fredag 30. januar 2009

"Sippeguri"

Eg er ei "sippeguri", heilt klart og utan tvil. Dersom du slår dette opp i ordboka tvilar eg på at du finn noko god forklaring på ordet, men det skal du få hjå meg. Eg sippar og vert blaut i augo for det mest utenkelege og utrulege du kan tenkja deg. Ta t.d. "Jul i Svingen", eit uskuldig barnetv-program, som gikk kvar dag før jul her for eit par år sida. Sluttmelodien i den serien var nok til å "slå meg ut", tårene rann og eg prøvde beskjemma og i sjul for borna å snufsa frå meg utan for mykje lyd og saltvatn... Det var berre slik ein rørande melodi! No sist: "Mamma mia" med alle desse sentimentale ABBA låtane. Der kom det ein song som omhandla dette med borna som vert alt for fort vaksne, kvar vart tida av..., det var så mykje me skulle gjera saman..., o.s.b. - sipping og tårer i strie straumar. "Kva grin du for no då mamma?" Nei, jau... det er så rørande tekst. "Kva betyr rørande, mamma?" Nei, jau... det er litt trist, liksom. "Å, ja, du grin no for alt muleg rart du, mamma!" Og det gjer eg verkeleg. Ei kanskje nærliggjande forklaring på auka hormoninnhald i kroppen er jo: graviditet, men det er det altså ikkje i mitt tilfelle. Den einaste forklaringa i den retningen må vera at det "heng att" eit hormon eller to frå forrige svangerskap, som skapar seg galne i delvis upassande situasjonar. Det er vel forsåvidt verre ting å henga seg opp i her i verda, som matkrise, finanskrise og influensa..?, men, det var no berre det eg ville seia; at er det nokon som førler seg litt i mangel på hormon, litt kjenslekalde og elles utafor, så har eg hormoner til sals her!

torsdag 29. januar 2009

Over stokk og stein...

Nei no får det altså vera nok! P.g.a. ein eller anna data-jypling-virus-lagande-nerd har eg vore utan e-post (heime), og tilgang til mykje av det eg skulle hatt tilgang til på heime pc'en min i over ei veke. Når i tillegg influensa eller kraftig forkjøling, eller kva det no er, herjar i familien, og gjer at eg og mannen må veksla mellom å vera heime med sjuke born (og delvis oss sjølve - sjuke altså), og absolutt burde kunne hatt mulegheit til å arbeida heimefrå. Iallefall, når det m.a. er eit større seminar som skal gå av stabelen om litt over ei veke, og som det i siste time må gjerast større endringar i programmet på - noko som medfører auka telefon og e-post aktivitet til alle involverte... Ja, så er det søren meg ikkje heilt som det skal vera! Temperaturen stig, bokstaveleg og billedleg, og så - oppå all denne elenda greidde eg å GLØYMA mobilen min på arbeid i dag!!!(og me har ikkje fasttelefon...), og eg skal då etter planen ikkje på arbeid før på tysdag! Då er det eg byrjar å lura på korleis alt dette heng saman, og korleis eg eigentleg er navla, for dette er då nesten for dumt til at det skal gå an? Men, det går an, og her sit eg og bloggar ut av meg frustrasjonen, og tenkjer på at det eigentleg er "litt skummelt" kor avhengige me er blitt av denne teknologien for å fungera. Det ordnar seg nok til slutt, det gjer ofte det, og når det gjeld telefonen, så skal sambuaren på arbeid og får tak i den i morgon...

mandag 26. januar 2009

Desse mørke vintermånadane....

Januar og februar er eigentleg ikkje blant favorittmånadane mine. Mørke og kalde. Jula med alle dei sprakande lysa er pakka vekk, og det er ...mørkt. Men, det gjeld å halda motet, tolmodet og sinnet oppe. Det fins då stearinlys, og ved til å stappa i Jøtulen! Og det er lys i enden av den mørke tunellen - sola skin litt lenger for kvar dag, og det merkar ein allereie ved at det framleis er snev av lys når ein kjem at frå arbeid ein måndags ettermiddag. Jau då, me skal nok greia oss over kneika i år og!

fredag 23. januar 2009

"De hengte revenes skog"

Jepp, Arto er ein av favoritt-forfattarane mine no! Eit saftig språk, herlege, litt halvgale karakterar (iallefall ikkje A4-takk og lov!), eit merkeleg samansett scenario med desse atypiske personane som for ei tid lever saman i ei hytte i dei finske skogane. Galgenhumor og fantasi, og ei snodig blanding av skoltesamar, drukne majorar, tjuvar og mordarar, og så denne skogen då, som til slutt vert siste endestaden for ei mengd tyske turistar....! Denne boka vil eg absolutt anbefala til fleire, og eg for min del "hoppar" vidare til "Kollektivt sjølvmord" av same forfattar!

torsdag 22. januar 2009

tirsdag 20. januar 2009

Heia OBAMA !

Vil berre seia HEIA OBAMA, og måtte alle gode spådomar gå i oppfylling for det amerikanske folket og resten av verda!

Muleum - ferdig! De hengte revenes skog - påbyrja!

Muleum, som syner seg å vera "museum" på barnespråk, er ferdig lest, og her er dommen min: Ei god bok, utforma som dagboka til ei ung jente som på tragisk vis misser begge foreldra og ein bror. Språket er "fandenivolsk", vil eg seia, prega av sinnstemninga til denne jenta. Ho har mista livsgneisten, og mykje av tankane hennar svirrar kring korleis ho på best muleg vis kan fölgja familien "til himmels", altså ta sjölvmord. På denne "ferda" går ho mellom anna gjennom ein högst uplanlagt graviditet. Dette er vel eigentleg det einaste eg reagerer på som noko "litt lite realistisk" i boka. Men, det er òg ein vesentleg og viktig del av boka, då dette er med på å snu "sorga til glede" for jenta. Derfor, trur eg, eg hengde meg litt opp i akkurat dette. Eg tok meg sjölv i å skulda litt på at det jo er ein mann som har fört pennen, og at det derfor naudsynt vis må mangla litt på kunnskapane kring å vera svanger. Det eg tykte var noko merkeleg var, for å problematisera noko som kanskje ikkje burde problematiserast.., kor lite merkbart dette svangerskapet var. Ingen ömme bryst, ingen kvalme, ingen "djupare tankar" kring dette med at det var eit barn i magen til denne stakakkars jenta, inga skildring av etterkvart trongare klede - og då sett i lys av at det er ho som skriv dagboka. Brått var berre barnet der, på eit vis, og redda jenta - og boka (for min del : )! Ja, ja, noko skal ein vel henga seg opp i - og eg tenkjer at det kan jo vera dei som har så "enkle" svangerskap òg. Kva veit eg! Summa summarum: ei god, og absolutt lesverdig bok!

No er eg i gang med "De hengte revenes skog" av Arto Paasilinna. Kom gjerne med synspunkt på dei to nemnde bökene, dei som måtte ha lese dei!

fredag 16. januar 2009

Motsetnader

Eg er glad i utfordringar - eg er redd for å ikkje meistra nye situasjonar
Eg er glad i jentene mine - ingen (nesten) kan gjera meg så sint som jentene mine
Eg er glad i å reisa til nye stader - eg elskar å vera heime
Eg likar å nyta "einsemda" om kvelden etter at alle andre har lagt seg - eg er selskapssjuk
Eg tykkjer jobben min er interessant (for det meste..) - helga kan ikkje koma fort nok
Eg er nøgd med livet mitt (stort sett) - det er så mykje eg kunne tenkt meg, og lista er ikkje uttømmande....
Oppsummert; livet består av motsetnader, noko kan forklarast med humør, dagsform, situasjon, m.m. medan andre ting ikkje kan, og kanskje ikkje bør, forståast. Slik er det berre! Som oftast veit ein kvar og korleis ein vil ha det, medan vegen dit ikkje alltid er like klår....

tirsdag 13. januar 2009

Hamsun? Ja takk!

Teatersjef Otto Homlung ved Trøndelag Teater stiller seg imidlertid kritisk til feiringa av "den nazistiske forfatteren Knut Hamsun", og erklærer teateret for hamsunfri sone i jubileumsåret. Dette kunne ein lesa på adresseavisa si heimeside i går. Ein kan vel kanskje seia at premiera på filmen om motstandsmannen "Max Manus" heller ikkje var det beste "startskotet" på Hamsunåret 2009, eit noko uheldig samantreff...
Men eg er vel av den oppfatning at det må vera lov å vera sterkt motstandar av det Hamsun stod for, og samstundes vera sterkt imponert av forfattaren Hamsun, og evna han hadde til å formidla kjensler, og det indre livet i menneska. Å skilja sak og person, meiner eg! Debatten kring temaet kan elles følgjast Her!

søndag 11. januar 2009

Krisepakkar

Krisepakkar kjem i mange former no om dagen. Den økonomiske krisa har eskalert opprettinga av desse "krisepakkane", som skal demma opp, ev. utsetja, den fullkomne (uunngåelege?)KRISA. Men, korleis er dette eigentleg. Kan me veksa og veksa, industrielt, økonomisk og elles til det uendelege? Er det ikkje noko endeleg tak på denne veksten? Det trur eg nesten det er. Og "krisepakkar" hjelper kanskje ei stund, hindrar nokre prosent auke i arbeidsløysa, og staggar nedturen.... Men, ein må kanskje - i eit litt lenger perspektiv - ta inn over seg at fleire enn oss i den meir velståande delen av verda vil opp på eit meir "velståande nivå", at ressursane som ligg til grunn for vekst ikkje er uendelege, og at me må snu litt på korleis me forvaltar det me har rundt oss... Kanskje me kan greia oss med litt mindre? For som eg høyrde i eit interessant program her for ei tid attende: Det er ikkje jorda me må redda, det er faktisk oss sjølve - menneska - for jorda overlever alltids, med eller utan oss...

lørdag 10. januar 2009

Muleum av Erlend Loe

Er godt i gang med "Muleum", så vidt eg veit siste boka til Erlend Loe (for vaksne). Det er tunge tankar hjå ei ung jente som misser sine næraste i ei flyulukke, som pregar boka (så langt). Må strikka litt på ullpleddet mitt innimellom for å få opp att humöret.. For det er tragisk. Eg har imidlertid kikka litt på siste side (noko eg vil understreka eg ikkje har for vane å gjera, unntatt i naudshöve- berre litt, men nok til å skjöna att det ikkje endar så verst likavel!). Har lese Doppler om den "moderne" mannen òg, og dette var ei heilt anna bok i ein ganske anna sjanger. Nokre tankar eg gjorde meg etter den boka var: "Stakkar dama til mr. Doppler!", "for ein egoist!", og "Det der kunne nesten eg, til tider - iallefall i ei "noko mindre drastisk form" ha tenkt meg!!" Det var det der med kva som vert forventa av ein, samvitet, det ein eigentleg önskjer ut av livet, o.s.b.......

onsdag 7. januar 2009

Litt om bøker...

Eg likar godt å lesa bøker, og dei seinare åra (etter at jentene har vakse litt til) har eg etterkvart lese litt av kvart. Ønskjer å dela "bok- og forfattar-erfaringar" med andre som kanskje har meiningar om ulike bøker. Det er no tanken, iallefall - som ein slags "mini-internett-bok-ring", kanskje? Me får sjå korleis det kan bli!

tirsdag 6. januar 2009

Feriedagen

Kvelden før siste feriedagen, og planen er klar: Sova lenge (iallefall til 09:00!), jentene står opp sjølve - har overnattingsbesøk- og vil leika i fred og fordragelegheit store delar av morgondagen. Eg står opp - utkvilt, lagar frukost til oss, og har deretter ingen, INGEN planar, ingen "forpliktingar", ingen som forventar noko spesielt av meg, ingenting..Huset ser noko bomba ut, men det skal eg greia å oversjå. Mannen skal på utearbeid, og er allereie på veg ut døra når eg kjem ned. Total sjølvdyrking er det einaste eg har tenkt å føreta meg.


Morgonen etter; eg står opp, klokka er litt over ! 09:00, jentene har sett barneTV og leikar fullstendig utan intriger på badet. Mannen har allereie ete frukost, og er på veg ut. Frukosten er servert, og alt går etter planen. Men faen: det er tomt for brød! Ok, først ta ut av oppvaskmaskina-og setja inn att i, for å få plass til å laga deigen, lagar deigen og set den til heving.


No set eg meg i sofaen, tek opp boka mi og les eitt par-tre sider, så kjem SOLA! Ut på tur for å sanka c-vitamin. Jentene vil òg ut - finn luer tre vottar, etterkvart fire vottar, sko til alle, og iveg! Mine planar er å gå ein veg, medan dei skal få kosa seg i akebakken, men: dei vil gå "min" veg. Me akar saman nedover så lagt bakken går, men etter nedoverbakke kjem ofte oppoverbakke, eller i beste fall flat mark, og det tykkjer ikkje alle er like greitt. Minstejenta må overtalast, og delvis halast tilbake til heimen, og me returnerer trøytte, ein smule sure, men med forhåpentlegvis nokre fleire C-vitaminer innafor alle kleda.


