fredag 15. mai 2009

Eg har blitt tante att!.....

Til ei nydeleg, kjempesøt jente, som snytt ut av nasen på tante Marianne ; )Alt vel med mor, far, storesøster og den vesle. Eg må erkjenna at eg kjenner litt ekstra etter ved slike høve..., om det rykkjer litt i eggstokkane. Og sant å seia så er eg ikkje sikker. Slett ikkje sikker på om eg er ferdig med dette "skapande livets under". Den biologiske klokka er noko "drit", ja, for den tikkar som besett, visstnok, og kanskje det er den som ringjer ekstra hardt når det skjer slike gledelege eventar i så nær familie? For denne klokka er det ikkje hjelp i å trekkja opp att når ho stoggar, nei, såpass er sikkert! Men, no har eg og mannen to flotte, flinke og greie jenter, og bør nok vera godt nøgde med det - og det er me! Men, likevel: er eg heilt ferdig med "produksjonen"? Tja, no er det slik at ein må vera to om noko slikt, og eg har eit sterkt inntrykk av at mannen i familien er "fint ferdig" med småbarnsperioden, og då regulerer dette seg sikkert sjølv. Eg er og ganske viss på at dette kanskje vekkjer nokon(!) av lesarane, som meiner eg bør ta saka om å auka innbyggjartalet på sørsida "i eigne hender", til å leggja inn ein ekstra innsats i å påverka meg, etter å ha lese dette......Men, då kan eg beroliga dykk: dette er upåverkeleg for "ytre krefter". Dette må eg finna ut av sjølv - og i samråd med ein frå det andre kjønn - slik er det berre ; ).

torsdag 7. mai 2009

Bygging i strandsona...

På NRK Sogn og Fjordane si nettside står i dag å lesa om fylkesmiljøvernsjef Yndesdal sine ytringar kring bygging i strandsona. På onsdag hadde nemnde mann òg eit lesarinnlegg om temaet i Sogn Avis. Frå 1.juli vert reglane om forbod mot bygging i 100-m sona innskjerpa, og det skal verta vanskelegare for kommunane å dispensera frå forbodet.

Bygging i 100-m beltet har vore, og er eit omdiskutert tema. Ikkje minst i høve store demografiske skilnader i landet vårt og behovet for eit slikt vern av strandsona. Eg bur i Luster Sogn og Fjordane, som Yndesdal, og når eg ser kring meg er det mykje fjord og strandsone, men som Yndesdal og er inne på: ikkje allverden mykje av denne sona er tilgjengeleg, eller tilrettelagt tilgjengeleg for folk flest. Eg har feriert i Solund nokre somrar, og etter hugset var det ein heil del strandlinje der òg....På mange av øyene der ute er det vel knappast plass til eit hus på midten, dersom ein skal måla seg 100 m inn frå strandkanten (om ein kan trekkja dette litt langt) - og det vert det vel ikkje noko bygdesamfunn att av!

Yndesdal er "bekymra" for at regelverket vert praktisert svært ulikt i landet vårt. "Det er store variasjonar i tolkinga av regelverket i kommunane", seier han. Men eg må seia at dei store variasjonane i geografiske og demografiske føresetnader for husbyggjing tilseier ei viss grad av fleksibilitet dersom lovverket skal fungera.

I utkantane der kanskje hovudutfordringa er å få folk til å koma å busetja seg er det eit dårleg alternativ å "jaga dei inn i skogen, eller opp i fjellskrentane" for å koma klar av regelverket - her må vera rom for tolkingar! Men, med tolkingar meiner eg ikkje dispensasjonar - kanskje kommunane i langt større grad må tenkja meir langsiktig og strategisk i planarbeidet, enn i dag?

Det som iallefall er sikkert, og som eg meiner det er viktig å ha med seg, er som ein av "debattantane" på NRK S og Fj. si nettside påpeika :"Det er folket på kysten (og langs fjordane, red.adm ; ) til enhver tid som har skapt idyllane og livet der, slik vil det også være i fremtiden om ikke byråkratiet v/ rikspolitikerne, no set en stopper for det ved sine feilslåtte vedtak."