onsdag 13. mars 2013

Mars månad - vår i sikte?!

No er me kome til mars. Framleis ligg snøen ute, og det er ganske kaldt, men veldig fint vêr har me hatt! Sidan sist har det skjedd ein del. Det starta med Egnerkvelden som var 28.febr. Flinke elevar og lærarar ved Solvorn oppvekstsenter hadde laga teater med Kardemommeby og Karius og Baktus. Me har gått mykje trilleturar, i solskin stort sett! Og Thea Marie kosar seg i vogna, med store undrande auge som under, eller oftast sovande.
Så har me vore på Karneval i Solvorn. Masse utkledde små og store! Eg var "utkledd" som mamma (!), Ingvill var baby, Thea Marie leopard... og Heidi var "kledd ut" som ten-åring ; ) Kaffi og kaker og pinjata var noko av det me fekk med oss denne kvelden.


Torsdagar er Ingvill på dans på Hafslo, og då har me av og til overnatta hjå bestemor i Gaupne etterpå. Det gjorde me for første gong med Thea Marie sist veke. Under ligg søstre og søskenbarn og har kosestund på golvet hjå bestemor.

 Smila har vetlejenta gjort leenge, men ikkje alltid like lett å fanga augneblinkane. Her greidde me det! Thea Marie forandrar seg nesten frådag til dag med tanke på at ho meir og meir fokuserer på ting, grimasar som syner gleder og frustrasjon, smil og ho er meir vaken. Siste par dagane har ho vore veldig tett - natt og dag, og det er noko ekte drit, rett  og slett. Ikkje lett å drikka med tett nase. Lettar litt med saltvannsspray. Mellomste frøken har og hangla eit par dagar no.. Får tru basilluskar og andre kryp snart forsvinn langt vekk frå oss!
Bokbåten var på besøk her sist laurdag, og det var stapp fullt med born og vaksne som ville låna bøker! Klovnen Knut var suksess, og eg lo så tårene trilla (kjekt for både små og store born, altså ;-) Thea Marie tok det heile med stor ro....

Eit "sjeldan" bileteav mor og minste datter. Som oftast mor som er bak kamera.. 


To sjuke heimeverande jenter trøystar seg med kakao og pepparkaker (!)

Det har vorte fleire kjekke turar i mini-trekket på Ornes denne etterjulsvintaren, men no syngdet på siste verset, snøen er i ferd med å trekkja seg attende : )

1 kommentar:

  1. Lenge sidan eg har vore på bloggerne no, og jammen var det kommet mykje kjekt å sjå og lese sidan sist :-) Du må forresten ta vekk "meg om mitt"-bloggen frå lista, den er om mogeleg enda mindre aktiv enn "der ingen skulle tru" ;-)

    SvarSlett