Kvelden før siste feriedagen, og planen er klar: Sova lenge (iallefall til 09:00!), jentene står opp sjølve - har overnattingsbesøk- og vil leika i fred og fordragelegheit store delar av morgondagen. Eg står opp - utkvilt, lagar frukost til oss, og har deretter ingen, INGEN planar, ingen "forpliktingar", ingen som forventar noko spesielt av meg, ingenting..Huset ser noko bomba ut, men det skal eg greia å oversjå. Mannen skal på utearbeid, og er allereie på veg ut døra når eg kjem ned. Total sjølvdyrking er det einaste eg har tenkt å føreta meg.
Morgonen etter; eg står opp, klokka er litt over ! 09:00, jentene har sett barneTV og leikar fullstendig utan intriger på badet. Mannen har allereie ete frukost, og er på veg ut. Frukosten er servert, og alt går etter planen. Men faen: det er tomt for brød! Ok, først ta ut av oppvaskmaskina-og setja inn att i, for å få plass til å laga deigen, lagar deigen og set den til heving.
No set eg meg i sofaen, tek opp boka mi og les eitt par-tre sider, så kjem SOLA! Ut på tur for å sanka c-vitamin. Jentene vil òg ut - finn luer tre vottar, etterkvart fire vottar, sko til alle, og iveg! Mine planar er å gå ein veg, medan dei skal få kosa seg i akebakken, men: dei vil gå "min" veg. Me akar saman nedover så lagt bakken går, men etter nedoverbakke kjem ofte oppoverbakke, eller i beste fall flat mark, og det tykkjer ikkje alle er like greitt. Minstejenta må overtalast, og delvis halast tilbake til heimen, og me returnerer trøytte, ein smule sure, men med forhåpentlegvis nokre fleire C-vitaminer innafor alle kleda.
Vel inne har sola gått ned, jentene er svoltne, og deigen ferdig heva. Lagar lønsj, knar og formar 5 langbrød og får dei i omnen. Så, tilbake til planen og sofaen! 10 min. seinare kjem mannen att frå utearbeid, og det er dags for å laga middag. Middagen vert laga og oppeten, og klokka rundar barneTV-tid. No får eg lese nærare 20 sider i boka mi, konverserer med mannen om dagens hendingar, steller og legg borna, og får 10-20 sider til i boka mi før augeloka gir signal om at dei vil til sengs.
I ettertid spør eg meg sjølv om kva som gikk gale. Kor vart det av feridagen med total sjølvdyrking og avslapping?? Ja, ja, det kjem vel fleire feriedagar med nye planar og mulegheiter!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar