fredag 5. juli 2013

Sommar rapport!

 
Juli er her, og det er livleg å bu på Ornes. Mange turistar besøkjer stavkyrkja i sommarmånadane, og juli er den "travlaste" - frå ein "turist-vert-ståstad". Har ikkje heilt feelingen av å ha barselpermisjon om dagen..., men om det er hektisk til tider, går det no greit òg! Thea Marie ligg/sit i vogna, heng i bæresele på på magen eller rullar rundt på golv. Ho deltek i mange av turistvert oppgåvene saman med mamma :-): Vaskar golv, steiker vaflar, helsar på gjester (og sjarmerer dei i senk..!). Søstrene har fått vore med tante G,Torje og mormor til Åle-byen, på besøk til oldemor, på akvarium og på shopping. Heidi og ei venninne var på tur til Bergen aleine nokre dagar (overnatta hjå tante I), og Ingvill har vore på fjelltur med besteforeldre ein gong og pappa og onkel Dag og tante Bente ein gong. Så litt ferie vert det på dei -heldigvis! Elles er det overnattingsbesøk her eller der for jentene i eitt sett! Kjekt no når ferja går så mange turar om dagen, kvardag som helg! Etterkvart vert det ein tur på familien til Ålesund!(nr. 2 for jentene)  Det gledar me oss til! Thea Marie syner oss meir og meir personlegheit! Ho er stadig meir vaken, og likar liv og røre rundt seg (les: helst yngre garde: søsken og søskenbarn). No rullar ho rundt omkring på magen og ryggen.   
 
Fyllingsdørane er måla, golvet er ferdig lagt. No ventar foringar og lister til glas og golv.
Ei kvilestund i graset!

Gensaren min er ferdig! Og vart ganske bra (om eg no skal seia det sjølv..) Så bra at eg no har byrja på ein til i "plomme-raud" :-))

Mini-pavlova - somskal fyllast med vaniljekrem og friske bær SOMMAR!
 
Thea Marie har vore med på si aller første jonsokfeiring

"Måtte lukka gro som agurken i drivhuset!"

Ingvill og Thea Marie slappar av med Dvd i "byssa"på fiskebåten til pappa og onkel Dag, medan mamma og pappa dreg krepseteiner

Per kom med høner til oss, standsmessig frakta i taxi frå Vikersund...!

Ho mor har endeleg fått på plass utemøblane på verandaen. Velkommen på kaffi!

Godt med graut :-))