lørdag 9. februar 2013

Ei heldig mamma!

Ja det er eg verkeleg! Eg har tre flotte jenter og ein kjekk og god far til dei. Han overraska meg igår med sjølvlaga marsipankake og tulipanar! Innimellom kjem det over meg, sikkert ispedd ein del ekstra hormon, men likevel: kor heldige me er som har tre fine, friske jenter. Det er inga sjølfølge eller noko ein bør ta for gitt. Me må ta vare på kvarandre og nyta tida som best me kan medan me kan! Veit det kan høyrast litt vel "klisje" og hormonelt ut ("ho sit der vel i ammetåka med tårene silande...", men jammen er det heilt sant : ). Iallefall: eg er verdas heldigaste mamma, berre sjå kor stas dei gjorde på meg med blomar og kake (og så er det noko tisking og hvisking og formaning om at eg må liggja litt lenger i senga i morgon tidleg....).

Dei siste par vekene har me hatt mykje kjekt besøk: onklar og tanter, slekt og vener som vil helsa på det nye familiemedlemmet. Å så mykje fint vesle jenta har fått! Det skal ikkje stå på garderoben framover! I morgon vert det ut på tur og litt grilling er planen. Om berre gradestokken ikkje kryp for langt ned under 0 då... Men sola skin om dagen, så det blir nok bra!
Klar til heimreise frå sjukehuset i Førde


Trilletur i soooolskin!

Hormonell mor...med ei kyr på hovudet

Bakarar i aksjon

Hurra for mor på morsdagen!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar