Medan nokon mest veks...., er det like mykje utvikling å sjå hjå andre i familien. Og då siktar eg først og fremst til minstejenta, som stadig syner nye ting ho kan og forstår. No klappar ho i hendene, vinkar, ristar på hovudet, krabbar, reiser seg delvis opp etter små krakkar og stolar og ho har i høgste grad personlegheit! Ho vert fornerma når livet går ho imot, og ho syner stor glede ved gjensyn av søstre etter ein skuledag og ho er litt lur innimellom ;-) Ikkje lange sovetidene på dagen lenger (av og til berre ein 20-30 min.!) Søskenbarna sine små kattungar er veldig spennande, så dei krabbar ho etter i ein viss fart og prøver å få fatt i. Storesøstrene har div. prosjekt om dagane, og sist natt etter turn i Sogndal overnatta Ingvill og papsen i båten i Gaupne. Største søster har starta konfirmasjonsførebuingar, og skal på ulike samlingar og møte framover. Og, som eg las på facebook her om dagen: det er berre 8,5 veker til jul (!). Lov å begynna å gleda seg litt då! I går var snøen kome godt nedover fjellsida bak oss - heilt ned til Salen visst. Ja, ja, det vil sei at det nærmar seg vår og det :-)
Trygt og godt på eit bestemorsfang
Sjarmtrollet
I haustsola storesøster og lillesøster
Du er flink å oppdatere du gitt! "Svigermor" er fast lesar av bloggen din, og eg trur kanskje det var eit hint inni der då ho sa at du var veldig flinkt til å skrive innlegg (i motsetning til visse andre :-)) - og det kan ho kanskje ha rett i sidan mitt siste var i februar... MEN, du må ta vekk linken til "Meg om mitt" i blogglista di, evt bytte den ut med "Der ingen skulle tru" istadenfor :-)
SvarSlett