onsdag 24. april 2013

Bepanthen, byggje, dåp og syden!

Jepp, det var kort oppsummert ingrediensane i dette innlegget. For å byrja med det første først: eg er blitt ein vaskeekte Buzzador, og det må takast på alvor ;-). Det går kort og greit ut på å marknadsføra og testa ut ulike produkt ein kan få tilsendt. Eg har motteke mi første kampanje, som er kremen Bepanthen; ein salve som førebygger og pleier røde stumpar, då den er spesielt laga med tanke på spedbarnspleie, men kan og brukast på sprukne/tørre lepper og hender, ved solbrenning m.m. Den kan kjøpast på apoteket. Eg hadde fått ei lita testtube i ein baby-pakke frå apoteket tidlegare, så eg visste at denne er god! Det var kampanjeinfoen.

 
Byggje, ja... Eg og Thea Marie driv og "putlar" litt med å fjerna tapet av byggjeveggane på "gammel-stova" innimellom. Det er greit putl det desse regnvêrsdagane me har hatt siste veka! Det er innomdørs og under tak. Og, det vert såå fint, om eg skal seia det sjølv - og det gjer eg jo ;-) Damp-maskina" frå Biltema fungerer ganske greit, men tid tek det - forståss.


 

Gamle forsegla brev er brukt som tetting i sprekkene mellom tømmerstokkane

Fyllingsdørene skal og få seg eit strøk maling etterkvart.

Så var det dåp, ja. Kom plutseleg brått på at det må me jo ha! Så ordna det seg heilt fortreffeleg, med at ei av dei andre mødrene på barselgruppa kunne fortelja at dei hadde tinga dåp i Urnes stavkyrkje 1.juni! Bingo, det passa bra, så då fekk me henga oss på den. Så no må me snu oss litt rundt med invitasjonar, matplanlegging og slikt som høyrer dåpen til. Det vert bra, og me er heldige som har låven til disposisjon til selskapelegheiter!

Og sist, men ikkje minst: me skal på ferietur til hausten, til syden! Dette gledar jentene seg noko voldsomt til. Dei har hatt lyst til syden lenge, og no slo me til. Passar og fint, sidan vesle Thea Marie då (forhåpentleg ;-) ikkje har byrja å gå enda, og at eg har permisjon! Alt klaffa, og me gledar oss til sol, varme og ferie - og har starta nedteljinga (allereie...greit med noko å gleda seg til).
Til slutt ein link til ein fin sang: http://youtu.be/4Bkahcz3E1g

That's all for now folks, thank you and good bye :-))

onsdag 17. april 2013

Barselgruppe treff!

I forgårs var eg og minste-mor på første barselgruppemøte på helsestasjonen. Me var fem mødre med babyar fødd i januar, to gutar og tre jenter. Det var kjekt å møta fleire "i same situasjon" og høyra på deira erfaringar og kvardag med junior! Første vaksine var og denne dagen, ikkje kjekt, men heldigvis fort over.

Ettersom det nærmar seg sommar og turistsesong hareg og søster Randi hatt vår andre store "eplekake-bake-dag" i Fjordatunet i dag. Det er greit å få unna mange på ein gong når me først set i gong, og der inne er tilhøva gode for akkurat det. Thea Marie var med, sjølvsagt (må følgja meieriet ho ;-), og sov stort sett under heile seansen - som sist!

Søndag var det regnver, ogdet var nesten litt merkeleg... Lenge sidan det regna sist, men no gjer det nok godt på dei turre markene. I "gammel-stova" går det framleis framover - heldigvis: no er taket måla, og pipa er pussa!
Ingvill og Thea Marie

Stadig utprøving av nye oppskrifter...Desse vart ganske bra, om eg skal seia det sjølv!

Liten trille-medhjelpar

Nymåla tak!

Pussa mur!

Dei to eldste gullungane, i ei litt yngre utgåve : )

mandag 8. april 2013

40 og fortsatt feiande flott..!

Jepp, det stod det på eit kort eg fekk i høve den store dagen min, 3.april! For første gong på nokre år feira me ganske skikkeleg, eg og søster Randi som òg hadde "halvrund dag" i midten av mars. Me hadde kakefest  på låven i går! Masse gode kaker, som me kosa oss med å baka og planlegga. Mamma og eit par andre kom og med kaker, så tilsaman var det 16 kakesortar på bordet. Vener frå grendene her og familie kom for å feira oss, og det var veldig koseleg : ) Mykje fine gåver fekk med òg. Jammen kjekt med bursdag! Restar var ikkje til å unngå (!) sjølv om me prakka på folk litt med heim til kveldskaffien... Så då får me heller ta nokre etterpåselskap! No veit de at det er mulegheiter for noko attåt kaffien om de tek ein tur innom ein dag! Velkommen!

Fekk forresten mykje fint på sjølve dagen min òg! Alt frå heimesydd "orden-i-strikkesakene-mappe" til flybillett til familietur til blomar, til allvërbukse til miniselje-tre (2 stk!!) til vin og krus til...ja, masse flott! Tusen takk alle saman :-)

Det strålande veret fortset, og me er takksame for det! Kunne ikkje ønskja meg eit betre permisjonsver. Førre helg var me ein tur i fjøra og grilla, og då fann Heidi ein flaskepost! Med brev inni! (Ja, no er det vel eigentleg det som er ein flaskepost...). Me (mest eg, kanskje) vart i fyr og flamme, for eg kan ikkje hugsa å ha funne det før. Flaskeposten var sendt frå Fodnes i juli i fjor, så eit lite stykkje har den no farta. Namn og adresse på avsendaren var tydeleg nok, så no vert det å senda eit godt gamaldags brev sørover! Artig!

Same søndag ettermiddag var me i Gaupne og feira bestemor som har bursdag dagen før meg. Det vanka kaker, bollar, påsmurde og marsipankake på oss der òg.
Grilling i fjøra - eit sikkert vårteikn : )

Spennande då det dukka opp ein flaskepost på stranda... 

Eit noget medfare, men dog leseleg brev i flaska

Barkebåten seglar utpå dei 7 hav...

Eitt av to søte mini-seljer eg fekk på bursdagen min!
 
Strikke-ordens-mappa slo an!
Trøystande ord...

Så sant, så sant!

Jentene laga kjempeflott kakepynt av smelta sjokolade!

Kakebord 1

Kakebord 2

Kakebord 3

Mellomste håpefulle lurte på om mamma hadde fått så mange presangar før til bursdagen ; ) Lønner seg med bursdagsselskap og kakeparty ;-))

Kreativt og flott kort, med knakande fin tekst!

Vår vesle Thea Marie

Søskenbarntreff i påska!