tirsdag 26. mars 2013

Påskeferie med snørr og sol...

Jepp, me snørrar på vidare i solskinet. Vesla, og no ho mor sjølv hanglar enda; hostar og harkar, og sprayer saltvatn og otrivin både her og der. I det strålande veret som er no om dagen er det ikkje akkurat stas å halda seg inne, så i går tore me oss ut ein spasertur i sola, og i dag vart det ein tur på handel i Skjolden. Godt med nokre små utflukter. Mellomste håpefulle fekk vera med tante og familien til Turtagrø i dag, og det hadde vore heilt topp visst - sol og stille, kvikklunsj og kakao. Eldste jenta var med på handel, då ho ikkje er heilt i toppform att ho hell. Mannen har arbeida flittig siste dagane med å klargjera til støyping av golv i det som skal bli "beststove". Eg er litt handtlangar og kaffiberar innimellom bleier og mating. Påska har no uomtvisteleg kome i hus, og gule små krek i allemulege fasongar poppar fram.
Spisestova tek form...

 Jentene var med Marta på piknik ovom kyrkja her om dagen. Ingvill her i fritt svev....
Tante G kom med bæresjal som me måtte få litt instruksjon i bruken av. TM tykte det stod til!

 Ingvill var med onkel Dag og pappa på isfiske på Sørheim, og kom heim med lyr som me hadde til middag same dag!
Folk som kjem på visitt til oss kan få seg eit smil no. Ingvill har ordna "take a smile" plakat, der dei som vil kan ta eit smil:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar