fredag 12. november 2010

Politikk, eller ikkje politikk..

No er eg absolutt i tenkeboksen, tenketanken eller kva ein skal kalla det. Skal eg/vil eg, eller skal/vil eg ikkje stå høgt oppe på kommunelista til partiet mitt. Argumenta for og mot er fleire: engasjementet er der, nokon bør tala ytterste utkantane i utkanten si sak, det bør vera ein balanse mellom talerøyra til dei sentrale og dei periferere delane av kommunen (jf. "ein veit best kor skoen trykkjer som har den på..". På den andre sida: Mykje tid går med til dette, som heller kunne brukast på vener, familie, hobbyar, eg har vore med som vara i nokre kommunestyre - og veit ærleg talt ikkje om eg taklar å skulle delta i kvart møte (må i så fall setja meg grundigare inn i ein del "spelereglar"). Greier eg å ta ordet, og få orda ut like fornuftig som dei høyres ut inne i hovudet mitt..). Det er mange for og imot, men dette med å sjå kommunen som heilskap og ei eining, å støtta kvarandre og ha empati og forståing for ulike delar av kommunen sine utfordringar er avgjerande viktig. Og, sant og sei så føler eg meg usikker på om heile kommunen med alle sine avkrokar og sentrum vert godt ivareteke dersom ein ikkje har ein balansert del representantar frå alle delar av kommunen. Me er berre menneskje, og same kor kjekke, snille og velmeinande me er, det er vanskeleg å få ei god og rett oversikt over kva som er viktig for dei ulike delane av kommunen om ikkje det er nokon som kan fortelja det, der avgjerdene vert tekne... Ja, ja får tenka litt meir, tenkjer eg.