, industrielt, økonomisk og elles til det uendelege? Er det ikkje noko endeleg tak på denne veksten? Det trur eg nesten det er. Og "krisepakkar" hjelper kanskje ei stund, hindrar nokre prosent auke i arbeidsløysa, og staggar nedturen.... Men, ein må kanskje - i eit litt lenger perspektiv - ta inn over seg at fleire enn oss i den meir velståande delen av verda vil opp på eit meir "velståande nivå", at ressursane som ligg til grunn for vekst ikkje er uendelege, og at me må snu litt på korleis me forvaltar det me har rundt oss... Kanskje me kan greia oss med litt mindre? For som eg høyrde i eit interessant program her for ei tid attende: Det er ikkje jorda me må redda, det er faktisk oss sjølve - menneska - for jorda overlever alltids, med eller utan oss...

lørdag 10. januar 2009

Muleum av Erlend Loe

Er godt i gang med "Muleum", så vidt eg veit siste boka til Erlend Loe (for vaksne). Det er tunge tankar hjå ei ung jente som misser sine næraste i ei flyulukke, som pregar boka (så langt). Må strikka litt på ullpleddet mitt innimellom for å få opp att humöret.. For det er tragisk. Eg har imidlertid kikka litt på siste side (noko eg vil understreka eg ikkje har for vane å gjera, unntatt i naudshöve- berre litt, men nok til å skjöna att det ikkje endar så verst likavel!). Har lese Doppler om den "moderne" mannen òg, og dette var ei heilt anna bok i ein ganske anna sjanger. Nokre tankar eg gjorde meg etter den boka var: "Stakkar dama til mr. Doppler!", "for ein egoist!", og "Det der kunne nesten eg, til tider - iallefall i ei "noko mindre drastisk form" ha tenkt meg!!" Det var det der med kva som vert forventa av ein, samvitet, det ein eigentleg önskjer ut av livet, o.s.b.......

onsdag 7. januar 2009

Litt om bøker...

Eg likar godt å lesa bøker, og dei seinare åra (etter at jentene har vakse litt til) har eg etterkvart lese litt av kvart. Ønskjer å dela "bok- og forfattar-erfaringar" med andre som kanskje har meiningar om ulike bøker. Det er no tanken, iallefall - som ein slags "mini-internett-bok-ring", kanskje? Me får sjå korleis det kan bli!

tirsdag 6. januar 2009

Feriedagen

Kvelden før siste feriedagen, og planen er klar: Sova lenge (iallefall til 09:00!), jentene står opp sjølve - har overnattingsbesøk- og vil leika i fred og fordragelegheit store delar av morgondagen. Eg står opp - utkvilt, lagar frukost til oss, og har deretter ingen, INGEN planar, ingen "forpliktingar", ingen som forventar noko spesielt av meg, ingenting..Huset ser noko bomba ut, men det skal eg greia å oversjå. Mannen skal på utearbeid, og er allereie på veg ut døra når eg kjem ned. Total sjølvdyrking er det einaste eg har tenkt å føreta meg.


Morgonen etter; eg står opp, klokka er litt over ! 09:00, jentene har sett barneTV og leikar fullstendig utan intriger på badet. Mannen har allereie ete frukost, og er på veg ut. Frukosten er servert, og alt går etter planen. Men faen: det er tomt for brød! Ok, først ta ut av oppvaskmaskina-og setja inn att i, for å få plass til å laga deigen, lagar deigen og set den til heving.


No set eg meg i sofaen, tek opp boka mi og les eitt par-tre sider, så kjem SOLA! Ut på tur for å sanka c-vitamin. Jentene vil òg ut - finn luer tre vottar, etterkvart fire vottar, sko til alle, og iveg! Mine planar er å gå ein veg, medan dei skal få kosa seg i akebakken, men: dei vil gå "min" veg. Me akar saman nedover så lagt bakken går, men etter nedoverbakke kjem ofte oppoverbakke, eller i beste fall flat mark, og det tykkjer ikkje alle er like greitt. Minstejenta må overtalast, og delvis halast tilbake til heimen, og me returnerer trøytte, ein smule sure, men med forhåpentlegvis nokre fleire C-vitaminer innafor alle kleda.


Vel inne har sola gått ned, jentene er svoltne, og deigen ferdig heva. Lagar lønsj, knar og formar 5 langbrød og får dei i omnen. Så, tilbake til planen og sofaen! 10 min. seinare kjem mannen att frå utearbeid, og det er dags for å laga middag. Middagen vert laga og oppeten, og klokka rundar barneTV-tid. No får eg lese nærare 20 sider i boka mi, konverserer med mannen om dagens hendingar, steller og legg borna, og får 10-20 sider til i boka mi før augeloka gir signal om at dei vil til sengs.


I ettertid spør eg meg sjølv om kva som gikk gale. Kor vart det av feridagen med total sjølvdyrking og avslapping?? Ja, ja, det kjem vel fleire feriedagar med nye planar og mulegheiter!

mandag 5. januar 2009

BYGDELIV

Eg har studert litt på trendar når det gjeld flyttestraumar, og kome til at det ikkje ser bra ut. I alle fall ikkje om du bur på bygda, og kanskje ikkje om ein bur i byen heller – ting heng jo saman. Folk søkjer inn mot tettare befolka område, det er hovudtrenden. Men, så har du dei som går motstraums, og sler seg ned der knapt nokon kunne tru at det gikk an å bu! Kva er det som tiltrekk desse sjelene ved bygdelivet, og kven er dei? Stikkord for oss som vel bygdeliv framfor byliv trur eg m.a. kan vera: familierøter, friheit av ulikt slag, naturen og bygdemiljøet generelt. Eg er og sjølv tilbakeflytt etter nokre år nær storbyen i utdanningsaugemed, for deretter nokre års ”avklimatisering” i ein bygdeby, før eg enda oppatt i mi barndoms bygd. Når nokon spør meg kvifor eg kom attende, er det ikkje heilt lett å svara på det. No kjem eg frå gard, der eg er eldst og dermed har odelsrett. Det er ein ting. Eg har mykje av familien min i området, og eg tykkjer det er trygt og godt å vera her på eit vis. Eg ser og uttallige mulegheiter for framtida, når det gjeld utvikling av næringsvegar og utvikling generelt her. Det har nok litt med at eg har foreldre som og har sett mulegheitene, og ikkje latt det skina gjennom at ”her er inga framtid, her må du koma deg ifrå”. Eg må likevel seia at det er ein del spm. som svirrar rundt i toppen på jakt etter tryggande svar frå meg sjølv eller andre: er dette rett? Våre små håpefulle er nær sagt aleine i sin generasjon i bygda. Båt eller bil må til for å treffa jamnaldringar, eller koma seg på skule/barnehage. Kva skal til for å få fleire hit?

Kor går grensa mellom å vera ei levedyktig bygd og ein flott feriestad, og kan dette kombinerast? Kva seier og meiner (det kan vel forresten vera to ulike ting..) dei fastbuande innbyggjarane i slike grender og bygder om det som skjer? Er det greit for bestefar, som la all sin fysikk og heile si sjel i å skapa ein heim og eit levebrød for seg og familien, at småbruket no er feriebustad for nokre fjerne, eller nære slektningar, som føler djupe røter til bruket – dei er jo tjukkaste slekta. Kanskje er det heilt greit!… Eller, er det viktig for ”bestefars-generasjonen” å sjå at småbruket vert vidareført i drift! – og gjerne av ein familie, gud hjelpe meg, utan slektsband i det heile? Dette er spørsmål ein kan stilla seg.

Korleis er det å ha djupe følelsar og røter til ein stad, som etterkvart går frå pulserande bygdeliv til ”av/på-feriestad”. Når dei du møter utom dørane ikkje lenger er ”tante Lillian” på haugen som alltid har budd der, eller bygdesnålingen Knut, som livar opp med artige historiar frå tidlegare tider i bygda. Når dei du møter, om du er heldig å ha lagt ferien hit til same tid, er niesene til ”tante Lillian”, som no bur i Drammen, men som etter odelslov og elles rettmessig, har arva småbruket frå ”tante Lillian”. Niesene til Lillian kan vera spanande nok dei, det er ikkje det eg meiner, men loll: Vert bygda like følelesmessig og ”rotmessig” attraktiv å feriera i når den tida kjem? Følelsar og tilknytning til ein stad skal ein ikkje kimsa av, og det ønskjer eg heller ikkje å gjera. Til sjuande og sist kan nettopp følelsane til staden vera med på å avgjera at ein ønskjer å bu der, i alle fall når det gjeld tilbakeflyttarane. Likevel spør eg meg, og for så vidt dykk der ute, om følelsane er like reelle når ei bygd endrar karakter, som nemnt over. Når barndomsminna frå eit levande bygdeliv er skifta ut med eit feriestadpreg, utan å utdjupa det meir her og no. Kanskje er dei det. Dette er litt i ytterste konsekvens, det er eg klar over, men trendane går veldig tydeleg i den retninga. Og då må det vera lov å reisa spørsmålet om kva som skjer med sånne små bygder når den eldre generasjonen gir seg..

Og enda viktigare: kva kan, bør og vil me gjera med det?! Eg vil gjerne oppfordra alle lesarane av Sørheims Tidende, både fastbuande og ikkje fullt så fastbuande, om å tenkja litt gjennom dette eg no har prøvd å formidla. Spør deg sjølv: kva ønskjer eg for bygda mi framover, og korleis kan eg gjera noko med det.

Ønskjer meg sjølv og alle andre ”bygdebuarar”: lukke til med framtida. Eg veit me er fleire med eit brennande ønskje om levande bygder!

Starten

Det heile (bloggen) starta med ein inspirerande debatt på ein anna "Lustrablogg" for eit par dagar sidan. Dette gav meirsmak, og eg bestemde meg for at dette var noko eg vil prøva meg meir på! Så "mannemi" er no offisielt opna, og eg vil bruka denne sida til meiningsytringar og refleksjonar om likt og ulikt, stort og smått, som eg håpar kanskje kan engasjera og inspirera andre enn meg sjølv..

Godt nytt år godtfolk! Me har såvidt entra 2009, med alle dei mulegheiter, hendingar, sorger og gleder dette året vil bringa. Det er tid for å leggja gamle uvanar bak seg og erstatta dei med nye ; ). Eg feira nyttårsafta på stølen Hovden (litt under 800moh), saman med sambu og minstejenta, og etter kvart utpå kvelden svoger Dag. Triveleg kveld i primitive, men du så flotte omgjevnader. Stjerneklårt, gnitrande snø og nokre grader minus. Fyr i omnen, UNO, rakettar og god mat. Då kan ein òg sjå vekk frå til tider "litt missnøye" frå den minste av oss, over trasking i litt vel høg snø.... Eldste jenta feira nyttår med besteforeldre, tante og onklar heime på Ornes, og hadde tilsynelatande hatt det fortreffeleg der, og sakna mor si altfor lite....
Iallefall, klar til nye utfordringar og spennande dagar i det nye året!

Den blå tidsklemma

Me var på veg ut døra, eg og mine to søte små på 9 og 5, for å rekkja jobb, skule og barnehage, då tidsklemma, som til no har vore eit mykje omtala begrep i ulike mediar vart til ein konkret liten ting. Mor og barn hadde komme seg opp frå senga, kledd seg, ete frukost og var no kome til gongen og i gang med ytterkleda. Me var ”i rute”, og skulle no berre ut døra ”fortast muleg” (som forresten og har fått ny meining etter at småtrolla kom…..). Sara, kvar er klemma i luggen din? ”Veitsj eg”. Luggen til Sara, yngstejenta, har vore eit tema i familien ei stund no; klipp eller aling. Formaninga frå mor er: dersom du ikkje klypper luggen skal den til alle tider fjernast frå ansiktet med eksempelvis klemmer. Det er avtalen når det gjeld luggen til veslegull, som no rekk ned over augo. Skal ikkje ha noko rampejentefjes på den vesle engelen vår…. Men, altså: luggen var no på ingen måte fjerna frå fjeset, og me var i gang. No er det ofte slik med klemmer som med sokkar; ein kjøper ofte to i slengen, så forsvinn ei, så den andre, enda innkjøpstalet må ha runda hundre i løpet av dei siste par åra. Det var ikkje ei rosa klemme å oppdriva denne morgonen (for rosa er det som gjeld for Saramor, som er midt i prinsessealderen). Me leita høgt og me leita lågt, og så, etter 10 min. intens endevending av det meste, dukka det opp ei klemme oppi jakkelomma til mor (som ho hadde bore med seg på heile leiterunden..), og den var BLÅ. Det var blant julepresangane frå tante ”heilt borte”, som tydlegvis ikkje har fått med seg at verden skal vera lyseraud!!!! Nei, eg vil ikkje ha den der, den er jo BLÅ, det er ei gutteklemme! Ingen gode argument, som t.d. at gutar veldig sjeldan alar luggen og bruker klemmer nyttar no, det er det nok ikkje snakk om. Så då tek mor sin nye umistelege investering: ein rosa sprittusj, og tryllar klemma rosa! Heilt greitt!! Rampejenta får englefjes att, med luggen dradd til sides, og mor skriv på handlelappen: 100 stk. rosa klemmer (for å unngå tidsklemma igjen…).