torsdag 22. august 2013

Skulestart og turistsesong på hell

No har kvardagen innhenta skuleungane/-ungdomen. Litt utfordrande å koma seg i seng til ei vetig tid, og like utfordrande å koma seg opp når klokka (eller ho mor) kling. Det tynkast og litt i turistrekkene etterkvart, og no har Kristin (som me leiger inn til kafedrift i høgsesongen) fått fri, så no er det underskrivne og lillesøster som trør til dei siste vekene. Men, det skal vera sagt, at den tidlegare så rolege vesle Thea Marie har no blitt meir aktiv og mobil, og ikkje minst vaken, så ho finn seg ikkje i å vera plassert i vogna bak disken med mor så veldig lenge i gongen ;-) Det må litt aktivisering til, og så hjelper det med "dikke-dikkande" besøk i kafeen! No i helga er det søskenbarntreff på låven, med middagsservering fredag og laurdag, og deretter byrjar det verkeleg å roa seg. Berre eitt cruise besøk att og ei veke til i kafeen, og så er det snart sydentur, og forhåpentleg ein fjelltur på meg og! Jau det vert saker! No for nett eit lysande cruiseskip forbi nede på fjorden - i mørket. Hausten er her, og kveldane er blitt mørkare. Då får me fram med stearinlys-behaldninga, og kveikja nokre lyspunkt her og der ;-) God helg!


Aktivisering på kafegolvet!

Dei søte små "revehalane" mine (som eigentleg skal vera ein del større - visst...?)

Svein har funne "gull" i grøne skogar

Ingvill var på tre dagars fotballskule før skulestart

Haustoppskrift nr.1: kantarell surra i godt smør, tilsett lauk og tilslutt rømme, salt og pepar. Mmmmmm

mandag 12. august 2013

Over ein månad...

har gått, og me skriv august. No lyt eg kika i kalendaren min for å hugsa kva me har stulla på med sidan sist. Og, det er visst litt av kvart ser eg ;-) Me har vore på Ålesund-tur, heile familien. Der var det gledeleg gjensyn med mormor/oldemor Eva. Ho bur på aldersleilighet i byen, og den var så heimekoseleg og fin - kjekt å sjå. Elles fekk me med oss eit besøk på Aksla (eg, far og minstejenta - dei to eldste hadde filmkveld med Amanda og Co hjå tante Unni til langt på kveld!) Heidi fekk med seg ein Ålesund kamp "live", saman med Amanda og grandtantene, som dei tapte...... Resten av familien var på Atlanterhavsakvariet medan dei andre var på kamp, og det var og ei flott oppleving! Me prøvde fiskelukka (utan så stort hell..) og me grilla og kosa oss. Vel heimkomne var det olsokfeiring her og der. Først var me på Kveken på tradisjonell feiring der med spekemat og godt tilbehøyr, så bar det i vegen til Sørheim og tradisjonell feiring der! Hestesko kasting og godt å eta og drikka - så det sto ikkje på oss den dagen :-) Ingvill har feira 10-års dag, og hatt overnattingsparty med ein jentegjeng nokre dagar seinare! Tenk at vesle Ingvill er 10 år!! Og: vesle Thea Marie har fått 4 tenner!! To oppe og to nede. Det har gått nesten smertefritt for seg, berre litt sutring og snørr nokre dagar før dei har synt seg som perler på snor. Ho er òg vorte veldig så mobil vetle frøkena. Ho rullar og skubbar seg over heile golvet, på jakt etter noko å utforska. Det er, og har vore, travle tider på Urnes Gard! Og, det er jo bra :-)) Må likevel innrømma at det vert godt med haust, og litt rolegare tider snart... Då skal eg gjera mykje kjekt då! Ta att det som er forsømt, som å vera litt meir sosial, arbeida litt med andre ting som ligg på vent, ++ Den 4.august var ein dag me var spente på, for då skulle me få besøk av ein VIP person på garden. Me rydda og reidde til, og grugleda oss til dette, og me undra på kven det kunne vera (for me fekk ikkje vita det av sikkerheitsmessige årsakar). Men, dagen kom og i e-post mappa låg det ei melding om at gjesten hadde avbrutt norgesbesøket - og ikkje kom på besøk likevel... Litt skuffa, må me innrømma. Og, mediene ville ha det til at Bill Gates var i Norge på ferie......, ein del ting som stemde med at han var den hemmelege gjesten, men dette fekk me aldri stadfesta...Ja, ja, så vart det ein "festkveld" i lavvoen på hjortefarmen på oss istadenfor. For maten måtte jo fortærast av "inkon", så då kunne det jo like godt vera  oss som kosa oss med den ;-) Fari huset hadde stor dag her om dagen, og feira med ein fjelltur med bror, svigerinne og Ingvill. Då dei kom ned att på sjølve dagen vart det grilling saman med naboane over, og korsang med "happy birthday" frå bærplukkarane så det ljoma mellom  veggane! Det var stasleg! No nærmar det seg skulestart, og me må vel snart prøva å snu døgnet på eit par jenter... Det vert no på ein måte litt godt å "koma i gjenge" att og. Og så har me jo syden-ferie å sjå fram til snart! Det er godt å ha i tankane, når mørket og etterkvart kulda  kjem snikande på.

Kvild i ei seng i eit sel på Kveken

 
Svein i hestesko-aksjon

(fekk ikkje til å snu dette), men det er frå olsok grilling på Sørheim

Thea Marie si første olsok-feiring

Ingvill prøver fiskelukka på Voldsdalsberga ved Ålesund

Like utanfor Atlanterhavsparken


Dykkaren omgitt av stor fisk fasinerte liten og stor!

På by'n med grandtanter og Amanda

Utsikt over Åle-byen frå Aksla

Ingvill feira 10 årsdagen i den uferdige, men du så praktiske nye-stova (stor og tom), då veranda planane gikk dukken p.g.a. regn...

VIP grilling i lavvoen ;-)

Mmmmmm....

 
40 års jubilanten med minste håpefulle i fanget!