torsdag 7. mai 2015

Då tenkjer eg me startar med blanke ark, gitt..

Eg ga opp å snirkla meg attende til 7 september, eller når det var siste blogginnlegg var, så då startar eg her og no (med mulegheit for nokre "tilbakefall" innimellom når eg har lyse augneblink ;-)


Me er på god veg mot lysare årstider, og nye tider på fleire vis. Denne sommaren vert eg "in charge of" kafe og selskap på garden. Me har gjort nokre val og grep (omsider), som har munna ut i at yngste søster har tatt over garden me har vakse opp på, eg og min gjeng deler frå hus med stabbur og tun rundt, og drifta har me fordelt etter interesse og skjønn.. Jaudå, så no vert det ein spennande sesong som ansvarleg (aleine!!) for selskap og kafedrift. Det går nok greit nok, trur eg. Men, at rekneskapfolka får papira like på stell som dei har fått til no, vel det er vel heller lite truleg.. Det er nemleg der me er ulike eg og veslesyster, som har vore medsammensvorne i denne delen av drifta til no. Ho er ein ordensperson av ein heilt anna verden (ut i frå min målestokk) når det gjeld orden i papir og "slikt", medan eg er meir "kreativ" der (for å seia det slik..) Men, det ordnar seg for greie jenter, det gjer det jo alltid (?!)


Så var eg på mitt første Sp møte hin kvelden. Jepp, har hoppa frå Ap til Sp med eit mål for auga: No gjeld det å samla dei distriktsvennlege kreftene me har kringom for å unngå at me vert sugd inn i Oslobygda heile gjengen! For kvar i svarte meiner folk at verdiane er og vert skapte? I Oslo? Dei som kjenner meg veit eg brukar denne i ny og ne, for å gjera ein lang historie kort, men altså: Om me set opp ein stor ugjennomtrengjeleg mur kring Oslo - kvar trur de kloremerkja kjem først, på innsida eller på utsida?


Ok, nok politikk! På heimefronten er me i gang att med jobb, barnehage og skule. For å oppsummera livet som småbarnsmor att, i ein "velvaksen" alder vil eg seia at det har sine klare fordelar og ulemper. For (og de får sjølve vurdera kva som er kva ;-):
1. (og dette er kanskje berre innbilning) ein må halda seg "ung og sprek" leenge
2. Kan ikkje berre slenga seg på sofaen etter jobb og middag
3. Held seg utruleg godt oppdatert på barne-tv seriar, og når dei ulike går (favorittane vil me ikkje gå glipp av!)
4. Store storesøstre som kan ta i eit tak når det trengs, og læra minsten opp i dei viktige verdiane i livet; som sminketips, den kulaste musikken, dei beste seriane og ikkje minst bruk av Iphone og internett..
5. Ikkje like lett å "ta seg ein tur ut" om kvelden. (Som om det i utgangspunktet var pis ov keik, slik som me har busett oss - 1 t i bil til næraste utestad - 1,5 t om du skal vera sikker på å koma til ein som er open..
6. Masse rot, kos, frustrasjon og glede - og tida går så j.... fort! 


Det gjeld å "halda på seg sjølv" oppi ungar med fritidsaktivitetar, overnattingsbesøk, tannlege-, lege- og sjukehusbesøk, foreldremøter og avslutningsfestar i barnehage, barneskule og ungdomsskule, og hus og heim og jobb. Det er ei viktig øving å setja av litt tid til seg sjølv og sine interesser og vener, og då ikkje naudsyntvis berre foreldre til dei borna som dine born er saman med - sjølv om det er enklast, men då kanskje på feil (borna sine..) premiss att! For, ein dag roar vel tempoet seg litt, og me skal prøva finna oss sjølve og venene våre og interessene våre att - og då er det greit at me ikkje har mista dei på vegen.. Enkelt å seia, litt utfordrande å få til, kanskje.


Ein av mine frustrasjonar (no har eg ikkje så mange av dei altså - prøver å ta inn over meg katastrofer og sjebnar ute i verda, for å stadfesta og minna meg sjølv på at eg har det heilt fint ;-). Men: eg tenkjer av og til at eg har så lyst å be venninner/kjente på kaffi/mat/prat ein ettermiddag eller ein laurdag, men så strandar det alltid med at eg orkar ikkje tanken på å ordna huset i ein slik stand at eg er komfortabel til å få gjestar, og det er så godt å setja seg med strikket i sofaen fredag kveld med tv og litt snop.. No ser eg at dette ikkje høyres heilt bra ut! Korleis me eigentleg har det til vanleg? Jau, heilt ok til vårt bruk, men eg kjenner eg ikkje er heilt avslappa til å berre vera avslappa til det overfor andre, og det er no litt dumt. For det viktigaste er jo å kosa seg - eg veit jo det. Og, eg sjølv reagerer jo ikkje på rot når eg er på besøk hjå kjekke folk. Det viktige og kjekke er å møtast! Dette får eg jobba litt med, både huset og meg sjølv, sikkert ;-) Det er vel noko med eigne forventningar til seg sjølv og kva ein trur andre forventar av deg (sjølv om dette igrunn er tullepreik, det ser eg når eg les det no ;-) Life is too short, osv.


Nuvel, dette var eit livsteikn frå meg. Så heng eg på nokre bilete som krydder til alle dei velvalde orda ;-)
Thea Marie 2 år, 23.januar!

Ornes barneskitrekk hadde ope nokre dagar i vinter og!

Karneval i barnehagen

Vår lokale snekkar Steinar laga flott stove-spisebord til "Ny-gammel-stova vår"

Årets første grilling i stranda

Pappa og Thea Marie studerer fiskesortar på ferja

Marta og Thea i pippi-teltet

Og det var karneval i Solvorn

Indisk jente og kanin

Siste bokbåtbesøk i Kroken (!?)

Ingvill fjerna polyppar i vår

Tur til Stongfjorden, Askvoll og Dale

Thea Marie havna på sjukehus etter omgangssjuke og dehydrering.. Gikk bra til slutt!

Spirer i glaskarmen som ventar på varmare ver!

Og, ja.. denne skulle vel kome lenger oppe..- Men, JULA 2014!

Turnsøndag i Sogndal

Og der var karnevalet igjen..

Og, frå fisketur i Stongfjorden

Same fisketur