mandag 20. mai 2013

Mai, og endeleg kom våren, eller sommaren?!

Vips så var det nesten gått ein månad igjen. Det har no skjedd litt sidan sist, så me får prøva med ei oppsummering :-). Andre helga i mai var me i konfirmasjon på Nesodden, til Amanda, som er mitt søskenbarn - og den siste konfirmanten i den generasjonen på morssida. Det var ein kjekk tur, og vesle Thea Marie var snill og grei heile turen - og returen med! Fint å møta slekta att, ein del av dei er det sjeldan me ser. Stort sett samlast me ved slike festlege høve, så då vert det oftast ei stund imellom... Det var iallefall ei veldig fin helg og feiring! På oppatt vegen søndag var me innom Veikåker gård, og høyrde om dei hadde nokre høner til sals (!!), men til tross for at dei hadde 728 høner..., solgte dei ikkje det - berre egg. Men, no har me fått namn og nummer på ein høneleverandør, så då vert det nok høns på garden att snart får me tru ;-)

Elles har me feira 17-mai, Thea Marie sin første!! Feiringa foregikk i Solvorn, med tog, kyrkje, gryterett, is, pølser og leikar der (i for det meste sol og varmt vêr!). Etterpå bar det på teater med far og dei eldste jentene til Sørheim, medan mor og minsta vart heime.. Me var i grunn godt nøgde med feiringa då me kom att frå Solvorn :-)

Sesongen har såvidt byrja på Urnes Gard, og eg og syster Randi (og Thea Marie) har rigga kafe og låve ++ til gjestar. Me hadde pangopning i helga med middags- og overnattingsgjester laurdag, og frukost- og lunsjgjester søndag, samt open kafe begge dagar. Det var varmt og godt ver (over 20 grader) og masse folk! No vert det ope neste helg og, før me opnar "på orntli' 1.juni (som òg er dåpsdagen til Thea Marie. Og det er visst berre 14 dagar til !!! knapt.. ) Ja, ja, me har heldigvis gode hjelparar rundt omkring, og handlelista er så godt som klar. No skal me berre prata litt med presten og få resten på stell så blir det bra. Satsar på det blir ein flott dag!

I dag har me vore ein tur på Sørheim og feira onkel Kjell Ove som har bursdag, før me returnerte til bursdagsselskap til Ylva på låven! Heidi for avgarde i bursdag på Hafslo. Det var den pinsehelga :-)) God kveld i stuggu.

Ja, og gammelstova tek form! Puslespelet til Svein er på plass, muren ferdig pussa, og veggane frie for tapet og pussa (med pussemaskin)

Dorthe gensaren til Ingvill vart omsider ferdig..

Jenter på tur (i ein bilgarasje på Hønefoss)

Gjengen "henger ved frukt og godteri (!) sjappa"

Eg og tante Unni

Jentene mine og konfirmanten

Artige skilt på gardsutsalet på Veikåker gård

Ut på trilletur, aldri (nesten) sur :-)

Søskenbarntreff på kaia før avreise til Solvorn
 
Vesle-jenta i finstasen
 

Hipp hipp hurra for 17-mai!

 
Fine 17-mai jenter

Thea Marie hjelper til med klargjering av kafeen! Ein liten gledesspredar på disken!

Familien på benken