torsdag 29. januar 2009

Over stokk og stein...

Nei no får det altså vera nok! P.g.a. ein eller anna data-jypling-virus-lagande-nerd har eg vore utan e-post (heime), og tilgang til mykje av det eg skulle hatt tilgang til på heime pc'en min i over ei veke. Når i tillegg influensa eller kraftig forkjøling, eller kva det no er, herjar i familien, og gjer at eg og mannen må veksla mellom å vera heime med sjuke born (og delvis oss sjølve - sjuke altså), og absolutt burde kunne hatt mulegheit til å arbeida heimefrå. Iallefall, når det m.a. er eit større seminar som skal gå av stabelen om litt over ei veke, og som det i siste time må gjerast større endringar i programmet på - noko som medfører auka telefon og e-post aktivitet til alle involverte... Ja, så er det søren meg ikkje heilt som det skal vera! Temperaturen stig, bokstaveleg og billedleg, og så - oppå all denne elenda greidde eg å GLØYMA mobilen min på arbeid i dag!!!(og me har ikkje fasttelefon...), og eg skal då etter planen ikkje på arbeid før på tysdag! Då er det eg byrjar å lura på korleis alt dette heng saman, og korleis eg eigentleg er navla, for dette er då nesten for dumt til at det skal gå an? Men, det går an, og her sit eg og bloggar ut av meg frustrasjonen, og tenkjer på at det eigentleg er "litt skummelt" kor avhengige me er blitt av denne teknologien for å fungera. Det ordnar seg nok til slutt, det gjer ofte det, og når det gjeld telefonen, så skal sambuaren på arbeid og får tak i den i morgon...

1 kommentar:

  1. Det er no verre enn likt seg uti fjorden no, forstår eg!
    Du får tenkja langt fram, som dei seier, der finn du sommar, sol, bading, ferie og ingen bekymringar! Heilt sant!! :-D

    SvarSlett