søndag 7. september 2014

Oi og ups..., der fauk det avgarde nokre månader, gitt!

I mangel av ord, eller eg veit ikkje kva..her er ei biletoppsummering av vår, sommar og tidleg haust :-)

11.mai var vesle Heidi vår konfirmant!

Konfirmanten vår med nyaste familiemedlem (som ikkje kom til oss før i slutten av juni - sjå lenger ned!)

Minnie!

17 mai vart feira først i Solvorn, så på Sørheim om kvelden

Ei tankefull Thea Marie på 17-mai i Solvorn :-)

Tur til Kveken

1.juni helga bar det avstad på familietur til FRANKRIKE! Thea Marie tittar ut av flyglaset etter landing

Mor og datter selfie frå hotellrom i ...ja, ein by i Frankrike ;-) (får koma attende til det)

Me besøkte landgangstrendene i Normandie 

Mont St Michel (på verdsarvlista til UNESCO)
Frukost i Frankrike, med croissanter sjølvsagt! 
Eg og eldste jenta mi

På jonsokfeiring i Kroken

På eit hotellrom i Hønefoss, der me henta Minnie

På veg heim med nyaste familiemedlem

9.juli feira med 90 årsdagen til mormor, på museet i Ålesund. Her var ulike aktivitetar å vera med på og!

mormor med døtrene, og ei sovande Thea Marie

Eg og mormor

Ein varm og fin sommar, då høyrer bading til!




Familien samla på konfirmasjonsdagen til Heidi
Me feira 11 årsdagen til Ingvill med både jenteovernattingsparty og påfølgjande familieselskap

Ja, og me er i gang att med jobb for mor, og barnehage for vesle Thea Marie - ny kvardag, men det får bli i neste "kapittel" :-)

torsdag 20. mars 2014

Og ein vinterleg vår.....

Jepsipepsi, der kom han gitt, vinteren - i midten av mars! Ja, ja, det er vel rett og slett berre å ta det som det kjem. Lite anna å gjera, igrunn :-) I dag skriv me torsdag 20. mars, og enda ein mnd har gått. Ute har snøen lava ned i eit par dagar, noko som har medført 30-40 cm snø, og omsnuing i kles- og skoval. Me fyrer i omnen og ventar på varmare tider :-)) Under er litt bilete som dokumenterer kva me har drive med sidan sist:

Me badar, sånn innimellom-og plaskar!!

Slakte-sesongen er over for i år 

Me har vore på besøk hjå Alexander og Anne Helen i Hestehagen



Me har feira at Solvorn skule er 30 år i år

Prinsesse og cheer-leader på karneval i Solvorn

..og der var Sabeltann og enda ein sjørøvar og!

På bestemorbesøk er me innimellom!

Bokbåtbesøk i Kroken, med påfølgjande kafe på Fjordatunet

Gongen er pussa opp!

Titt-tei!

Litt fleire gong-bilete
Heidi på konfirmant-cup-natt i Sogndal

Me har feira tante Randi sin bursdag!!

Og me førebur så smått konfirmasjon, her bilete til innbydinga :-)


Takk for no!

søndag 16. februar 2014

Ein vårleg vinter

Det er absolutt ikkje mykje som minnar om at me har hatt januar og er i midten av februar denne vinteren. I romjula, då me gjekk tur rundt neset var det knoppar på bringebærbuskene og gåsungar på selja..... Får tru det går bra med det meste som skal "livna i lundar" når det vert vår på skikkeleg! Her i gården har me feira eitt åring, pussa opp gang og kosa oss utan for heftig program. Glad for det halve ekstra året eg har bevilga meg heime, før det brakar laus att med den verkelege kvardagen ;-) Svein har hatt sine permisjonsveker og er delvis klar for den "gamle" arbeidssjefen att, trur eg. Ikkje sikker på kven av formennene som er strengast, den heime eller den på jobben. Me har no fått ruska litt opp i heimen og samstundes vore saman med veslemor, så det har vore godt det! No får me greia oss aleine att om dagane eg og Thea Marie.
Prinsesse Thea Marie 1 år!!

Dette vart feira i to omgangar, ein før og ein etter at omgangssjuka meldte sin ankomst....


Kjekt med søskenbarn som er med å feirar stor dag.

Og storesøster som hadde venninnebesøk :-)

Eg og Thea dokumenterer av og til spaserturane våre. Her på veg rundt Ornes, Solvorn i bakgrunnen.

Stor, lita fin og blid jente! Ikkje heilt stø på to enda, men desto kjappare på alle fire! 

Ei helg var me to dagar på rad i trekket. Veldig behageleg å vera pakka inn i skinn og bli dradd rundt på Heggmyrane - sov godt begge dagane i akebrettet

Medan storesøster susa nedover med venninner!

Ein dag var og søskenbarna i trekket. Piknik er halve moroa ;-)

Posten les me ute i sola, når det er muleg !

I tunet dukkar det somme stunder opp både aper og tigrar :-O

Her ser ein litt av mangfaldet av fargar som var i gangen vår før me måla: rosa, to grønfargar og raud. På biletet er fyllingsdørane måla i fargen dei no skal ha : ein slags beige, med blå-grøne råmer.



Eta vil eg helst gjera sjølv no, ja! Stooorjenta!



Rundtom kyrkja har det vore og er hektisk graveaktivitet i vinter. Det er sprinkelanlegg som skal på plass, og nye røyrsystem, og eg veit ikkje kva.

Me har fått ein ny verdsborgar på Ornes, som me var og besøkte hin dagen. Veldig kjekt med vesle Johanna, som berre er eitt år yngre enn Thea Marie. 

Fargeangfald i gongen igjen....

Ha ein fortsatt fin vinter (vår?!)!