lørdag 12. januar 2013

Innlosjert

Så var eg innlosjert i Førde, i "påvente" av fødsel. Betryggande med tanke på at det forrige gang gikk ganske fort, og at det er januar og vintervegar og langt frå Ornes til Førde, ja. Men, der var ikkje spesielt kjekt å vinka hade til sambuar og minstejenta som køyrde meg opp i dag... Hormonane gallopperte ei stund då ja, etter at eg var kome på rommet mitt. Me får tru den vetle i magen vil koma ut til oss fort!! Så me får koma heim til resten av gjengen. Enn så lenge vert det bøker , strikketøy, blad, masse telefonar og meldingar, og kanskje litt besøk? So long!

tirsdag 8. januar 2013

Ventetid

I går var me på sjekk i Førde, etter at jordmor mistenkte tverrleie på mini magen på fredag. Men, i går såg det ut til at han/ho låg rett veg, så det var bra! Skal ein tur att fredag og. Greit med litt ekstra oppfølging så ein slepp å bekymra seg unødig. Betryggande å få vita at alt er i orden, når det er ganske lang veg til sjukehuset, og spesielt på vintervegar.... Så då går me her og vaggar og ventar i spenning. Vaskar litt klede, ser litt i aviser, lagar litt mat og slappar av.

søndag 6. januar 2013

Nyttårsfeiring,... og tilbake til kvardagen!

Nyttårskvelden var me hjå søster Randi og familien på nydeleg kalkunmiddag. Litt stjerneskot måtte me ut å tenna med visse mellomrom for å halda oss vakne. Ei snølykt vart det òg! Alle mann heldt seg vakne til "the big bang" kl. 00., og veret letta såpass at me såg godt over til Solvorn, Hafslo og Mollandsmarki sine rakettar òg!


 

Nyttårssveisen!





 
Så var det "pakkeleiken" ein ettermiddag. Truleg ein dansk tradisjon, sidan det er Marta som innførte den her for nokre år sidan ; ) Det er nesten som julafta om att i miniatyr: alle som er med tek med eit avtalt antal innpakka gåver (ikkje store og dyre!). Så triller alle rundt bordet ein terning, og dersom du får 6-ar får du velja ein pakke. Når alle pakkane er tatt, går trillinga av terningen på tid. I løpet av 10 min. kan du rappa pakkar frå andre dersom du får 6-ar når det er din tur. Det enda heldigvis med ein ganske bra fordeling på ant. pakkar pr.pers. Litt for ein kvar smak var det òg: frå opptrekkbar marihøne til godteri BH!!






Så vart det kvardag att,  og skulestart. Eg tok ein tur og fekk svineinfluensavaksine hin dagen, sidan det er tilrådd folk i "min tilstand" desse dagar, når så mange er influensasjuke. No er det atter helg, og i dag, laurdag, har me rydda vekk jula. No er me klar for eit nytt år! Måndag vert det tur til Førde og kontroll av mini i magen. Det nærmar seg med stormskritt, og me er spente og gledar oss til å helsa på veslesøster/-bror! (Fekk ikkje leggja inn bilete i dag - teknisk problem - men skal prøva att!)