Vel inne har sola gått ned, jentene er svoltne, og deigen ferdig heva. Lagar lønsj, knar og formar 5 langbrød og får dei i omnen. Så, tilbake til planen og sofaen! 10 min. seinare kjem mannen att frå utearbeid, og det er dags for å laga middag. Middagen vert laga og oppeten, og klokka rundar barneTV-tid. No får eg lese nærare 20 sider i boka mi, konverserer med mannen om dagens hendingar, steller og legg borna, og får 10-20 sider til i boka mi før augeloka gir signal om at dei vil til sengs.


I ettertid spør eg meg sjølv om kva som gikk gale. Kor vart det av feridagen med total sjølvdyrking og avslapping?? Ja, ja, det kjem vel fleire feriedagar med nye planar og mulegheiter!

mandag 5. januar 2009

BYGDELIV

Eg har studert litt på trendar når det gjeld flyttestraumar, og kome til at det ikkje ser bra ut. I alle fall ikkje om du bur på bygda, og kanskje ikkje om ein bur i byen heller – ting heng jo saman. Folk søkjer inn mot tettare befolka område, det er hovudtrenden. Men, så har du dei som går motstraums, og sler seg ned der knapt nokon kunne tru at det gikk an å bu! Kva er det som tiltrekk desse sjelene ved bygdelivet, og kven er dei? Stikkord for oss som vel bygdeliv framfor byliv trur eg m.a. kan vera: familierøter, friheit av ulikt slag, naturen og bygdemiljøet generelt. Eg er og sjølv tilbakeflytt etter nokre år nær storbyen i utdanningsaugemed, for deretter nokre års ”avklimatisering” i ein bygdeby, før eg enda oppatt i mi barndoms bygd. Når nokon spør meg kvifor eg kom attende, er det ikkje heilt lett å svara på det. No kjem eg frå gard, der eg er eldst og dermed har odelsrett. Det er ein ting. Eg har mykje av familien min i området, og eg tykkjer det er trygt og godt å vera her på eit vis. Eg ser og uttallige mulegheiter for framtida, når det gjeld utvikling av næringsvegar og utvikling generelt her. Det har nok litt med at eg har foreldre som og har sett mulegheitene, og ikkje latt det skina gjennom at ”her er inga framtid, her må du koma deg ifrå”. Eg må likevel seia at det er ein del spm. som svirrar rundt i toppen på jakt etter tryggande svar frå meg sjølv eller andre: er dette rett? Våre små håpefulle er nær sagt aleine i sin generasjon i bygda. Båt eller bil må til for å treffa jamnaldringar, eller koma seg på skule/barnehage. Kva skal til for å få fleire hit?

Kor går grensa mellom å vera ei levedyktig bygd og ein flott feriestad, og kan dette kombinerast? Kva seier og meiner (det kan vel forresten vera to ulike ting..) dei fastbuande innbyggjarane i slike grender og bygder om det som skjer? Er det greit for bestefar, som la all sin fysikk og heile si sjel i å skapa ein heim og eit levebrød for seg og familien, at småbruket no er feriebustad for nokre fjerne, eller nære slektningar, som føler djupe røter til bruket – dei er jo tjukkaste slekta. Kanskje er det heilt greit!… Eller, er det viktig for ”bestefars-generasjonen” å sjå at småbruket vert vidareført i drift! – og gjerne av ein familie, gud hjelpe meg, utan slektsband i det heile? Dette er spørsmål ein kan stilla seg.

Korleis er det å ha djupe følelsar og røter til ein stad, som etterkvart går frå pulserande bygdeliv til ”av/på-feriestad”. Når dei du møter utom dørane ikkje lenger er ”tante Lillian” på haugen som alltid har budd der, eller bygdesnålingen Knut, som livar opp med artige historiar frå tidlegare tider i bygda. Når dei du møter, om du er heldig å ha lagt ferien hit til same tid, er niesene til ”tante Lillian”, som no bur i Drammen, men som etter odelslov og elles rettmessig, har arva småbruket frå ”tante Lillian”. Niesene til Lillian kan vera spanande nok dei, det er ikkje det eg meiner, men loll: Vert bygda like følelesmessig og ”rotmessig” attraktiv å feriera i når den tida kjem? Følelsar og tilknytning til ein stad skal ein ikkje kimsa av, og det ønskjer eg heller ikkje å gjera. Til sjuande og sist kan nettopp følelsane til staden vera med på å avgjera at ein ønskjer å bu der, i alle fall når det gjeld tilbakeflyttarane. Likevel spør eg meg, og for så vidt dykk der ute, om følelsane er like reelle når ei bygd endrar karakter, som nemnt over. Når barndomsminna frå eit levande bygdeliv er skifta ut med eit feriestadpreg, utan å utdjupa det meir her og no. Kanskje er dei det. Dette er litt i ytterste konsekvens, det er eg klar over, men trendane går veldig tydeleg i den retninga. Og då må det vera lov å reisa spørsmålet om kva som skjer med sånne små bygder når den eldre generasjonen gir seg..

Og enda viktigare: kva kan, bør og vil me gjera med det?! Eg vil gjerne oppfordra alle lesarane av Sørheims Tidende, både fastbuande og ikkje fullt så fastbuande, om å tenkja litt gjennom dette eg no har prøvd å formidla. Spør deg sjølv: kva ønskjer eg for bygda mi framover, og korleis kan eg gjera noko med det.

Ønskjer meg sjølv og alle andre ”bygdebuarar”: lukke til med framtida. Eg veit me er fleire med eit brennande ønskje om levande bygder!

Starten

Det heile (bloggen) starta med ein inspirerande debatt på ein anna "Lustrablogg" for eit par dagar sidan. Dette gav meirsmak, og eg bestemde meg for at dette var noko eg vil prøva meg meir på! Så "mannemi" er no offisielt opna, og eg vil bruka denne sida til meiningsytringar og refleksjonar om likt og ulikt, stort og smått, som eg håpar kanskje kan engasjera og inspirera andre enn meg sjølv..

Godt nytt år godtfolk! Me har såvidt entra 2009, med alle dei mulegheiter, hendingar, sorger og gleder dette året vil bringa. Det er tid for å leggja gamle uvanar bak seg og erstatta dei med nye ; ). Eg feira nyttårsafta på stølen Hovden (litt under 800moh), saman med sambu og minstejenta, og etter kvart utpå kvelden svoger Dag. Triveleg kveld i primitive, men du så flotte omgjevnader. Stjerneklårt, gnitrande snø og nokre grader minus. Fyr i omnen, UNO, rakettar og god mat. Då kan ein òg sjå vekk frå til tider "litt missnøye" frå den minste av oss, over trasking i litt vel høg snø.... Eldste jenta feira nyttår med besteforeldre, tante og onklar heime på Ornes, og hadde tilsynelatande hatt det fortreffeleg der, og sakna mor si altfor lite....
Iallefall, klar til nye utfordringar og spennande dagar i det nye året!

Den blå tidsklemma

Me var på veg ut døra, eg og mine to søte små på 9 og 5, for å rekkja jobb, skule og barnehage, då tidsklemma, som til no har vore eit mykje omtala begrep i ulike mediar vart til ein konkret liten ting. Mor og barn hadde komme seg opp frå senga, kledd seg, ete frukost og var no kome til gongen og i gang med ytterkleda. Me var ”i rute”, og skulle no berre ut døra ”fortast muleg” (som forresten og har fått ny meining etter at småtrolla kom…..). Sara, kvar er klemma i luggen din? ”Veitsj eg”. Luggen til Sara, yngstejenta, har vore eit tema i familien ei stund no; klipp eller aling. Formaninga frå mor er: dersom du ikkje klypper luggen skal den til alle tider fjernast frå ansiktet med eksempelvis klemmer. Det er avtalen når det gjeld luggen til veslegull, som no rekk ned over augo. Skal ikkje ha noko rampejentefjes på den vesle engelen vår…. Men, altså: luggen var no på ingen måte fjerna frå fjeset, og me var i gang. No er det ofte slik med klemmer som med sokkar; ein kjøper ofte to i slengen, så forsvinn ei, så den andre, enda innkjøpstalet må ha runda hundre i løpet av dei siste par åra. Det var ikkje ei rosa klemme å oppdriva denne morgonen (for rosa er det som gjeld for Saramor, som er midt i prinsessealderen). Me leita høgt og me leita lågt, og så, etter 10 min. intens endevending av det meste, dukka det opp ei klemme oppi jakkelomma til mor (som ho hadde bore med seg på heile leiterunden..), og den var BLÅ. Det var blant julepresangane frå tante ”heilt borte”, som tydlegvis ikkje har fått med seg at verden skal vera lyseraud!!!! Nei, eg vil ikkje ha den der, den er jo BLÅ, det er ei gutteklemme! Ingen gode argument, som t.d. at gutar veldig sjeldan alar luggen og bruker klemmer nyttar no, det er det nok ikkje snakk om. Så då tek mor sin nye umistelege investering: ein rosa sprittusj, og tryllar klemma rosa! Heilt greitt!! Rampejenta får englefjes att, med luggen dradd til sides, og mor skriv på handlelappen: 100 stk. rosa klemmer (for å unngå tidsklemma igjen…).