fredag 16. september 2011

Refleksjonar etter kommunevalet i Luster

Då var valet over, og resultatet klart. Ny ordførar vert Ivar Kvalen frå SP og Hafslo. Med fare for å verka snurt over å ikkje ha kome i kommunestyret, til tross for eit utg.pkt. som nr. 6 på lista til Ap, prøver eg meg likevel på ei oppsummering av valet. Eg er skuffa, og kva de enn må tru, ikkje over å ikkje koma med i "det gode selskapet". Eg er skuffa over at valet vart ein kamp mellom Gaupne og Hafslo, til tross for at ein kanskje kunne forventa det - historia tatt i augesyn. Listene ga oss inntrykk av ei relativt fin fordeling mellom kjønn og bustadadresse - by og land, kvinne og mann hand i hand. Men, dette synte seg å vera eit spel for galleriet, eller veljarane. For, etter at røystene var opptalde syner det seg at "utkantsrepresentantane" (ja då, eg òg) vart skvisa ut og sentrumsrepresentantane "skvisa" inn. Hafslo samla seg kring Ivar og Sp, og Frp, for å stå sterkt mot "Gåpningane" som samla seg kring Ap og H. Bygdebyane Hafslo og Gaupne vel inn "sine eigne", og utkantane vert gløymde i kampen. Det er dette ein kallar demokrati, talet på røyster er det einaste som tel. Ikkje for det, det kan godt vera dyktige "sentrumspolitikarar", men eg meiner det er sunt med ei blanding - rett og slett (og som eg har vore inne på før) ein veit best kor skoen trykkjer som har den på. Eg veit ikkje til fulle kva det vil seia å vera innbyggjar i Gaupne eller på Hafslo, kva som er viktigast for innbyggjarane der - og dermed dreg eg konklusjonen: dei som bur i Gaupne veit ikkje kva det vil seia av utfordringar å bu på Veitastrond. Noko kan ein tenkja seg til, men det beste er om nokon som verkeleg veit kan ytra dette der beslutningane vert tatt! Eg er skuffa fordi eg verkeleg hadde inntrykk av at Luster (og Ap som eg stod på lista for) verkeleg ville gå inn for å vera eit samlande parti no -at det var andre takter og tider i Luster. Rausheit, samhald, heilskap o.s.b. Drit og dra. Men, det er ikkje Torunn og partiet sin feil, det er Lustringane. Det er synd at bustadadressa skal vera så avgjerande for om ein får vera med å leika eller ikkje. Vel, vel slik vart det no ein gong denne gong. Ved å fjerna strykinga på listene kom det seg litt, men så lenge det er muleg å kryssa og "slengja" veit ein i realiteten ikkje heilt kva ein stemmer på. Men, det heiter visst demokrati....Det vil sikkert ta nokre tiår før Luster kan framstå som ein heilskapleg kommune med godt samhald, brei representasjon og rausheit. At alle kan bli inkludert, og alle delar av denne vidstrakte kommunen verdsett for sine kvalitetar og representantar. Inntil vidare får me kanskje berre innfinna oss med at dette er eit stykkje fram, og at me må finna andre vegar for å få til det me vil - og det gjer me nok! Makta ligg ikkje eine og aleine hjå "dei folkevalde" politikarane- heldigvis! Ha ei strålande helg!

tirsdag 12. juli 2011

Dikt til de levende

Dette diktet vart lest opp ved minnestunda i ei gravferd til ein spesiell mann i dag - og det er nydeleg:

av Teodore Kroeber

Når jeg er borte, gråt litt over meg.
Tenk på meg av og til, - men ikke for ofte.
Det er ikke godt for deg og dine nærmeste
å la tankene dvele for lenge ved døden.

Tenk på meg slik jeg var i noen
lykkelige stunder i livet.
Fremkall minnene - men ikke for lenge.
La meg være i fred slik jeg skal la deg være i fred.
Når du lever skal dine tanker være i livet.

søndag 10. juli 2011

Bloggeren Mannemi... ?

Nei, det kan eg vel knappast kalla meg, så sporadisk som eg legg inn noko på computaren. Eg vil, eg vil men får det ikkje heilt til! Skulle kanskje valt meg eit tema å fabulera kring? - som sminketips, interiør, hobby, hagearbeid eller noko i den dur? Njai, trur ikkje det heller. Sanninga er vel at eg er under middels engasjert for tida, i ting eg vanlegvis engasjerer meg i, p.g.a. hektiske dagar på kontoret-jobb, turistverksemd-jobb og småbarnsmamma-med dårleg samvet-jobb. Ikkje for å syta; eg har det som plommen i egget - i grunnen. Har alt eg treng, og vel så det. Og engasjement er vel slikt som kjem og går av og til. Håpar det kjem snart att, for eg saknar det...

No gledar me oss til ferie her i huset - å koma seg avgarde til ukjente "farvatn", og oppleva nye ting! Det vert nok bra! Avbrekk i kvardagen er godt for sinn og kropp - og ein set pris på å koma att til det ein har, og lever midt oppi! Jepp, det vert supert, det trur eg nok. Og til hausten, ja då vil eg på weekend-tur med ei god venninne - til enda eit ukjent "farvatn". Kan det vera eg er kome i overgangsalderen? At eg må på leit etter meg sjølv, eller noko anna der ute? Ei eller anna form for panikk??? Nei, føler meg aldeles roleg, her eg sit. Men, drøyma kan ein - utan å vera panisk : ) Heldigvis.
P.S. Om nokon fann noko av dette logisk, meiningsfyllt eller på anna måte verdt å kommentera - gi meg återmelding om det : ) Ha ein aldeles strålande sommar, så hørs me åt ved neste korsveg, når eg har beretningar frå det store utland eller det vesle innland å koma med!