Elles har me feira 17-mai, Thea Marie sin første!! Feiringa foregikk i Solvorn, med tog, kyrkje, gryterett, is, pølser og leikar der (i for det meste sol og varmt vêr!). Etterpå bar det på teater med far og dei eldste jentene til Sørheim, medan mor og minsta vart heime.. Me var i grunn godt nøgde med feiringa då me kom att frå Solvorn :-)
Sesongen har såvidt byrja på Urnes Gard, og eg og syster Randi (og Thea Marie) har rigga kafe og låve ++ til gjestar. Me hadde pangopning i helga med middags- og overnattingsgjester laurdag, og frukost- og lunsjgjester søndag, samt open kafe begge dagar. Det var varmt og godt ver (over 20 grader) og masse folk! No vert det ope neste helg og, før me opnar "på orntli' 1.juni (som òg er dåpsdagen til Thea Marie. Og det er visst berre 14 dagar til !!! knapt.. ) Ja, ja, me har heldigvis gode hjelparar rundt omkring, og handlelista er så godt som klar. No skal me berre prata litt med presten og få resten på stell så blir det bra. Satsar på det blir ein flott dag!
I dag har me vore ein tur på Sørheim og feira onkel Kjell Ove som har bursdag, før me returnerte til bursdagsselskap til Ylva på låven! Heidi for avgarde i bursdag på Hafslo. Det var den pinsehelga :-)) God kveld i stuggu.
Ja, og gammelstova tek form! Puslespelet til Svein er på plass, muren ferdig pussa, og veggane frie for tapet og pussa (med pussemaskin)
Dorthe gensaren til Ingvill vart omsider ferdig..
Jenter på tur (i ein bilgarasje på Hønefoss)
Gjengen "henger ved frukt og godteri (!) sjappa"
Eg og tante Unni
Jentene mine og konfirmanten
Artige skilt på gardsutsalet på Veikåker gård
Ut på trilletur, aldri (nesten) sur :-)
Søskenbarntreff på kaia før avreise til Solvorn
Vesle-jenta i finstasen
Hipp hipp hurra for 17-mai!
Fine 17-mai jenter
Thea Marie hjelper til med klargjering av kafeen! Ein liten gledesspredar på disken!
Familien på benken
morro å følge med på dikka, og masse fine bilder! ha ei fin veke!
SvarSlettTakk for det! God veke til dikka og, Britt Kirsti😊
SvarSlett