fredag 1. februar 2013

VENTETIDA ER OVER!!

Og, me har fått heim verdas beste vesle-søster. Ho vart fødd den 23.januar! 51 cm lang og 3380 g tung - og heilt nydeleg! Som de kan rekna ut i frå forrige innlegg, var eg i Førde i 11 dgr. før vesla kom, og då med litt starthjelp. Desse dagane gikk med til strikking, lesa blad og bøker, sjå på TV og få besøk av dei beste: sambo og jentene mine. Dei kom på fleire besøk medan eg var i Førde og ruga. Det gikk kjempefint! Som med dei to forrige er ein jo like overraska over at det går an å overleva noko slikt...., men du verden kor fort ein gløymer det når vinsten vert lagt på magen din like etterpå! Far kom opp kvelden før, og stod last og brast med meg gjennom dagen. Dagen etter at vetle-jenta kom til verda, kom to spente storesøstre på besøk. Dei vart skyssa av tante Randi og søskenbarna: Eirill og Ylva. Det var to stolte storesøstre som helsa på vesle-søstra si for første gong!

Etter tre dagar kom far og søstre att og henta oss heim - ååå det var godt å koma heim att! Og så fint dei hadde rydda og ordna til me kom att! Vesle-syster har òg fått namn: Thea Marie heiter ho, og er snill og grei, og kjempesøt! No er planen å kosa seg glugg med ho og resten av familien, å nyta tida framover. For, denne tida får me ikkje att, og den går fort.




2 kommentarer:

  1. Åååååå..... Så lita og så søt!
    Trur vi må få koma på besøk snart.....

    SvarSlett
  2. Ja, de må ta ein tur!! Har kaffi på lur ;-)

    SvarSlett