Vi sitter i slørblå junikveld
og svaler oss ute på trammen
Og alt vi ser på har dobbelt liv,
fordi vi sanser det sammen.
Se - skogsjøen ligger og skinner rødt
av sunkne solefalls-riker.
Og blankt som en ting av gammelt sølv
er skriket som lommen skriker.
Og heggen ved grinda brenner så stilt
av nykveikte blomsterkvaster.
Nå skjelver de kvitt i et pust av vind,
- det er som om noe haster..
Å, flytt deg nærmere inntil meg
her på kjøkkentrammen!
Den er så svinnende kort den stund
vi mennesker er sammen.
[Hans Børli]
Enda nokre veker har gått, og dei har vore fyllt med litt av kvart - ikkje minst dåpen til Thea Marie forrige laurdag. Det vart ein fin dag, og jenta vart feira heile dagen til endes! Dåpen var i Urnes stavkyrkje, med prest Vegard Bondevik Lie. Vesle Johannes (som me er på barselgruppetreff med) vart og døypt her samme dag. Thea Marie var fin i dåpskjolen som mormor har laga (til Heidi i si tid) og som no er brukt av alle barnebarna deira. Mamma (mormor..) hadde og vunne å brodera på namna på alle "brukarane" (sydde visst både natt og dag på slutten...). Etter kyrkja var det heimelaga koldtbord og kaker på låven. Det var han far i huset som bestemde menyen, for det skulle vera likt med menyen i dåpane til dei andre jentene våre! Vesle hovudpersonen sov gjennom store delar av feiringa, men ikyrkja var ho vaken, og lurte i grunn på kva det var presten dreiv med (veiva med hender og søla med vatn ;-) Ein fin sermoni var det iallefall, og foreldri godt nøgde med dagen!
Kafeen har opna for sesongen, og eg og syster Randi deler på å vera kafevertar desse første vekene i juni, før Kristin byrjar fast frå ca. 20.juni. Thea Marie er kafeassistent, og sjarmerar kundar... I drivhuset veks det godt, og eg har fått hjelp av min kjære til å ordna mini-grønsakshagen min utanfor!! Yippi! No er den "bygd opp" i kassar (mindre ugras!) og det er lagt duk under og bark oppå rundt kassane -vart så bra atte. Thea Marie har rulla frå rygg til mage, og vart grualeg stolt over det :-) - og litt forundra på kva det var som eigentleg skjedde.. Ho har såvidt fått smaka litt på mors heimelaga havregraut med aprikos og banan, og det smaka bra såg det ut til :-)
Elles lakkarog lir det mot sommarferie for skulejentene òg. I kveld er det danseavslutning og -framsyning på Hafslo (har funne fram mini-høyrselsvern til Thea M! I morgon sommaravslutning på skulen i Solvorn.Utruleg kor fort eit skuleår går.. Og neste år har eg 5-klassing, 9 klassing og 1-ein åring... Ja, ja slik er det! Ha ein retteleg fin dag, og nyt sommaren!
Familie og faddrar
Fammilien Bugge/Wergeland og Vegard Lie ved nordportalen på kyrkja
Nam...
Hedersjenta sov seg gjennom det meste av koldtbordet
Ingvill og Marta sang Idas sommarvisa, og mamma "tuta" -sjølvsagt.. Vakkert!
Heidi og Thea Marie
Ingvill og veslesyster
og Thea Mariemed besteforeldra
Sommerfugl-bordkorta som me var så nøgde med! Og: Martas hjartebrownies
Mormor hadde laga dåpskaka
"Her er Thea Marie"
Grønnsaks- og urtehagen vår (ikkje så veldig grønt her enda, men ...kjem seg vel :-)
Strikkeprosjektet mitt no: genser til meg sjølv (etter oppskrift oversett frå engelsk av Amalie)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar