onsdag 23. oktober 2013

Og me veks og utviklar oss!

Medan nokon mest veks...., er det like mykje utvikling å sjå hjå andre i familien. Og då siktar eg først og fremst til minstejenta, som stadig syner nye ting ho kan og forstår. No klappar ho i hendene, vinkar, ristar på hovudet, krabbar, reiser seg delvis opp etter små krakkar og stolar og ho har i høgste grad personlegheit! Ho vert fornerma når livet går ho imot, og ho syner stor glede ved gjensyn av søstre etter ein skuledag og ho er litt lur innimellom ;-) Ikkje lange sovetidene på dagen lenger (av og til berre ein 20-30 min.!) Søskenbarna sine små kattungar er veldig spennande, så dei krabbar ho etter i ein viss fart og prøver å få fatt i. Storesøstrene har div. prosjekt om dagane, og sist natt etter turn i Sogndal overnatta Ingvill og papsen i båten i Gaupne. Største søster har starta konfirmasjonsførebuingar, og skal på ulike samlingar og møte framover. Og, som eg las på facebook her om dagen: det er berre 8,5 veker til jul (!). Lov å begynna å gleda seg litt då! I går var snøen kome godt nedover fjellsida bak oss - heilt ned til Salen visst. Ja, ja, det vil sei at det nærmar seg vår og det :-)


Trygt og godt på eit bestemorsfang

Sjarmtrollet

I haustsola storesøster og lillesøster

mandag 14. oktober 2013

Haustferie med sol, sand mellom tedn og maten servert!

Då har me kome tilbake til kvardagen, og ein flott haust her i landet og! Me har vore på vår første familietur til syden, og kosa oss med sol og sommar og late dagar. Bahia Felize, Gran Canaria, var staden! Sidan det ikkje er kvart lysår me er i sydlegare strok hdde me unna på oss all inclusive, og det var heilt supert. Med fare for å leggja seg utover...., vart det servert frukost, lunsj og middagsbuffet kvar dag, i tillegg til at snack baren var open mellom kvart hovudmåltid, med smørbrød, pizza, frukt, brus, is, frukt og kaffi! Jepp, me levde som grevar - og maten var god! 30 m frå leiligheita var det basseng for småttisar og større folk - 3 basseng. Der hadde me vanlegvis tilhldsstad når me ikkje var på ei eller anna utflukt. Jentene storkosa seg, og det gjorde dei vaksne og. Me reiste saman med søster R og Co, og det var veldig kjekt! I løpet av oppholdet fekk me med oss litt av kvart: lokal marknad i Puerto Rico, Dyrepark med delfinshow i Maspalomas, båttur langs kysten med glasbotn (litt skuffande storleik på den glasbotnen..., men, men, fin tur!). Stranda var me på og me var innom Sioux city og såg revolvarduell og knivkastande menn og can-can dansande damer ;-)

Thea Marie kosa seg ho òg, og det gikk over all forventning med den lange turen til og frå Gran Canaria (6-7 t i bil + 5,5 t i fly). Såå godt med lite klede og bare føtter og varme og sol! Det var litt vind heile tida, noko som gjorde temperaturen behageleg.

Absolutt ein fin-fin tur, og godt å koma heim att og - slik det skal vera, altså! Rykter seier at det er planar om familietur att utpå våren òg, så då er me i såfall klar att! Kjekt å farta litt innimellom :-) De må ha ei fin veka!
Ventetida på flyplassen før avreise var laaang...

Snart landing! Gran Canaria i sikte!

Ingvill med Thea Marie i barnebassenget

Shoppe-jenter

Me var på tivoli ein kveld

Rodeo

Strand-bading


Utsikt frå vår bakke-terrasse

Flinke delfinar takkar for seg :-))

Mor og datter (og far bak kamera) på strandpromenade

Jadda!

Ein liten pust i bakken

Cow girls


Kveldsstemning

Dette merkelege fenomenet såg me mange av i bakkane rundt om der me køyrde på Gran Canaria. Me spurde rundt omkring kva dette var, men fekk aldri noko godt svar..., så om nokon veit - gi gjerne ein lyd!