onsdag 24. april 2013

Bepanthen, byggje, dåp og syden!

Jepp, det var kort oppsummert ingrediensane i dette innlegget. For å byrja med det første først: eg er blitt ein vaskeekte Buzzador, og det må takast på alvor ;-). Det går kort og greit ut på å marknadsføra og testa ut ulike produkt ein kan få tilsendt. Eg har motteke mi første kampanje, som er kremen Bepanthen; ein salve som førebygger og pleier røde stumpar, då den er spesielt laga med tanke på spedbarnspleie, men kan og brukast på sprukne/tørre lepper og hender, ved solbrenning m.m. Den kan kjøpast på apoteket. Eg hadde fått ei lita testtube i ein baby-pakke frå apoteket tidlegare, så eg visste at denne er god! Det var kampanjeinfoen.

 
Byggje, ja... Eg og Thea Marie driv og "putlar" litt med å fjerna tapet av byggjeveggane på "gammel-stova" innimellom. Det er greit putl det desse regnvêrsdagane me har hatt siste veka! Det er innomdørs og under tak. Og, det vert såå fint, om eg skal seia det sjølv - og det gjer eg jo ;-) Damp-maskina" frå Biltema fungerer ganske greit, men tid tek det - forståss.


 

Gamle forsegla brev er brukt som tetting i sprekkene mellom tømmerstokkane

Fyllingsdørene skal og få seg eit strøk maling etterkvart.

Så var det dåp, ja. Kom plutseleg brått på at det må me jo ha! Så ordna det seg heilt fortreffeleg, med at ei av dei andre mødrene på barselgruppa kunne fortelja at dei hadde tinga dåp i Urnes stavkyrkje 1.juni! Bingo, det passa bra, så då fekk me henga oss på den. Så no må me snu oss litt rundt med invitasjonar, matplanlegging og slikt som høyrer dåpen til. Det vert bra, og me er heldige som har låven til disposisjon til selskapelegheiter!

Og sist, men ikkje minst: me skal på ferietur til hausten, til syden! Dette gledar jentene seg noko voldsomt til. Dei har hatt lyst til syden lenge, og no slo me til. Passar og fint, sidan vesle Thea Marie då (forhåpentleg ;-) ikkje har byrja å gå enda, og at eg har permisjon! Alt klaffa, og me gledar oss til sol, varme og ferie - og har starta nedteljinga (allereie...greit med noko å gleda seg til).
Til slutt ein link til ein fin sang: http://youtu.be/4Bkahcz3E1g

That's all for now folks, thank you and good bye :-))

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar