lørdag 30. mars 2013

Meir påske!

I dag er det påskafta, og i dag er eg verkeleg nøgd med tingenes tilstand! Mannen og svoger Dag støypte golvet i det som skal bli spisestova i dag! Då kan me snart ta til på fjerninga av tapeten på tømmerveggane som me vil ha fram att, samt at taket må få seg eit målingstrok før me legg golv. Rundt omnen skal det støypast ned heller. Mellomste jenta var med tante og Co for andre dag på rad i trekket, og det var om muleg enda meir stas enn i går! Eldste framleis noko skranten i halsen, og derfor heime. Lammelår-middag vart nytta som "belønning" for støypejobb og ski-følgje, og medan låret godgjorde seg i omnen tok eg og Thea Marie oss ein runde rundt neset. Både mor og dotter kosa seg på trilling i fineveret. Eg snakka om "påske-kreka" som fann vegen frå kottet sitt og ned i stova i eit innlegg her tidlegare, og under ser de nokre av eksemplara... Elles har påska inneholdt basar på Sørheim, middag hjå slekta på Sørheim, kaffibesøk og avslapping. Heilt utruleg påskevêr i år, ein vaknar til klår blå himmel kvar morgon, og etterkvart ei strålande sol! Betre kan det ikkje bli. No har påskafta som sagt kome, gjestane har reist og far og mellomste dotter er på basar nr. 2 denne påska, denne gong her på Ornes. Resten av gjengen held oss i heimen resten av kvelden, med strikk, tv og påskeegg med godis i ;-)
Dag støyper golv!

Det står ikkje på påskeegga! Og samlinga veks kvart år....



 
Påskerosa mi!

Desse to snakkar vel for seg sjølve.....

Det spirer og gror i glaskarmen; paprika, tomater, purre og nokre blomar!

Dei to yngste på basar på Sørheim
 

Kaffibesøk på Sagi

Gåsungar med påskepynt på trappa

tirsdag 26. mars 2013

Påskeferie med snørr og sol...

Jepp, me snørrar på vidare i solskinet. Vesla, og no ho mor sjølv hanglar enda; hostar og harkar, og sprayer saltvatn og otrivin både her og der. I det strålande veret som er no om dagen er det ikkje akkurat stas å halda seg inne, så i går tore me oss ut ein spasertur i sola, og i dag vart det ein tur på handel i Skjolden. Godt med nokre små utflukter. Mellomste håpefulle fekk vera med tante og familien til Turtagrø i dag, og det hadde vore heilt topp visst - sol og stille, kvikklunsj og kakao. Eldste jenta var med på handel, då ho ikkje er heilt i toppform att ho hell. Mannen har arbeida flittig siste dagane med å klargjera til støyping av golv i det som skal bli "beststove". Eg er litt handtlangar og kaffiberar innimellom bleier og mating. Påska har no uomtvisteleg kome i hus, og gule små krek i allemulege fasongar poppar fram.
Spisestova tek form...

 Jentene var med Marta på piknik ovom kyrkja her om dagen. Ingvill her i fritt svev....
Tante G kom med bæresjal som me måtte få litt instruksjon i bruken av. TM tykte det stod til!

 Ingvill var med onkel Dag og pappa på isfiske på Sørheim, og kom heim med lyr som me hadde til middag same dag!
Folk som kjem på visitt til oss kan få seg eit smil no. Ingvill har ordna "take a smile" plakat, der dei som vil kan ta eit smil:-)

fredag 22. mars 2013

Påske og Palmehelg, og snart bursdag...

Palmehelga står for døra, og det er dags å henta ned paskeharar og kyllingar og andre gule vesen frå kottet på loftet. Framleis kaldt ute, men du og du så flott! Blååå himmel og sol. Denne veka har me vore på 6-vekers kontroll med Thea Marie, som no har blitt 58 cm lang og ca. 4,5 kg! Ho har ikkje kome klar av virus eller bakteriar eller kva som måtte herja kringom i hus og hytte denne vinteren. Tett og slimete i halsen og attklistra auge. Verkar som sjukene ingen ende vil ta i vinter... Men, det gjer det vel til slutt : ) I går hadde me først sesongdebuten i låven, der nokre bygdevertar hadde tinga lunsj på Urnes Gard: Verdsarvpizza og tilslørte "gardakjeringar" var menyen. Etterpå var me ein liten tur på Fjordatunet, der Gry Tokvam hadde invitert til påskekvelds og påskebakst. Kjekt å treffa folk frå sida, og eta god mat i lag! I dag vart det ein snartur til Sogndal, og slik går no dagan : ) Om nokre dagar fyller eg år - mange år..., og det må eg kanskje tenkja på å feira ørlite grann?! Det må vel bli ei råd med ein liten kakefest om ikkje anna tenkjer eg, for å feira seg burde ein i grunn gjera litt oftare, og iallefall når ein fyller 40(!) - hjelpe meg! Elles blir det nok ei ganske roleg påske trur eg, med besøk av og til påskegjester rundt om i grendene, påskebasarar og kanskje litt ski?! GOD PÅSKE !
 
Gabriella og Thea Marie

Påskebakst i Fjordatunet

Ein variant av påskeharane som dukkar opp i desse tider!

Koseleg prat og god mat på Fjordatunet
 

onsdag 13. mars 2013

Mars månad - vår i sikte?!

No er me kome til mars. Framleis ligg snøen ute, og det er ganske kaldt, men veldig fint vêr har me hatt! Sidan sist har det skjedd ein del. Det starta med Egnerkvelden som var 28.febr. Flinke elevar og lærarar ved Solvorn oppvekstsenter hadde laga teater med Kardemommeby og Karius og Baktus. Me har gått mykje trilleturar, i solskin stort sett! Og Thea Marie kosar seg i vogna, med store undrande auge som under, eller oftast sovande.
Så har me vore på Karneval i Solvorn. Masse utkledde små og store! Eg var "utkledd" som mamma (!), Ingvill var baby, Thea Marie leopard... og Heidi var "kledd ut" som ten-åring ; ) Kaffi og kaker og pinjata var noko av det me fekk med oss denne kvelden.


Torsdagar er Ingvill på dans på Hafslo, og då har me av og til overnatta hjå bestemor i Gaupne etterpå. Det gjorde me for første gong med Thea Marie sist veke. Under ligg søstre og søskenbarn og har kosestund på golvet hjå bestemor.

 Smila har vetlejenta gjort leenge, men ikkje alltid like lett å fanga augneblinkane. Her greidde me det! Thea Marie forandrar seg nesten frådag til dag med tanke på at ho meir og meir fokuserer på ting, grimasar som syner gleder og frustrasjon, smil og ho er meir vaken. Siste par dagane har ho vore veldig tett - natt og dag, og det er noko ekte drit, rett  og slett. Ikkje lett å drikka med tett nase. Lettar litt med saltvannsspray. Mellomste frøken har og hangla eit par dagar no.. Får tru basilluskar og andre kryp snart forsvinn langt vekk frå oss!
Bokbåten var på besøk her sist laurdag, og det var stapp fullt med born og vaksne som ville låna bøker! Klovnen Knut var suksess, og eg lo så tårene trilla (kjekt for både små og store born, altså ;-) Thea Marie tok det heile med stor ro....

Eit "sjeldan" bileteav mor og minste datter. Som oftast mor som er bak kamera.. 


To sjuke heimeverande jenter trøystar seg med kakao og pepparkaker (!)

Det har vorte fleire kjekke turar i mini-trekket på Ornes denne etterjulsvintaren, men no syngdet på siste verset, snøen er i ferd med å trekkja seg attende : )