søndag 6. januar 2013

Nyttårsfeiring,... og tilbake til kvardagen!

Nyttårskvelden var me hjå søster Randi og familien på nydeleg kalkunmiddag. Litt stjerneskot måtte me ut å tenna med visse mellomrom for å halda oss vakne. Ei snølykt vart det òg! Alle mann heldt seg vakne til "the big bang" kl. 00., og veret letta såpass at me såg godt over til Solvorn, Hafslo og Mollandsmarki sine rakettar òg!


 

Nyttårssveisen!





 
Så var det "pakkeleiken" ein ettermiddag. Truleg ein dansk tradisjon, sidan det er Marta som innførte den her for nokre år sidan ; ) Det er nesten som julafta om att i miniatyr: alle som er med tek med eit avtalt antal innpakka gåver (ikkje store og dyre!). Så triller alle rundt bordet ein terning, og dersom du får 6-ar får du velja ein pakke. Når alle pakkane er tatt, går trillinga av terningen på tid. I løpet av 10 min. kan du rappa pakkar frå andre dersom du får 6-ar når det er din tur. Det enda heldigvis med ein ganske bra fordeling på ant. pakkar pr.pers. Litt for ein kvar smak var det òg: frå opptrekkbar marihøne til godteri BH!!






Så vart det kvardag att,  og skulestart. Eg tok ein tur og fekk svineinfluensavaksine hin dagen, sidan det er tilrådd folk i "min tilstand" desse dagar, når så mange er influensasjuke. No er det atter helg, og i dag, laurdag, har me rydda vekk jula. No er me klar for eit nytt år! Måndag vert det tur til Førde og kontroll av mini i magen. Det nærmar seg med stormskritt, og me er spente og gledar oss til å helsa på veslesøster/-bror! (Fekk ikkje leggja inn bilete i dag - teknisk problem - men skal prøva att!)

2 kommentarer:

  1. Godt år t dikka.
    Likte frisyren t Ingvill,knall fine!!
    va da Ylva so vann BH-en?

    SvarSlett
  2. Ja, det var Ylva.. ; ) ! Godt nyttår til dikka og!

    SvarSlett