No er turistsesongen slutt for Urnes Gard sitt vedkommande i år. Det betyr at ein kan vera litt sosial att :-) Det kjennes i grunnen godt å kunne gjera ting som har lagt på vent heile sommaren, som å besøkja folk att, og ha besøk. Putla litt i huset, som slett ikkje har vore noko særleg "putla med" gjennom sommaren... I går var f.eks ein fin dag: Thea Marie var først på 7 mnd. kontroll saman med dei andre smårollingane og mammane i barselgruppa. Kjekt å møtast sånn innimellom - vert som ei lita baby-liv-boble, der det er det som er i fokus, og det er godt i ein elles hektisk kvardag:-) Dessutan greitt å høyra at kaoset kan herska hjå fleire i liknande situasjon, og at ikkje alt er berre reine skjære idyllen heile tida ;-) Etter kontroll vart det kafebesøk med Anne Helen og Alexander - veldig triveleg det òg! Og som om ikkje det var bra med sosialisering, så vart det jammen ein tur til Hildegunn på kaffi og vafler òg! Og dèt var lenge sidan det... Alt i alt ein veldig triveleg dag for meg og minsten. Denne helga er eg og den største og den minste jenta heime aleine. Naboane har reist til Bergen på den årlege "Bønder i by'n"og Svein og Ingvill har reist til fjells med Dag og Bente, og vert der til søndag! Då er planen at me heimeverande skal kosa oss godt med god mat og laurdagsTV. Fare for at TV programma er noko einsformige no i desse valkamp tider..., men då har me alltids eit par usette filmar me kan ty til! Victoria av Hamsun er på mi ønskjeliste, men det spørs om eg får gjennomslag for den av eldste frøkena... Tja, tja, de må ha ei riktig, retteleg fantastisk helg vidare folkens! Legg ved nokre bilete av eldre dato i dag for å minna meg (og dykk andre)på at dei var så søte og små ein gong dei to eldste og. Ja, søte er dei sjølvsagt enda!!! Men, litt større.
Ingvill med oldefar, som tykte ho var ei flott jenta! Han er dessverre ikkje her lenger..
To solstrålar!
Stolt storesøster
Ingvill, Heidi og Kristian (på Ingvill sin 1 års dag)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar