fredag 30. november 2012

Tunge dagar...

Det har vore nokre tunge dagar, etter meldinga om at ei ung jente i omgangskretsen til eldstejenta gikk bort brått og uventa av sjukdom forrige helg. Det vert mange spørsmål og tankar som dukkar opp, og må bearbeidast av liten og stor. Og som ei klok dame på arbeid sa: sorga er individuell, og slik er det berre. Me må alle takla den på kvar vår måte. Alle varme tankar og medfølelse til familien som har mista ei dotter og søster. Livet må gå vidare.....

Etter arbeid for eit par dagar sidan fekk eg ei koseleg overasking: ei kjekk jente på Ornes har laga gåve til snuppen/snuppa i magen! Veldig kjekt og uventa! Gåva kan de sjå under, tusen takk Amalie! Og, på overnattingsbesøk hjå bestemor i Gaupne i går var det enda fleire overaskingar! Ho har strikka eit nydeleg hentesett som de òg kan sjå under. Heldig liten bebis ditta her! No er det blitt fredag att, ei lita venninne er på overnattings besøk, og i morgon er det 1.desember! Adventsstjerna er kome opp i glaset, adventslysestaken på lilla duk på bordet og kalendarane som bestemor har sydd til jentene er kome på plass, så no er det berre å håpa på at nissen er på besøk i løpet av natta....Først må det bli stille på loftet, for han er litt folkesky denne nissen. Ein liten julehandletur til Sogndal vart det i dag og, så no er nokre fleire pakkar på plass. Julehandel med stor mage er ikkje like effektivt som med mindre mage...., men med tida til hjelp (og det er jo leenge til jul enda...) skal me koma i havn i år òg ; ) Dorthe gensaren er på siste verset! Siste arm under produksjon, så kanskje den er klar til måndag?!



lørdag 24. november 2012

Og så vart det stille....

i huset. Er verkeleg inne i ein "blogge-stim" no, så får berre køyra på så lenge det varer! Partygjengen reiste for litt sia, og med dei for mine to jenter òg -så ja, no vart det stille her. Begge mine kjem att utpå kvelden, så det livnar nok til att : ). Trur jubilanten var godt nøgd med feiringa, verka slik! Forresten fekk eg ein fin start på dagen i dag! Då eg hadde rigga meg til med kaffikoppen, kom ingen andre enn sola strenande inn glaset i stova her! Veldig velkommen, og litt for sjeldan den gjesten har synt seg her siste tida. Derfor må slike augneblink nytast, og det var nett det eg gjorde i dag tidleg, i sofaen, med kaffikoppen i handa, og sola i fjeset! Når gjengen var faren istad fekk eg så grualeg lyst på steikjelse, fleskasaus, flesk og duppe eller kva det måtte kallast rundt om. Så no er eg i gang med det, og må avslutta her så det ikkje vert fiasko på kjøkenet.. ; )

fredag 23. november 2012

Bursdagsparty med sleepover!

Dagen er her, me har offisielt ten-åring i huset! Det starta heftig, med overnattingsbesøk av to små nabo-søskenbarn, som var "forlatt" av foreldra... (neidå, dei er på velfortent helgetur). Eg vekte lillesøster, far i huset, og dei to overnattarane, og me sang bursdagssang og kom med pakkar, lys og litt knask på sengekanten til jubilanten. Så bar det på skule, barnehage og jobb med heile hurven - minus ho mor. På ettermiddagen kom ein gjeng med jenter som skal feira dagen med store-jenta vår! Jammen kjekt med stabburet og godt med overnattingsplass! Pizza, kaker og snop, og sikkert feiring til langt på natt, reknar eg med ; ) Vetle-søster får og vera med litt, og vert sminka og dolla med av dei store jentene, så ho er fornøgd òg!  Bra dei kosar seg! No har eg funne "delvis-horisontalen", og tenkte å få med meg fredags-gull-rekkja. Dorthe gensaren veks (halveges på "fronten", bakstykkjet er ferdig). Og jammen veks magen og... Ting tek litt etter litt meir tid å gjennomføra, men slik skal det vel òg vera : ) God helg!

onsdag 21. november 2012

Midtveke og namnedag!

Eldstejenta var heime i dag òg. Seige greier dette her, men no ser det heldigvis deffinitivt (bank i bordet og kryss i taket) ut til å vera på retur. Og det er bra, for bursdagsfeiringa nærmar seg med stormskritt òg! I morgon vert det kommunestyret på meg. Får sleppa innom innimellom som vararepresentant ; ) Ei kort gjennomlesing av saklista syner at det ikkje er dei heilt heite sakene som skal opp i morgon (då hadde det vel kanskje ikkje vorte innkalla varamedlemmer heller, om det var "heite" saker meiner eg ; ) .....). Ei kjekk jente gjorde meg forresten merksam på at eg har namnedag i dag. Då måtte eg forska litt meir på dette, tenkte eg, og kan fortelja følgjende frå Wikipedia: Navnet Marianne er kjent i Norge fra 1500-tallet. I nyere tid har Marianne vært blant de mest populære døpenavnene på jenter i Norge i perioden ca 1955 til 1985, med en topp i 1967. Marianne er et kvinnenavn med flere opphav. Det kan være en fransk form av Maria, som kan bety «sterk, vakker», eller en variant av det latinske navnet Marina som kan bety «som hører til havet». Det kan også være en sammentrukket form av navnene Maria og Anne, hvor sistnevnte er avledet av Hannah og betyr «gunst» eller «nåde». Jau, jau, happy name-day to me! Og god kveld til alle saman!

tirsdag 20. november 2012

Lutafisk og snart julemånad!

Sidan eg vart heime med to sjuke jenter i dag hadde me tid til å laga ein litt "skikkeleg" middag. Det var lapskaus att frå gårsdagen, så kosten var sikra for dei tre andre eg bur med, men eg hadde sååå lyst på lutafisk, så då vart det det! Eg inviterte heller ned nokre naboar som eg veit er like glad i lutafisken som meg, så me fekk unna fisken òg. For lutafisk har eg lika godt sidan eg var lita jente og spurte far min om det var lutafisk eg hadde på kroken ein søndag me var på fisketur på fjorden. Elles har eg nytta dagen litt til å få stulla og stelt litt meir til bursdagsfesten til ten-åringen fredag! Det vert overnattingsfest i stabburet, som tidlegare var utleigehytte!  Får satsa på at forma deira er stigande og bra til då! Betring i sikte no i kveld, iallefall, bank i bordet!

lørdag 17. november 2012

Ein laurdag i november

Etter ei hektisk og innhaldsrik veke er det godt å vakna av seg sjølv ein laurdag og vita at det ikkje er noko spesielt på planen. I går etter skule og jobb vart det Sogndal og kino på meg, eldstejenta og nokre venninner av ho. Twilight - siste del, såg me. Skikkeleg vampyr/vareulv film med all dramatikken som høyrer med rundt temaet. Må sei dei er sjarmerande desse varulvane og vampyrane no for tida, der dei glitrar i sola med dei raude augene sine. Meinar eg las at vampyrar ikkje lika sola i "gamledagar"? Ja, ja, eg kosa meg no storleg med ungjentene på film eg. Såg eit par andre over 30 i kinosalen òg (som forresten var stappfull!), vil eg no få sagt ;). I dag er det grått ute, og dermed "heilt greitt" å kosa seg inne, med strikketøy, fyr på peisen og levande ljos. Mmmmm! Det er som det skal vera: mannen er ute og skaffar mat (jaktar hjort), eldstejemnta og eg daffar litt rundt her, lagar fruktcoctail og middag, minstejenta drog på overnatting over fjorden og ute senkar mørket seg att. God laurdagskveld allesaman. Bilete av ingrediensane i innlegget ser de her:
Dorthe Skappelgenser i emning!

onsdag 14. november 2012

...og ny dag!

Serious...!
Startar friskt med to innlegg på to dagar! I dag er onsdag og i utgangspunktet heimedag for meg. Vert ein del jobbdagar òg desse onsdagane, fordi eg får litt kortare dagar på landbrukskontoret p.g.a. ferjetider, som eg må "henta inn att" innimellom. Men, i dag er eg heime! Skal berre "catering a little food" til nokre svoltne sjeler, eg og systao (ikkje me som er dei svoltne sjelene, altso, me som skal laga maten ;). Utpå dagen vert det ein handletur, er planen: garn til den berømte Dorthe Skappel gensaren, som eldstejenta ønskjer seg, og henting av jenter frå hip hop og gymsal-aktivitetar. Vert litt køyring hit og dit når ein bur så innigranskauen uti der ingen skulle tru...., men det må ein ta med seg. Sit og får gjort unda litt "heimekontorarbeid" no då: bestiller julekort og div. frå Fotoknudsen, sender ut litt hjortekjøtrekningar, planlegg bursdagsfeiring for eldstejenta som vert ten-åring neste helg (!!). Bra spredning i grunn: med dåp neste vår/sommar, og konfirmant våren etter der.... Vel, dette vart eit lite kvardagsglimt frå dagen i dag, ingen store uante hendingar, men det er no eingong kvardagar det er mest av ; )

tirsdag 13. november 2012

Nye tider!

Vel eitt år sidan sist!! Ja, tida flyg, det skal vera sikkert. Tok ei stund å koma seg etter det kommunevalet...., neidå det er forlengst historie. No er det nye tider, og ny verdsborgar på veg! Dei to, etterkvart så store jentene våre skal få ein lillebror eller lillesøster på nyåret! Vogn og stellekommode er på plass att (takk vera Finn, vår gode ven ; ) For, det aller meste var gitt bort eller kassert då me i grunnen trudde me var ferdige med produksjonen. Men, neida! Me er i gang igjen, og alle hjarter gledar seg! Kan henda bloggen, om dette ikkje berre er eit "blaff", vert litt meir prega av heimlege, nære sysler framover?! Det vil visa seg. På gjensyn vener!