onsdag 27. februar 2013

Vinterferien er over-permisjonen fortset :-)

Skulejentene er igang att etter vinterferieveka, som føregikk på følgjande vis: frisørtur og shopping i Sogndal for dei fire damene i familien (berre to til frisøren, sjølv om den tredje - og underskrivne- vel hadde trengt ein tur ho òg...). Me kom att med ei ny brunette og ei med blå stripe i håret ; ) Turgåing, og venninnebesøk, aking og ski i skitrekket på Ornes. Tur til Vesterland (leikeland) saman med søskenbarn. Bestemorbesøk og heimekos. Ikkje den store utfartinga, men avslapping og adspreiing likevel! Heidi er endeleg kome seg nokonlunde bra til att etter å ha hatt kyssesjuka (noko me/dei fann ut at ho hadde hatt langt om lenge) som har sett ho ut av spel med hovudverk og slappheit i fleire veker. Godt å sjå at ho har kvikna til att! Vesle Thea Marie veks og trivs, og me nyt til fulle å kunne gå spaserturar i solskin (bank i bordet), nesten kvar dag siste par vekene - luksus! I morgon vert det Thorbjørn Egner kveld på oss på skulen der Ingvill deltek! Det vert første kulturelle sak Thea Marie er med på! Ha ein fin dag i grend og by!
Etter endt trilletur er det kaffi på trappa!

Venninnebesøk

Godt å varmt i vogna på trilletur

 
På leikeland, Vesterland

Her var ho mor så raud i kinna, såg rett sunn ut ; )

Doningen...

2 kommentarer:

  1. hei! var innom bloggen din for nokre veker sidan for å sjå om det var noko nytt der, og der var det masse innlegg sidan sist jo! Så der låg eg med mobilen og omgangssjuka og kosa meg med å lese masse fine innlegg! :) så koselig å lese litt frå kvardagen dikka og sjå bilder! og ho veslemor er jo berre kjempeskjønne:) Nyt permisjonen og ha ein fine dag! klem Britt K

    SvarSlett
  2. Takk for det! Er innom og les nytt frå Nøkkeldalen innimellom. Kjekt å følgja med litt på kjentfolk, ja :-)

    SvarSlett