No har kvardagen innhenta skuleungane/-ungdomen. Litt utfordrande å koma seg i seng til ei vetig tid, og like utfordrande å koma seg opp når klokka (eller ho mor) kling. Det tynkast og litt i turistrekkene etterkvart, og no har Kristin (som me leiger inn til kafedrift i høgsesongen) fått fri, så no er det underskrivne og lillesøster som trør til dei siste vekene. Men, det skal vera sagt, at den tidlegare så rolege vesle Thea Marie har no blitt meir aktiv og mobil, og ikkje minst vaken, så ho finn seg ikkje i å vera plassert i vogna bak disken med mor så veldig lenge i gongen ;-) Det må litt aktivisering til, og så hjelper det med "dikke-dikkande" besøk i kafeen! No i helga er det søskenbarntreff på låven, med middagsservering fredag og laurdag, og deretter byrjar det verkeleg å roa seg. Berre eitt cruise besøk att og ei veke til i kafeen, og så er det snart sydentur, og forhåpentleg ein fjelltur på meg og! Jau det vert saker! No for nett eit lysande cruiseskip forbi nede på fjorden - i mørket. Hausten er her, og kveldane er blitt mørkare. Då får me fram med stearinlys-behaldninga, og kveikja nokre lyspunkt her og der ;-) God helg!
Aktivisering på kafegolvet!
Dei søte små "revehalane" mine (som eigentleg skal vera ein del større - visst...?)
Svein har funne "gull" i grøne skogar
Ingvill var på tre dagars fotballskule før skulestart
Haustoppskrift nr.1: kantarell surra i godt smør, tilsett lauk og tilslutt rømme, salt og pepar. Mmmmmm
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar