mandag 5. januar 2009

BYGDELIV

Eg har studert litt på trendar når det gjeld flyttestraumar, og kome til at det ikkje ser bra ut. I alle fall ikkje om du bur på bygda, og kanskje ikkje om ein bur i byen heller – ting heng jo saman. Folk søkjer inn mot tettare befolka område, det er hovudtrenden. Men, så har du dei som går motstraums, og sler seg ned der knapt nokon kunne tru at det gikk an å bu! Kva er det som tiltrekk desse sjelene ved bygdelivet, og kven er dei? Stikkord for oss som vel bygdeliv framfor byliv trur eg m.a. kan vera: familierøter, friheit av ulikt slag, naturen og bygdemiljøet generelt. Eg er og sjølv tilbakeflytt etter nokre år nær storbyen i utdanningsaugemed, for deretter nokre års ”avklimatisering” i ein bygdeby, før eg enda oppatt i mi barndoms bygd. Når nokon spør meg kvifor eg kom attende, er det ikkje heilt lett å svara på det. No kjem eg frå gard, der eg er eldst og dermed har odelsrett. Det er ein ting. Eg har mykje av familien min i området, og eg tykkjer det er trygt og godt å vera her på eit vis. Eg ser og uttallige mulegheiter for framtida, når det gjeld utvikling av næringsvegar og utvikling generelt her. Det har nok litt med at eg har foreldre som og har sett mulegheitene, og ikkje latt det skina gjennom at ”her er inga framtid, her må du koma deg ifrå”. Eg må likevel seia at det er ein del spm. som svirrar rundt i toppen på jakt etter tryggande svar frå meg sjølv eller andre: er dette rett? Våre små håpefulle er nær sagt aleine i sin generasjon i bygda. Båt eller bil må til for å treffa jamnaldringar, eller koma seg på skule/barnehage. Kva skal til for å få fleire hit?

Kor går grensa mellom å vera ei levedyktig bygd og ein flott feriestad, og kan dette kombinerast? Kva seier og meiner (det kan vel forresten vera to ulike ting..) dei fastbuande innbyggjarane i slike grender og bygder om det som skjer? Er det greit for bestefar, som la all sin fysikk og heile si sjel i å skapa ein heim og eit levebrød for seg og familien, at småbruket no er feriebustad for nokre fjerne, eller nære slektningar, som føler djupe røter til bruket – dei er jo tjukkaste slekta. Kanskje er det heilt greit!… Eller, er det viktig for ”bestefars-generasjonen” å sjå at småbruket vert vidareført i drift! – og gjerne av ein familie, gud hjelpe meg, utan slektsband i det heile? Dette er spørsmål ein kan stilla seg.

Korleis er det å ha djupe følelsar og røter til ein stad, som etterkvart går frå pulserande bygdeliv til ”av/på-feriestad”. Når dei du møter utom dørane ikkje lenger er ”tante Lillian” på haugen som alltid har budd der, eller bygdesnålingen Knut, som livar opp med artige historiar frå tidlegare tider i bygda. Når dei du møter, om du er heldig å ha lagt ferien hit til same tid, er niesene til ”tante Lillian”, som no bur i Drammen, men som etter odelslov og elles rettmessig, har arva småbruket frå ”tante Lillian”. Niesene til Lillian kan vera spanande nok dei, det er ikkje det eg meiner, men loll: Vert bygda like følelesmessig og ”rotmessig” attraktiv å feriera i når den tida kjem? Følelsar og tilknytning til ein stad skal ein ikkje kimsa av, og det ønskjer eg heller ikkje å gjera. Til sjuande og sist kan nettopp følelsane til staden vera med på å avgjera at ein ønskjer å bu der, i alle fall når det gjeld tilbakeflyttarane. Likevel spør eg meg, og for så vidt dykk der ute, om følelsane er like reelle når ei bygd endrar karakter, som nemnt over. Når barndomsminna frå eit levande bygdeliv er skifta ut med eit feriestadpreg, utan å utdjupa det meir her og no. Kanskje er dei det. Dette er litt i ytterste konsekvens, det er eg klar over, men trendane går veldig tydeleg i den retninga. Og då må det vera lov å reisa spørsmålet om kva som skjer med sånne små bygder når den eldre generasjonen gir seg..

Og enda viktigare: kva kan, bør og vil me gjera med det?! Eg vil gjerne oppfordra alle lesarane av Sørheims Tidende, både fastbuande og ikkje fullt så fastbuande, om å tenkja litt gjennom dette eg no har prøvd å formidla. Spør deg sjølv: kva ønskjer eg for bygda mi framover, og korleis kan eg gjera noko med det.

Ønskjer meg sjølv og alle andre ”bygdebuarar”: lukke til med framtida. Eg veit me er fleire med eit brennande ønskje om levande bygder!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar