mandag 7. september 2009

Badeland vs ferjesamband! No er det alvor!

I tilrådinga frå rådmannen til badelandsaka (Luster bad) - som han jamvel er positiv til, badeland altså - foreslår rådmannen ein del innsparingspostar for å hanka inn att dei 5 mill. som er pårekna å koma i tillegg pr. år dei næraste åra. Dette er godt "valgflesk", må seiast - kjem jo i ei strålande tid i høve valget! Men, til saka: mellom innsparingspostane les eg då at ferjesambandet Ornes-Solvorn er ein aktuell innsparingspost!!! Om eg har vore skeptisk til det økonomiske biletet kring badelandet før, så er det ikkje lenger nokon tvil. For no er eg, som innbyggjar på Ornes - og avhengig av nemnde ferjesamband til skule og jobb, faen meg så drit lei av å måtta kjempa for den ferja kvar gong det er val, budsjettdiskusjonar, innsparingar, m.m.m. Heilt sia eg var lita jente har eg høyrt om denne kampen, som med jamne mellomrom har kome fram, og til no, kvar gong vorte kjempa gjennom i meir eller mindre favør oss som er avhengig av ferja. Men, eg er så lei! Så mykje frustrasjonar, energi, spenningar. Det burde vera unødvendig! Eit badeland til knappe 100 mill. mot eit heilt bygdesamfunn som prøver å mobilisera til ei framtid her. For det er realiteten. Utan ferja reiser eg - og, for dei av dykk som ikkje ser det som noko "trussel" vil eg påstå at bygdeutviklingsarbeidet og tilflyttinga ikkje vil verka positivt på så mange andre som kan tenkja seg hit heller, utan denne viktige samferdsla over fjorden. Innsparing på kanskje 2 mill., er det verdt det - greier politikarane å sjå samanhengane her?? Det håpar eg verkeleg! For no er eg LEI!

3 kommentarer:

  1. Vel blåst!
    Kan ikkje forstå at nokon som er vel bevart med opne auge og øyre kan gå inn for Luster bad. I tillegg til ferga, skal både skule og kultur skrapast meir inn til beinet...
    Kanskje rådmannen - og andre saminteresserte - kunne budd ei veke eller fem på Ornes og jobba i skulen, kanskje pipa hadde fått ein annan lyd??!

    SvarSlett
  2. Rådmannen er nok ikkje den rette å retta "skytsen" mot. Det er politikarane som tek valet....Så får ein håpa at dei representerer HEILE kommunen, og ikkje berre delar av den!

    SvarSlett
  3. Jeg mener nå at ferjesambandet mellom Solvorn og Ornes må styrkes, jeg da, uansett hvem som foreslår sånne dumme ting. Hvis det lille tilbudet som er, skal reduseres eller fjernes, da må nok sørsidingane ta fram hattene sine og stå samla.
    Hilsen Grete (for gammal til å gå rundt)

    PS Marianne: Litt raseri er flott og sunt, det trengs hver gang noe viktig står på spill. Du skal ikke reise, og ferja skal bli!

    SvarSlett