lørdag 30. mars 2013

Meir påske!

I dag er det påskafta, og i dag er eg verkeleg nøgd med tingenes tilstand! Mannen og svoger Dag støypte golvet i det som skal bli spisestova i dag! Då kan me snart ta til på fjerninga av tapeten på tømmerveggane som me vil ha fram att, samt at taket må få seg eit målingstrok før me legg golv. Rundt omnen skal det støypast ned heller. Mellomste jenta var med tante og Co for andre dag på rad i trekket, og det var om muleg enda meir stas enn i går! Eldste framleis noko skranten i halsen, og derfor heime. Lammelår-middag vart nytta som "belønning" for støypejobb og ski-følgje, og medan låret godgjorde seg i omnen tok eg og Thea Marie oss ein runde rundt neset. Både mor og dotter kosa seg på trilling i fineveret. Eg snakka om "påske-kreka" som fann vegen frå kottet sitt og ned i stova i eit innlegg her tidlegare, og under ser de nokre av eksemplara... Elles har påska inneholdt basar på Sørheim, middag hjå slekta på Sørheim, kaffibesøk og avslapping. Heilt utruleg påskevêr i år, ein vaknar til klår blå himmel kvar morgon, og etterkvart ei strålande sol! Betre kan det ikkje bli. No har påskafta som sagt kome, gjestane har reist og far og mellomste dotter er på basar nr. 2 denne påska, denne gong her på Ornes. Resten av gjengen held oss i heimen resten av kvelden, med strikk, tv og påskeegg med godis i ;-)
Dag støyper golv!

Det står ikkje på påskeegga! Og samlinga veks kvart år....



 
Påskerosa mi!

Desse to snakkar vel for seg sjølve.....

Det spirer og gror i glaskarmen; paprika, tomater, purre og nokre blomar!

Dei to yngste på basar på Sørheim
 

Kaffibesøk på Sagi

Gåsungar med påskepynt på trappa

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar