lørdag 12. januar 2013

Innlosjert

Så var eg innlosjert i Førde, i "påvente" av fødsel. Betryggande med tanke på at det forrige gang gikk ganske fort, og at det er januar og vintervegar og langt frå Ornes til Førde, ja. Men, der var ikkje spesielt kjekt å vinka hade til sambuar og minstejenta som køyrde meg opp i dag... Hormonane gallopperte ei stund då ja, etter at eg var kome på rommet mitt. Me får tru den vetle i magen vil koma ut til oss fort!! Så me får koma heim til resten av gjengen. Enn så lenge vert det bøker , strikketøy, blad, masse telefonar og meldingar, og kanskje litt besøk? So long!

2 kommentarer:

  1. Ja, slik er det....Men du får tenkja positivt :-) Jammen bra dei har eit slikt tilbod til oss "utkantføderar". Så må du tenkje på at dette berre er ei veke eller to, og at dette er det beste for deg og babyen akkurat no.
    (Men been there, done that, og veit at det ikkje er enkelt.....)
    Tvi, tvi! Dette blir så bra!!!

    SvarSlett
  2. Takk for trøystande ord :-) Det er nok det beste, ja! Og snart er me heime att! Det blir fin-fint!!

    SvarSlett