onsdag 27. februar 2013

Vinterferien er over-permisjonen fortset :-)

Skulejentene er igang att etter vinterferieveka, som føregikk på følgjande vis: frisørtur og shopping i Sogndal for dei fire damene i familien (berre to til frisøren, sjølv om den tredje - og underskrivne- vel hadde trengt ein tur ho òg...). Me kom att med ei ny brunette og ei med blå stripe i håret ; ) Turgåing, og venninnebesøk, aking og ski i skitrekket på Ornes. Tur til Vesterland (leikeland) saman med søskenbarn. Bestemorbesøk og heimekos. Ikkje den store utfartinga, men avslapping og adspreiing likevel! Heidi er endeleg kome seg nokonlunde bra til att etter å ha hatt kyssesjuka (noko me/dei fann ut at ho hadde hatt langt om lenge) som har sett ho ut av spel med hovudverk og slappheit i fleire veker. Godt å sjå at ho har kvikna til att! Vesle Thea Marie veks og trivs, og me nyt til fulle å kunne gå spaserturar i solskin (bank i bordet), nesten kvar dag siste par vekene - luksus! I morgon vert det Thorbjørn Egner kveld på oss på skulen der Ingvill deltek! Det vert første kulturelle sak Thea Marie er med på! Ha ein fin dag i grend og by!
Etter endt trilletur er det kaffi på trappa!

Venninnebesøk

Godt å varmt i vogna på trilletur

 
På leikeland, Vesterland

Her var ho mor så raud i kinna, såg rett sunn ut ; )

Doningen...

søndag 17. februar 2013

Snart ein månad....

har gått sidan minste søster kom til verda. Det er som eg frykta: tida fyk avgarde, men det skal eg prøva å ikkje tenkja meir på : ) No er det vinterferie for storesøstrene, og i morgon vert det ein Sogndals tur på damene ihuset. Far lyt på arbeid. Eg må seia at det er veldig greit med permisjonstid og babyliv så langt. Det er ei grei tulle å ha med å gjera. Eg les bøker, skriv prosjektsøknader, bakar litt kaker til årets turistsesong og funderer på neste strikkeprosjekt. Jentene tykkjer visst det er heilt greit med ei heimeverande mamma og no. Litt rolegare morgonstunder er ikkje å forakta. Har hatt mykje koseleg besøk siste vekene, og vesle Thea Marie har fått såå mykje fint! Bleiekaka under er ei av gåvene - kreativ!

Ein liten kar helsar på ei lita jente

Bleiekake frå Henning og Co!

Søstre og søskenbarn stiller opp til teneste ved stellebordet!

lørdag 9. februar 2013

Ei heldig mamma!

Ja det er eg verkeleg! Eg har tre flotte jenter og ein kjekk og god far til dei. Han overraska meg igår med sjølvlaga marsipankake og tulipanar! Innimellom kjem det over meg, sikkert ispedd ein del ekstra hormon, men likevel: kor heldige me er som har tre fine, friske jenter. Det er inga sjølfølge eller noko ein bør ta for gitt. Me må ta vare på kvarandre og nyta tida som best me kan medan me kan! Veit det kan høyrast litt vel "klisje" og hormonelt ut ("ho sit der vel i ammetåka med tårene silande...", men jammen er det heilt sant : ). Iallefall: eg er verdas heldigaste mamma, berre sjå kor stas dei gjorde på meg med blomar og kake (og så er det noko tisking og hvisking og formaning om at eg må liggja litt lenger i senga i morgon tidleg....).

Dei siste par vekene har me hatt mykje kjekt besøk: onklar og tanter, slekt og vener som vil helsa på det nye familiemedlemmet. Å så mykje fint vesle jenta har fått! Det skal ikkje stå på garderoben framover! I morgon vert det ut på tur og litt grilling er planen. Om berre gradestokken ikkje kryp for langt ned under 0 då... Men sola skin om dagen, så det blir nok bra!
Klar til heimreise frå sjukehuset i Førde


Trilletur i soooolskin!

Hormonell mor...med ei kyr på hovudet

Bakarar i aksjon

Hurra for mor på morsdagen!!

mandag 4. februar 2013

Kom deg ut-dagen!

I går var det "kom deg ut dagen", og då var det sjølvsagt berre å komma seg ut! Dette vart andre trilleturen til vesle Thea Marie, og ho lika seg tilsynelatande godt ute i frisk luft, heldigvis. Ute på markene har dei fått opp eit lite skitrekk, til stor glede for dei yngste (og nokre av dei eldre òg, forresten ; ). Det vart testa ut for første gong på laurdag, og i går var det full fart i løypa. Det var akebrett som galt i går, og etterpå var det grilling av pølser, kake og kaffi. Og innimellom litt trilling. Kjekk kom deg ut dag - godt med litt frisk vinterluft!



fredag 1. februar 2013

VENTETIDA ER OVER!!

Og, me har fått heim verdas beste vesle-søster. Ho vart fødd den 23.januar! 51 cm lang og 3380 g tung - og heilt nydeleg! Som de kan rekna ut i frå forrige innlegg, var eg i Førde i 11 dgr. før vesla kom, og då med litt starthjelp. Desse dagane gikk med til strikking, lesa blad og bøker, sjå på TV og få besøk av dei beste: sambo og jentene mine. Dei kom på fleire besøk medan eg var i Førde og ruga. Det gikk kjempefint! Som med dei to forrige er ein jo like overraska over at det går an å overleva noko slikt...., men du verden kor fort ein gløymer det når vinsten vert lagt på magen din like etterpå! Far kom opp kvelden før, og stod last og brast med meg gjennom dagen. Dagen etter at vetle-jenta kom til verda, kom to spente storesøstre på besøk. Dei vart skyssa av tante Randi og søskenbarna: Eirill og Ylva. Det var to stolte storesøstre som helsa på vesle-søstra si for første gong!

Etter tre dagar kom far og søstre att og henta oss heim - ååå det var godt å koma heim att! Og så fint dei hadde rydda og ordna til me kom att! Vesle-syster har òg fått namn: Thea Marie heiter ho, og er snill og grei, og kjempesøt! No er planen å kosa seg glugg med ho og resten av familien, å nyta tida framover. For, denne tida får me ikkje att, og den går fort.