mandag 23. september 2013

Haust og finevêr!

Iallefall i dag! Men for å oppsummera sidan sist: Søndag 8.sept. fortsette sosialiseringsprosessen ;-) med besøk på Sørheim. Kjekt med ein kaffikopp og prat på verandaen. Kristen og Thea Marie stulla på ute i finevêret, sjølv om Kristen helst hadde sett at han fekk vera med dei litt større ungane utanfor grinda, trur eg ;-)

Etterkvart kom Ingvill og Svein ned att frå ein lang og fin tur til fjells og. Til Dyrdalen var dei, og fiska hadde dei gjort òg - så det vart røykt fjellaure på skjeva til kvelds!

Sist måndag starta Ingvill på turn i Sogndal, så det blir visst det istadenfor dans dette semesteret iallefall. Spanande å prøva noko nytt! Eg jobbar vidare med kartlegginga for Lustramat innimellom amming, leik og bleieskift om dagane - og det går fint! Når mamma har gjort nok kontorjobb, seier Thea Marie ifrå om at no er det hennar tur, så den er grei!

Heidi er i gang igjen på ungdomsskulen, i 9 klasse(!), og det er stadig ting som skjer der òg. No på Fredag var dei på Nigardsbreen og gikk på bretur. 
Tre spreke klassevenninner!

Forrige helg var nesten heile familien på fjelltur til Nystølen - Thea Marie sin første! Eldste jenta var i bursdag, så ho vart "erstatta" med ei anna stor jenta som ville vera med! Bæremeis for første gong og det ga meirsmak det! Satsar på ein tur til før vinteren kjem, om veret held. 


"Best-stova" går det stadig framover med! Og no er det verkeleg flaumljos i andre sida av tunnellen :-)) Omn er komen på plass (og er fyrt i eitt par gonger alt), golvet er olja, lister og foringar er på plass - og måla/lakka. Så no er det golvlistene, elektrisk og møblar, så er me jammen i mål - HURRA! Og det blir bra, det er me alle einige om ;-)






Vesle Thea Marie gjer stadig nok nytt - og det nyaste er at ho sit sjølv, og reiser seg opp frå liggande til sittande sjølv! Er veldig stolt over bragden - det ser ein på heile ansiktet :-).

No er det måndag, eldstejenta og ei venninne er på loftet og har "avspasering" frå skulen. Thea Marie ligg og søv søtt i vogna ute (er ganske snørrete og forkjøla om dagen, men, men..) Etterpå skal me køyra mellomste jente på turn, og gjera litt erend i Sogndal bygdeby. Ha ei fin veke! (Og kryss for at sola skin som ho gjer no i mange dagar framover)! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar