mandag 8. april 2013

40 og fortsatt feiande flott..!

Jepp, det stod det på eit kort eg fekk i høve den store dagen min, 3.april! For første gong på nokre år feira me ganske skikkeleg, eg og søster Randi som òg hadde "halvrund dag" i midten av mars. Me hadde kakefest  på låven i går! Masse gode kaker, som me kosa oss med å baka og planlegga. Mamma og eit par andre kom og med kaker, så tilsaman var det 16 kakesortar på bordet. Vener frå grendene her og familie kom for å feira oss, og det var veldig koseleg : ) Mykje fine gåver fekk med òg. Jammen kjekt med bursdag! Restar var ikkje til å unngå (!) sjølv om me prakka på folk litt med heim til kveldskaffien... Så då får me heller ta nokre etterpåselskap! No veit de at det er mulegheiter for noko attåt kaffien om de tek ein tur innom ein dag! Velkommen!

Fekk forresten mykje fint på sjølve dagen min òg! Alt frå heimesydd "orden-i-strikkesakene-mappe" til flybillett til familietur til blomar, til allvërbukse til miniselje-tre (2 stk!!) til vin og krus til...ja, masse flott! Tusen takk alle saman :-)

Det strålande veret fortset, og me er takksame for det! Kunne ikkje ønskja meg eit betre permisjonsver. Førre helg var me ein tur i fjøra og grilla, og då fann Heidi ein flaskepost! Med brev inni! (Ja, no er det vel eigentleg det som er ein flaskepost...). Me (mest eg, kanskje) vart i fyr og flamme, for eg kan ikkje hugsa å ha funne det før. Flaskeposten var sendt frå Fodnes i juli i fjor, så eit lite stykkje har den no farta. Namn og adresse på avsendaren var tydeleg nok, så no vert det å senda eit godt gamaldags brev sørover! Artig!

Same søndag ettermiddag var me i Gaupne og feira bestemor som har bursdag dagen før meg. Det vanka kaker, bollar, påsmurde og marsipankake på oss der òg.
Grilling i fjøra - eit sikkert vårteikn : )

Spennande då det dukka opp ein flaskepost på stranda... 

Eit noget medfare, men dog leseleg brev i flaska

Barkebåten seglar utpå dei 7 hav...

Eitt av to søte mini-seljer eg fekk på bursdagen min!
 
Strikke-ordens-mappa slo an!
Trøystande ord...

Så sant, så sant!

Jentene laga kjempeflott kakepynt av smelta sjokolade!

Kakebord 1

Kakebord 2

Kakebord 3

Mellomste håpefulle lurte på om mamma hadde fått så mange presangar før til bursdagen ; ) Lønner seg med bursdagsselskap og kakeparty ;-))

Kreativt og flott kort, med knakande fin tekst!

Vår vesle Thea Marie

Søskenbarntreff i påska!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar