fredag 23. november 2012
Bursdagsparty med sleepover!
Dagen er her, me har offisielt ten-åring i huset! Det starta heftig, med overnattingsbesøk av to små nabo-søskenbarn, som var "forlatt" av foreldra... (neidå, dei er på velfortent helgetur). Eg vekte lillesøster, far i huset, og dei to overnattarane, og me sang bursdagssang og kom med pakkar, lys og litt knask på sengekanten til jubilanten. Så bar det på skule, barnehage og jobb med heile hurven - minus ho mor. På ettermiddagen kom ein gjeng med jenter som skal feira dagen med store-jenta vår! Jammen kjekt med stabburet og godt med overnattingsplass! Pizza, kaker og snop, og sikkert feiring til langt på natt, reknar eg med ; ) Vetle-søster får og vera med litt, og vert sminka og dolla med av dei store jentene, så ho er fornøgd òg! Bra dei kosar seg! No har eg funne "delvis-horisontalen", og tenkte å få med meg fredags-gull-rekkja. Dorthe gensaren veks (halveges på "fronten", bakstykkjet er ferdig). Og jammen veks magen og... Ting tek litt etter litt meir tid å gjennomføra, men slik skal det vel òg vera : ) God helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar